Michelle Obama sin ekskjærast bekreftar at ho eigentleg er ein MANN ved namn Michael Robinson

Sjå òg «Offisielle statlege dokument avslører Michelle Obama sine 14 år som MANN», publisert 23.februar 2023.

Det har lenge versert rykte om at kona til tidlegare president Barack Obama, Michelle Obama, eigentleg er ein mann. Dette har naturlegvis blitt avkrefta i mange faktasjekkar (deriblant av Politifact), men faktasjekkarar har på grunn av deira skandaløse sverteåtferd under «pandemien» mildt sagt tapt all truverd. No står David Upchurch, ein av ekskjærastane til Michelle, fram og hevdar at «ho» eigentleg er ein mann ved namn Michael Robinson, og fyrst vart «Michelle» etter å ha møtt Barack Obama og med det fekk ambisjonar om å bli Fyrstedama i USA.

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv (mi omsetjing):

«Ifølgje Upchurch, som var kjærast med Michelle Obama på high school [ungdomsskulen], er Barack Obama ein ‘heldig mann’, som har ein partnar som er so ‘talentfull og allsidig’ som den tidlegare Michael.

Avsløringa frå hennar tidlegare kjærast er det siste slaget for Michelle Obama sine politiske ambisjonar.

Sidan Biden ligg lågast i folkeopinionen av alle sitjande presidentar i historia, er Demokratane desperate etter at Michelle Obama skal tre fram på scena. Derimot dukkar bevis for den harde realiteten stadig opp og heimsøkjer den tidlegare Fyrstedama, og beviser at ho har levd ei løgn i fleire tiår.

Ifølgje offisielle dokument skaffa frå Illinois State Board of Elections, var Michelle Obama offisielt registrert til å stemme som ein mann frå 1994 til 2008. Dei offisielle dokumenta avslører òg at Obama offisielt skifta kjønnet sitt til kvinne i 2008, same året som ektemannen var presidentkandidat.

Dei offisielle dokumenta frå valstyret vart skaffa frå delstaten Illinois av dokumentarskaparen Joel Gilbert, som forklarer at han valde å ‘ta ei seriøs tilnærming’ for å lære om bakgrunnen til Michelle Obama, fordi hovudstraumsmedia ikkje vågar å gå nær det temaet.

Men Gilbert, som er liberal, forventa ikkje å finne bevis for at Michelle var registrert til å stemme som mann i fjorten år

Påstandane om at Michelle Obama er/var ein mann, kan sjåast i mellom anna denne videoen. Her er eit bilete av dei to i ungdomstida, der Michelle ikkje ser nemneverdig mannleg ut. Denne artikkelen inneheld bilete av Michelle frå ho var lita og heilt til ho var vaksen. Saksyndig er klar over at der finst fleire bilete og videoar på nettet der det kan sjå ut som det er noko i buksene hennar, og dette kan vere datamanipulert. Men det kan òg vere ekte. Kva trur lesaren?

Kommenter innlegget