Sjå òg «Trumps tidlegare Covid-19-rådgjevar innrømmer at ho og Fauci dikta opp ‘vitskapen’ bak sosial avstand og nedstengingar», publisert 27.juli 2022.
Har du nokosinne lurt på kvifor akkurat éin eller to meter vart valt som «trygg avstand» for å unngå smitte under «pandemien»? Har du klødd deg i hovudet over kva som kan vere vitskapen bak denne regelen om sosial avstand? Vel, der er ingen vitskap bak regelen. Alt vart dikta opp av USAs helse-tsar Anthony Fauci, som han sjølv har innrømt ved fleire høve. Zero Hedge rapporterer via The Epoch Times at Fauci under ei høyring i det amerikanske Huset relatert til covid-respons førre veke (veke 2), vart stilt nettopp spørsmål om det vitskaplege grunnlaget for seks fot (1,82 meter) sosial avstand i USA.
Han visste utruleg nok ikkje kor den regelen kom frå. Zero Hedge skriv (mi omsetjing):
«‘Den berre dukka opp, so å seie,’ fortalde han underkomiteen, som var eit uvanleg svar sidan han elles sa 100 gonger at han ikkje kunne hugse noko. Her innrømmer han derimot at der aldri var nokon vitskap bak det.
Det er særs merkverdig.
Denne regelen styrte alle sosiale interaksjonar i over to år.
Den øydela ting på alle måtar, fekk folk til å føle seg sjuke og isolerte, gjorde møte umogleg, og gav vekst til ei heil ritualrekkje av interaksjon som var fullstendig framande for menneske, inkludert å helse med olbogane og døype barn med vasspistol [!].
Det var difor skular venta so lenge med å opne igjen. Dei kunne ikkje garantere at elevar heldt avstand. Det er difor flyplassar var so fulle i folk. Alle prøvde å unngå alle andre. Det er difor parkbenkar vart sperra med band, det var difor berre 50% av toalettbåsar var opne, og det var difor du ikkje kunne arrangere bryllaup og gravferder. Denne greia vart handheva på alle nivå i samfunnet.
Og likevel sit her ‘nasjonens leiande vitskapsmann på smittsame sjukdommar’, som tok hand om pandemiresponsen, og seier i fullt alvor at han ikkje har peiling på kor denne ideen kom frå.
Tilbake i mars 2021, vart New York Times, av alle ærverdige tidsskrift, nysgjerrige på dette òg. Reporter Emily Anthes stakk og spurde seg rundt på Centers for Disease Control and Prevention (CDC) om påbodet og vitskapen bak det.
Ho siterer dr. Ashish Jha, dekan for Brown University School of Public Health.
‘Det slo meg aldri at seks fot var spesielt meiningsfullt i konteksten rundt føre-var-tiltak. Eg ønskjer at CDC berre ville gå ut og seie at dette ikkje er eit stort problem.’
Ho skreiv at opphavet til tilrådinga om seks fots avstand er litt av eit mysterium.
‘Det er nesten som den vart trekt ut av lause lufta,’ sa Linsey Marr, ein ekspert på virusoverføring ved Virginia Tech University.
Tidsskriftet Clinical and Infectious Diseases gjorde til og med ein stor studie der dei samanlikna seks fot og tre fots [0,9 meter] avstand. Den vart publisert i mars 2021. Forfattarane fann ingen betydeleg skilnad i smitteratar. Absolutt ingen. Dei konkluderte:
‘Kortare krav om fysisk avstand kan innførast i skulesettingar med munnbindpåbod utan å negativt påverke tryggleiken til elevar eller tilsette.’
Ingenting skjedde. Vi sat fast med seks fot.
So fort det vart eit handheva ritual, spelte ingenting noka rolle.
No veit vi at ikkje eingong Anthony Fauci veit kor den kom frå,
Men kom an. Nokon måtte då gje ordren. Kven gjorde det? Ein eller annan byråkrat på eit lågt nivå? Nokon som enno ikkje er namngjevne. Same kven det er, veit dei kven det er. Mange veit det. Men ingen snakkar ut om det. Det ser ut som det burde vere ein måte å kome til botns i dette.
Mest sannsynleg vart det eit resultat av ingenting anna enn irrasjonell fobi mot basillar og ein heimesnekra måte å tilfredsstille den impulsen. Men ta dette til ettertanke: éin persons personlege eksentrisitet vart altso ein regel for heile nasjonen og verda, utan at ein einaste studie sa noko som helst om ei avstemming eller spørjeundersøking. Det var berre massehysteri på steroidar, og ein og annan seljar vart nok styrtrik på å trykkje skilt og klistremerke til millionar av føretak, kyrkjer, flyplassar og skular rundt om i landet.
Det skjedde truleg slik som det plutselege munnbindpåbodet i St. Louis, Missouri, sist veke. Ein eller annan lågnivå-byråkrat sa det burde gjerast, og so skjedde det. Der var raseri over alt, som er særs gode nyheiter. Vakkert nok vart heile påbodet trekt tilbake innan 24 timar, og personen som fekk alt dette til å skje, vart latterleggjort og fordømt. Korleis vågar ho å fortelje alle andre kva dei skal gjere?
Vel, den typen ting herska over oss i over to år, berre byråkratar som sat og fann på ting. Noko av det var upraktisk, men det var òg særs dyrt og skadeleg. Til dømes fanga pleksiglasa som brått spratt opp overalt faktisk patogen over eit mindre rom og hindra ventilasjon, noko som stridde mot dei andre påboda. Ein kan argumentere for at påbodet gjorde smittespreiinga verre. Det formilda so visst ikkje viruset.
Det verkar som om alle desse edikta var meint å halde oss i ein alarmtilstand og opptekne med latterlege gjeremål fram til viruset kom. Det er difor Fauci ikkje brydde seg om dei. Det er difor CDC ikkje var spesielt interessert i den påståtte vitskapen bak noko av dette. Der var aldri nokon vitskap. Det var ingenting anna enn påføringa av irrasjonelle narrestrekar mot folket for å telje ned tida fram til den fabelaktige sprøyta kom. Berre for å setje prikken over i-en, so fungerte ikkje sprøyta!
Når ein ser tilbake – og mange vil ikkje sjå tilbake fordi det gjer for vondt – verkar det som om heile folket vart selt ei vare i vitskapen sitt namn. Det var bløff same kor du snur og vender på det. Enkelte av oss visste det på den tida og sa det. Vi vart fordømte, angripne og sensurerte for å gjere det.
Er det då rart at regjeringa, media og vitskapen generelt har fått øydelagt ryktet sitt fullstendig i dag, i heile befolkninga og over heile verda?
Det er difor det må skje oppdagingar og ansvarleggjering. Vi treng å vete kor dette kom frå.
Det kom ikkje ramlande ned frå skyene. Det var ei avgjerd gjort av menneske ein eller annan stad og basert på noko. Vi burde få vit på kva det er.
Dersom Fauci ikkje veit det, kven veit det so? CDC har hatt tre leiarar i denne tida: Robert Redfield, Rochelle Walensky og no Mandy Cohen. Dei burde alle fortelje det dei veit. Om dei ikkje veit det, burde dei gje namna på andre som dei trur kan ha gjort det. Kongressen burde deretter spørje desse folka og få dei til å seie kven dei trur det er. Vi burde gjere dette med kvar einaste idiotiske retningslinje som vart utstada i den perioden, om det so er seks fot, munnbind, handdesinfeksjon, éinvegskøyring i butikkhyller, stenging av kyrkjer, pleksiglas og alt anna.
Den djupare sanninga er at heile paradigmet er henta frå Det kinesiske kommunistpartiet (CCP) sin respons på SARS-1 i 2003, som i sin tur vart omfamna av Verdas helseorganisasjon (WHO).
Det er det ekte opphavet: det er ein kommunistisk taktikk av politisk kontroll ved å bruke ein smittsam sjukdom som orsakinga.
Dette traumatiserte nasjonen og verda. Det øydela alt. No har vi dører som ramlar av fly, berre for å seinare finne ut av produsenten måtte seie opp massevis av mekanikarar under nedstengingane. Vi har potensielt opprør i Ecuador, som hadde særs strenge nedstengingar som demoraliserte alle. Vi har enormt fråvær på offentlege skular overalt fordi ungane ikkje lenger gidd å møte opp. Vi har massiv mangel på faktiske arbeidarar med reelle evner og kunnskap, som slutta fordi dei gav opp og pensjonerte seg.
Nedstengingane og alt assosiert med dei øydela verda fullstendig. Covid-responsen sette heile den siviliserte verda i brann. I det minste skuldar dei oss ei forklaring for alt dette, og byrje med regelen om seks fots avstand. Dersom vi ikkje kan kome til botns i kor dette kom frå, er det ingen håp om å finne ut av resten av alt styret. Etterforskingane må byrje ein stad. Dei burde ikkje stoppe på minst 5-10 år!»
