Trumps tidlegare Covid-19-rådgjevar innrømmer at ho og Fauci dikta opp «vitskapen» bak sosial avstand og nedstengingar

Av Ethan Huff, Natural News, 25.juli 2022. Omsett av saksyndig.

Omtrent alt som vart tvinga på amerikanarane gjennom Wuhan koronavirus (Covid-19)-plandemien kom frå «vitskap» som Deborah Birx [president Donald Trumps tidlegare Covid-19-rådgjevar frå 2020 til 2021; oms.an.] seier at ho og Tony Fauci dikta opp ut av lause lufta.

Birx skreiv nyleg ei bok som inneheld talrike innrømmingar om brotsverka som ho utførde medan ho jobba som Donald Trumps Covid-19 «Task Force»-rådgjevar, der ei av dei var at sosial avstand og nedstengingar berre trong «to veker for å stoppe spreiinga».

Birx og Fauci trekte desse ideane ut av baken, ikkje frå nokon faktisk vitskap slik som duoen opphavleg hevda. Vidare innrømmer Birx no at ho laug til den tidlegare presidenten om kva som var naudsynt for å «flate ut kurven».

«Ikkje før hadde vi overtyda Trump-administrasjonen om å innføre vår versjon av tovekers-nedstenginga, før eg prøvde å tenkje ut korleis vi skulle forlenge den,» skryter Birx i sine memoarar, som fullt ut inkriminerer ho.

Sidan ho veit at der ikkje lenger finst rettferd og justis i USA, er Birx tydelegvis ikkje det spor uroa over sine innrømmingar. Trass alt, når skjedde det sist at ein statleg tenesteperson vart halden ansvarleg for å ha utført brotsverk mot menneskeheita?

«So desse 15 dagane for å stoppe spreiinga var berre ein utspekulert måte å få festa krokane deira i oss slik at dei kunne stengje oss ned lenger,» sa Fox News’ Jesse Watters i eit nyleg innslag om Birx og Fauci sine brotsverk mot menneskeheita.

«Og dersom du våga å forlate huset ditt, fortalde Birx oss, var sosial avstand den einaste måten å halde deg trygg.»

Watters sitt innslag kan sjåast her.

Dr. Peter McCullough seier at «skjerfdama» Birx utførde vitskapleg bedrag og villeia presidenten

Birx og Fauci spann ei rekkje løgner gjennom plandemien som kosta folk jobbane sine, levebrødet og i mange tilfelle livet deira, noko som gjer dei to skuldige i massemord.

Det amerikanske folket leid enormt under den vilkårlege politikken til Birx og Fauci, som ikkje stolte på vitskap, men på sine eigne vrangførestillingar og fantasiar rundt det å forme politikk gjennom den fabrikkerte krisa.

«Eg hadde enda opp på 10 fot [rundt 3 meter; oms.an.], vel vetande om at det var for mykje, men eg fann ut at 10 i det minste ville bli godteke av dei fleste amerikanarar,» skriv Birx nonchalant i boka si om korleis ho fann på sitt sosiale avstandstal.

På Twitter skreiv dr. Peter McCullough, legen som har vore ope motstandar til alle restriksjonane gjennom heile plandemien, at Birx, som han og mange andre kallar «skjerfdama», utførde alvorleg vitskapleg bedrag og villeia president Trump gjennom heile hans embete.

McCullough seier at amerikanarar vart tvinga av Birx og Fauci «inn i unaudsynte nedstengingar og restriksjonar basert på den falske trua at viruset spreidde seg blant friske menneske (asymptomatisk spreiing),» eit konsept som vart motbevist av reelle vitskapsfolk som gjorde uavhengige undersøkingar av temaet.

«Dei kosta landet vårt billionar av dollar og dei dikta det opp?» spurde nokon som les Zero Hedge om den økonomiske verknaden av Birx og Fauci sine pålegg.

«Vel, i det minste har tilliten blitt ugjenkalleleg øydelagt no,» svarte ein annan om korleis ingen lenger stoler på den amerikanske regjeringa. «Det er ingen veg tilbake.»

«Dei få hjernedaude folka som framleis friviljug går med munnbind, er anten hinsides all hjelp eller gjer det som eit åndssvakt politisk uttrykk… Hugs alltid at det heile tida handla om å få den ‘vaksinen’ pumpa inn i so mange som mogleg. No ser vi effektane av det.»

1 comments

Kommenter innlegget