Reiner Füllmich og Viviane Fischer har byrja sin historiske rettssak mot kreftene bak Covid-19-«pandemien»: «Urettferd mot éin er urettferd mot alle»

Laurdag 5.februar 2022 starta Koronaetterforskingskomiteen sin prosess med å reise tiltale om brotsverk mot menneskeheita, leia av dei tyske advokatane Reiner Füllmich og Viviane Fischer. Dei to har sidan juli 2020 hatt høyringar der dei har spurt ut mange ekspertar over heile verda om den koronarelaterte unntakstilstanden («pandemien») som har pågått i nesten to år. Dei har oppretta ei eiga nettside der ein kan følgje med på rettsprosessen. Her er utdrag frå skrivet dei har gjeve til media:

«Vi, ei gruppe av internasjonale advokatar og ein dommar, annonserer herved at vi vil utføre ei kriminell etterforsking modellert etter den amerikanske storjury-prosedyren. Denne storjury-etterforskinga tener som ein modell-lovprosedyre for å presentere til ein jury (beståande av verdas borgarar) alt per dags dato tilgjengeleg materiale av Covid-19-brotsverk mot menneskeheita mot «leiarar, organisatorar, igangsetjarar og medskuldige» som hjelpte, tilrettela og aktivt deltok i formuleringa og utføringa av ein felles plan for ein pandemi. Brotsverk som vil bli etterforska inkluderer alle handlingar utført av eller utelatne av ein person som følgjer eit felles design for å utføre Brotsverk mot menneskeheita, og alle slike kriminelle handlingar fordømt i ymse samfunn av jurymedlemmar rundt om i verda.

Denne etterforskinga er frå folket, av folket og for folket og vil bli referert til som «Folkets offentlege meiningsdomstol». Ettersom vi har vore ute av stand til å finne ein domstol for å høyre det faktiske bevismaterialet i det noverande systems rettssal, føretek vi denne prosederinga utanfor det noverande systemet og baserer det på naturrett. Dette er i sin tur fundert på den sterke trua at kvar person lett kan skilje mellom godt og vondt, og mellom rett og gale.

Antakelsen er at verdas regjeringar har kome under den kontrollerande påverknaden av korrupte og kriminelle maktstrukturar. Dei gjekk saman for å iscenesetje ein pandemi som dei har planlagt i årevis. Under det målet skapte dei med vilje massepanikk gjennom uriktige påstandar om fakta og ein sosialt konstruert psykologisk operasjon med meldingar som dei formidla ved hjelp av konsernmedia.

Føremålet med denne massepanikken var å overtale befolkninga til å samtykke til dei sokalla «vaksinane», som i mellomtida har blitt bevist å vere verken effektive eller trygge, men ekstremt farlege – til og med dødelege.

Den økonomiske, sosiale og helsemessige skaden som desse Brotsverka mot menneskeheita har påført verdas befolkning kan målast i billiardar av dollar.»

Dei skriv vidare:

«Målet med Folkets offentlege meiningsdomstols etterforsking er todelt: På den eine sida tener den som ein modellprosedyre for å reise tiltale mot nokre av dei kriminelt og sivilt ansvarlege nøkkelpersonane bak desse Brotsverka mot menneskeheita. På den andre sida tener den – gjennom å vise eit fullstendig bilete av det vi står mot, inkludert det geopolitiske og historiske bakteppet – som eit verktøy for å skape merksemd rundt:

  • Den faktiske kollapsen av det noverande, kapra systemet og dess institusjonar, og, som ein konsekvens
  • Kor naudsynt det er at menneske sjølve tek tilbake sin suverenitet, og
  • Kor naudsynt det er å stoppe tiltaka til denne plandemien ved å nekte å følgje dei, og
  • Kor naudsynt det er å kickstarte eit eige nytt system av helseomsorg, utdanning, økonomi og jurisprudens, slik at demokrati og lov og rett basert på grunnlovene våre vil bli reetablert.

Folkets offentlege meiningsdomstol arbeider uavhengig av noka regjering og nokon ikkje-statleg organisasjon.»

[Originalteksten bruker The Peoples’ Court of Public Opinion om denne naturrett-baserte domstolen.]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s