Dersom apekoppar er ein seksuelt overførbar sjukdom blant menn som har sex med menn, kvifor får stadig fleire BARN den?

«Eksplosjon» av apekoppar hjå barn avslører omfanget av pedofili-epidemien i USA

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett og vesentleg forkorta av saksyndig.

Demokratar og det etablerte media har desperat forsøkt å dekkje over epidemien av pedofili og grooming som rir USA som ei mare. Uheldigvis for fornektarane kan ikkje apekoppar – ein seksuelt overførbar sjukdom som forårsakar utslett, sår og blemmer – nektast for og gøymast vekk.

Verdas helseorganisasjon (WHO) har åtvara at pride-festivalar og andre massesamlingar kan akselerere spreiinga av apekoppar, og WHOs Andy Seale erklærer at pride-festivalar burde finne stad som vanleg trass det faktum at viruset kan bli spreidd gjennom seksuell kontakt.

Resultatet er ein eksplosjon i tilfelle av apekoppar blant homofile. For to månader sidan avslørte den fyrste apekopp-pasienten som gjekk ut offentleg at han fekk viruset frå å ha homosex med «rundt 10 nye partnerar» etter å ha blitt utvist frå Dubai for å ha testa positivt for HIV.

Sidan den gong har viruset teke spranget frå homofile menn til barn.

CDC-direktør dr. Rochelle Walensky innrømte at to for CDC kjende tilfelle hjå barn har blitt «spora tilbake til menn som har sex med menn-samfunnet, samfunnet av homofile menn, og so, når vi har sett dei tilfella hjå barn, har dei generelt vore det eg kallar i nærleiken av samfunnet med størst risiko.»

Vent no litt. Samfunnet «med størst risiko»? Dr. Walensky snakkar openbert om det homofile samfunnet. Men det høyrest ut som om barna faktisk har størst risiko. Trass alt kan dei ikkje gje gyldig samtykke til seksuelle relasjonar. Det blir kalla lova. Som vanleg tenkjer venstresida på sine kjære minoritetsgrupper og ser fullstendig vekk frå barna.

[Kommentar frå saksyndig: For å sitere Marjorie Taylor Greene sin kommentar til videoen av dr. Walensky som ho har delt på Twitter: «Dersom apekoppar er ein seksuelt overførbar sjukdom, kvifor får barn den?»]

Eksplosjonen av apekoppar hjå barn avslører USA sin skitne, vesle løyndom.

Hundretusenvis av barn i USA forsvinn kvart år, der mange av dei fell i hendene på rovdyr som sel barna via pedofili-nettverk der barna blir offer for ufattelege lidingar.

Barn, unge gutar og jenter – nokon heilt ned i 9-årsalderen – blir kjøpte og selde for sex i USA. Snittalderen for ei ung dame til sals er no 13 år.

Sexhandel – spesielt når det gjeld kjøp og sal av unge barn – har blitt big business i USA. I 2011 var det den raskast veksande forma for organisert kriminalitet, og den nest lukrative ulovlege handelsvara etter narkotika og skytevåpen.

Som gravejournalisten Amy Fine Collins seier: «Det har blitt meir lukrativt og mykje tryggare å selje lett formbare tenåringar enn narkotika eller skytevåpen. Eit halvt kilo heroin eller ein AK-47 kan bli selt éin gong, men ei ung jente kan bli seld frå 10 til 15 gonger per dag – og ein ‘rettskaffen’ hallik konfiskerer 100% av det ho tener.»

Rutherford.org rapporterer at kvart andre minutt blir eit barn utnytta i sexindustrien.

Ifølgje USA Today, bruker vaksne minst 2,5 millionar dollar på kjøp av sex med barn i USA.

Kven kjøper eit barn for å ha sex med det? Heilt vanlege menn frå alle lag i samfunnet. I gjennomsnitt kan ein barn bli valdteke av 6000 menn i løpet av fem års «teneste». Ein estimerer at minst 100 000 barn – jenter og gutar – blir kjøpt og selt for sex i USA kvart år, der so mange som 300 000 barn er i fare for å bli offer for menneskehandel kvart år. Somme av desse barna blir bortført, andre har rømt heimanfrå, og andre blir selt inn i systemet av slektningar og kjenningar.

Dette er ein industri som dreiar seg om billeg sex i farta, der unge jenter og kvinner blir selde til 50 menn kvar dag for 25 dollar stykket [ca. 249 kroner; oms.an.], medan dei som kontrollerer dei stikk av med mellom 150 000 [1 495 000 kroner] og 200 000 dollar [1 993 200 kroner] per barn kvart år.

Dette er ikkje berre eit problem ein finn i større byar. Det skjer overalt, rett framfor nasane våre, i forstader, byar og tettstader i heile landet.

Ein estimerer at der finst mellom 100 000 og 150 000 mindreårige sexarbeidarar i USA. Desse jentene har ikkje friviljug gått med på å bli sexslavar. Dei blir lurt og tvinga til det. I dei fleste tilfella har dei ikkje noko val.

For å unngå å bli oppdaga (i somme tilfelle hjelpt av politiet) og tilfredsstille mannlege kjøparar si lyst for sex med ulike kvinner, har hallikane, gjengane og kriminalitetssyndikata som dei arbeider for gjort sexhandel om til eit høgst mobilt føretak, der jenter, gutar og kvinner konstant blir flytta frå by til by, frå delstat til delstat, og frå land til land.

Det er ingen tvil: dette er eit høgt profitabelt, høgt organisert og høgt sofistikert sexhandelsføretak som opererer i både store og små byar, og håvar inn 9,5 milliardar dollar per år i USA åleine på å bortføre og selje unge jenter for sex.

Kvart år blir jentene som blir kjøpte og selde yngre og yngre.

Snittalderen på dei som blir brukt til sexhandel er 13. Desto verre, som leiaren av ei gruppe som kjempar mot sexhandel poengtere: «Lat oss tenkje over kva snittalder tydar. Dette tydar at der er barn yngre enn 13. Det vil seie 8-, 9- og 10-åringar

For ti damer som blir redda, er der 50 til 100 fleire som blir skaffa av menneskehandlarane. Uheldigvis er dei ikkje 18- eller 20-åringar lenger,» sa eit 25 år gammalt offer for sexhandel. «Dei er mindreårige so unge som 13. Dei er små jenter.»

Kor kom denne appetitten for unge jenter frå? Sjå rundt deg. Unge jenter har blitt seksualiserte i årevis no i musikkvideoar, på reklametavler, i TV-reklamar, og i klesbutikkar. Marknaden har skapt eit behov for ungt kjøt og ei førebudd forsyning av overseksualiserte barn.

«Alt som skal til er ein titt på MySpace-bileta til tenåringar for å finne døme – dersom dei ikkje driv og imiterer porno dei faktisk har sett, imiterer dei porno-inspirerte bilete og kroppsposisjonar som dei har teke til seg andre stader,» skriv Jessica Bennett for Newsweek. «Lateks, korsett og høghæla sko, som ein gong var mote blant pornostjerner, har funne vegen inn på ungdomsskulen.»

Bennett refererer til dette som «pornifiseringa av ein generasjon».

«I ein marknad som sel høge hælar for babyar og stringtruser for 12-åringar, treng ein ikkje vere eit geni for å sjå at sex, om ikkje porno, har invadert liva våre,» konkluderer Bennett. «Om vi ønskjer det velkomen eller ikkje, fraktar TV det inn i stovene våre og nettet fraktar det inn på soveromma. Ifølgje ein 2007-studie frå University of Alberta, har so mange som 90% av gutar og 70% av jenter i alderen 13 til 14 år sett på seksuelt eksplisitt innhald minst éin gong.»

Med andre ord groomar kulturen desse unge menneska til å bli bytte for seksuelle rovdyr. Og so lurer vi på kvifor våre unge kvinner blir om til bytte, sexhandel og misbruk?

Sosiale media gjer det altfor lett. Som eit nyheitssenter rapporterte: «Å finne jenter er lett for hallikar. Dei ser på MySpace, Facebook og andre sosiale nettverk. Dei og assistentane deira går rundt på kjøpesenter, ungdomsskular og mellomklasseskular. Dei plukkar dei opp på busstopp. På toget. Jente-til-jente-rekruttering skjer òg.» Fosterheimar og ungdomshospits har òg blitt primærmål for menneskehandlarane.

Desse jentene byrjar sjeldan å prostituere seg friviljug. Mange byrjar med å rømme heimanfrå eller å bli kasta ut av heimen, for berre å bli fanga opp av hallikar eller større sexringar. Andre, overtala til å møte ein framand etter å ha snakka på nettet gjennom dei mange sosiale nettverka, finn seg sjølv raskt innvigde i sitt nye liv som sexslavar.

Med eit veksande behov for seksuelt slaveri og ei endelaus forsyning av jenter og kvinner som kan bli mål for bortføring, er ikkje dette eit problem som vil forsvinne i næraste framtid.

For dei som blir offer for sexhandel, er det eit mareritt frå byrjing til slutt.

Dei som blir selde for sex har ein forventa gjennomsnittleg levealder på sju år, og dei åra er eit levande mareritt av endelaus valdtekt, neddoping, audmjuking, fornedring, trugslar, sjukdommar, graviditet, abortar, spontanabortar, tortur, smerte, og alltid den konstante frykta for å bli drepne, eller, verre, å få dei du elskar skadde eller drepne.

Peter Landesman skriv til fulle om det fryktelege livet til dei som er offer for sexhandel i sin artikkel i New York Times, «The Girls Next Door». [artikkelen ligg bak betalingsmur; oms.an.]

Immigrasjons- og tollagentar ved Cyber Crimes Center i Fairfax i delstaten Virginia, rapporterer at når det gjeld sex, har appetitten til mange amerikanarar no endra seg. Det som ein gong vart sett på som unormalt, er no norma. Desse agentane sporar ein skarp auke i behovet for grovare porno på Internett. Som ein agent sa: «Vi har blitt desensitivert av det milde materialet; no treng vi hardare og hardare ting.»

Ein vanleg tråd som er voven gjennom erfaringane til mange overlevande, er å bli tvinga til å gå utan søvn og mat til dei har møtt sin sex-kvote på minst 40 menn. Ei dame erindrar korleis han som kontrollerte ho tvinga ho til å leggje seg med ansiktet ned på golvet då ho var gravid, og deretter tok han og bokstavleg tala hoppa på ryggen hennar, og fekk ho til å misse barnet.

Ein spesifikk sexhandelring baserte seg spesielt på omreisande sesongarbeidarar på gardar i dei søraustlege delstatane, spesielt Nord- og Sør-Carolina og Georgia, sjølv om det er eit blomstrande føretak i kvar delstat i landet. Dei ansvarlege transporterte damene frå gard til gard, der dei omreisande arbeidarane stiller seg i kø utanfor skur, so mange som 30 i slengen, for å ha sex med dei, før dei vart transporterte til nok ein gard der heile prosessen gjentok seg på nytt.

Denne veksande vondskapen er, for alle intensjonar og føremål, no framme i lyset.

Damer og barn blir reklamerte for på Internett, transportert på motorvegen og kjøpte og selde i elegante hotell. Faktisk, som eg gjer tydeleg i boka mi Battlefield America: The War on the American People, har regjeringa sin krig mot sexhandel – på liknande vis som regjeringa sin krig mot terrorisme, narkotika og kriminalitet – blitt ei perfekt orsaking for å påføre fleire politistat-taktikkar på eit sårbart folk, medan dei gjer lite for å gjere samfunnet tryggare.

So kva kan de gjere?

Utdann dykk sjølve og barna dykkar om denne veksande trugselen i samfunnet vårt. Stopp med å mate monsteret: Sexhandel er del av eit større kontinuum i USA som køyrer heile spekteret frå heimløyse, fattigdom og problem med sjølvbiletet, til seksualisert TV, herleggjering av hallik/hore-kulturen – det som ofte blir kalla pornifiseringa av USA – og sex som ein milliardindustri bygt på pornografi, musikk, underhaldning, etc.

Denne epidemien er i stor grad ein vi sjølv har bidrege til, spesielt i ei tid der verdien av eit menneskeliv må gje plass for profitt. Det er estimert at pornoindustrien genererer meir pengar enn Amazon, Microsoft, Google, Apple og Yahoo.

Be dine byrådsmedlemmar, folkevalde og politidistrikt om å gjere kampen mot sexhandel til deira største prioritet, endå meir enn dei sokalla krigen mot terror og narkotika, og militariseringa av politiet.

Slutt å tiltale vaksne for offerlause «brotsverk» slik som å dyrke salat i hagen, og fokuser på å få vekk hallikane og kjøparane som gjer offer av desse unge damene.

At so mange damer og barn held fram med å bli gjort om til offer, mishandla og behandla som menneskelege handelsvarer skjer på grunn av tre ting:

  1. Eit forbrukarbehov som blir stadig meir lukrativt for alle som er involvert – bortsett frå offera
  2. Eit nivå av korrupsjon so gjennomsyrande både i lokal og internasjonal målestokk at der finst lite håp om å kunne jobbe gjennom etablerte kanalar for å få til ei endring
  3. Ei uhyggjeleg stillheit frå dei som mislykkast i å snakke ut mot slike fælslege ting.

Men sanninga er at vi alle er skuldige i å bidra til denne menneskelege lidinga. Dei som utfører sexhandelen er skuldige. Forbrukarane er skuldige. Dei korrupte polititenestemennene er skuldige. Kvinnegruppene som gjer ingenting er skuldige. Dei utanlandske fredsbevararane og hjelpearbeidarane som bidreg til behovet for sexslavar er skuldige. Mest av alt, alle dei som ikkje skrik ut i raseri og forferdig over alt det fryktelege som blir gjort mot kvinner og barn i nesten kvar nasjon rundt om på kloden – inkludert USA – er skuldige.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s