Henta frå The Covid Blog. Omsett og noko forkorta av saksyndig. Synspunkta i omsetjinga gjenspeglar dei til The Covid Blog, ikkje dei til saksyndig. Meir om dette i kommentaren etter omsetjinga.
Ein 26 år gammal motebloggar, designar, forfattar og påverkar er no det mest ekstreme tilfellet av post-injeksjons-menstruasjonssyndrom (PIMS) som vi har dekt på The Covid Blog. Og hovudstraumsmedia famlar etter kontroll over forteljinga sidan dette fenomenet ikkje lenger kan bli ignorert eller gøymt vekk.
Vi skreiv tidlegare denne veka om korleis NBC News anerkjenner at vaksinerte damer over heile verda opplever ei rekkje forstyrringar i menstruasjonen. Men no er det tydeleg at nemnde historie berre slapp til på NBC News-plattforma som del av ein gje-og-ta-propaganda-taktikk. Denne artikkelen brukte ord som «menstruerande menneske» med ei overskrift som laud «42% av menneske… blødde kraftigare». Denne bevisste giftpilla verka perfekt. Dei fleste Twitter-kommentarane var om den liberal-feministiske agendaen androgyni [både mannlege og kvinnelege trekk; oms.an.] og det å slette ut damer i sin heilskap, i staden for ein diskusjon av PIMS-fenomenet.
Nemnde agenda speler seg ut på dei mest surrealistiske måtar ein kan tenkje seg. Demetrius «Demi» Minor er ein kriminell som vart dømt til 30 års fengsel for uaktsamt drap og bilkapring tilbake i 2011. Han gjekk lei av å bli banka opp i ti år i eit mannefengsel i New Jersey der han høyrer heime. I fjor innførde New Jersey Department of Corrections ein politikk som lèt men som seier dei er damer, bli plassert i kvinnefengsel. Minor (27) byrja raskt å gå med augesverte og påstod at han var ei dame. Han vart flytta til eit kvinnefengsel i fjor haust. Minor vart flytta igjen sist veke, denne gongen til eit ungdomsfengsel for menn, etter å ha gjort to damer i kvinnefengselet gravide under «samtykte seksuelle forhold». Kvar ein mann i California, Illinois, New Jersey eller visse andre delstatar kan no begå horrible brotsverk, umiddelbart ta på leppestift og bli fengsla med damer.
I mellomtida, mindre enn tre veker før NBS News sin artikkel om PIMS, skreiv Time Magazine ein artikkel som handla om ein studie publisert i tidsskriftet Nature Communications. Den konkluderte at mRNA og viralvektor-DNA-injeksjonar «har målbare fordelar for mor og barn». CDC oppdaterte sine retningslinjer 14.juli, og tilrådde at gravide, ventande gravide og ammande kvinner fekk mRNA- og viralvektor-DNA-injeksjonane. Heile sida er full i ekstremt uforsvarleg, farleg propaganda, spesielt det at «covid-19-vaksinering under graviditet er trygg og effektiv».
Alt dette er grunnen til at kanskje fleire titals millionar damer over heile verda lid i stillheit med dette svært personlege og intime helseproblemet som er forårsaka av eksperimentelle injeksjonar.
Den norske motebloggaren
Anniken Englund Jørgensen, òg kjent som Annica Englund, er frå Drammen. Ho var med i ein episode av Big Brother i 2012, då ho var berre 15. Jørgensen starta ein moteblogg rundt den tida. Ho hadde 82 000 Instagram-følgjarar innan 2014.
Vi reknar med at frøken Jørgensen vart fødd inn i rikdom, fordi ho vart skildra som ein «rik motebloggar» i nettserien frå 2014 kalla Sweatshops: Deadly Fashion. Ho hadde ikkje på langt nær nok nettrafikk og Instagram-følgjarar til å tene millionar på eiga hand på det tidspunktet. Frøken Jørgensen framstod òg fullstendig uvetande om kambodsjanske slavefabrikkar [engelsk sweatshop] og dei generelle forholda i landet under fyrste halvdelen av episode 1 av serien. Asiatiske slavefabrikkar er heller ikkje ein slags global løyndom.
Frøken Jørgensen og to andre velståande motebloggarar frå Noreg reiste til Phnom Penh for å lære alt om slavefabrikkar og kambodsjansk liv. Dei opplevde på eiga hand arbeidsprosessen ved å jobbe på ein slavefabrikk éin dag. Dei overnatta òg ei natt heime hjå ein vanleg slavefabrikkarbeidar.
Programmet var ganske føreseieleg. Frøken Jørgensen, då ho fyrst såg tekstilarbeidaren (les: slaven) sin heim, sa ho «badet vårt er større enn heile huset hennar». Episoden kan sjåast her.
Nokre få lesarar undra seg over om Frøken Jørgensen bruker plattforma si i dag (som har 277 000 Instagram-følgjarar) til å bringe merksemd til kambodsjanske slavefabrikkar. Vi kunne ikkje finne noko innhald på plattformane hennar etter 2015 som nemnde Kambodsja.
I dag har frøken Jørgensen ein serie venleiksprodukt som er kalla Natalie by Anniken. Ho har òg skrive to bøker: Just Give Me One More Night (2019) og And Then Came The Rain (2021). Ho vart skulda for plagiat i den fyrste boka si av den australske forfattaren Beau Taplin. Dei fleste omtalar av bøkene er heller ikkje spesielt flatterande.
Ho er i dag forlova.
«Hjartet mitt kjennest so trist»
Det er uklart nøyaktig når frøken Jørgensen tok injeksjonane. Men eit langt innlegg som vart publisert på Instagram 2.november var fyrste teiknet på at noko var svært gale. Ho sa at ho tok ei «prevensjonssprøyte» i juni 2021. Vi reknar med at ho snakkar om Depo-Provera-injeksjonen, som naturlegvis er produsert av Pfizer. Det er òg rimeleg å anta at, basert på spor på Instagram-sida hennar, at frøken Jørgensen fekk Pfizer mRNA-injeksjonen rundt same tid.
Ho sa i november-innlegget at «eg har blødd heilt sidan» prevensjonssprøyta. Ho inntok talarstolen frå der av. Ein liten del av det ho skreiv:
«Eg vil ikkje gjere dette meir, og på same tid vil det verste for meg vere å bli gravid, eg ønskjer ikkje å få barn og eg vil ta abort (eg føler at eg må vere ærleg om det).»
Frøken Jørgensen byrja å hinte i desember at Pfizer-injeksjonane forårsaka problem med menstruasjonen.
Ho prøvde å leve eit normalt liv. Men frøken Jørgensen var no ei dame som opplevde evig mensen. Ho publiserte ei Instagram-historie i februar. Ho skreiv igjen at ho ikkje ville ha barn, og ikkje bryr seg om kjærasten går frå ho på grunn av det. Ho sa at ho heller ville adoptere, og ser ut til å erkjenne at ho aldri vil kunne bere fram eit barn sjølv om ho måtte ønskje det.
Igjen prøvde ho å leve so normalt som mogleg. Ho sa ingenting meir om menstruasjonsproblema til no ganske nyleg. Men denne gongen sa ho, i meir sikre termar, at blødinga starta etter hennar andre Pfizer mRNA-injeksjon:
«Det har vore eit heilt år med bløding kvar einaste dag bortsett frå halvannan månad. Eg har blødd like mykje denne perioden som ei dame gjer heile sitt liv. På eitt år.»
Ho var svært vag i sitt nyaste innlegg. Men ho verkar meir slegen enn på noko anna tidspunkt i sitt Instagram-«liv».
Kommentar frå saksyndig: Anniken Jørgensen, som mellom anna har delteke i «Farmen Kjendis» og «Skal vi danse», vart sitert i ein artikkel i VG som vart publisert 19.juli 2022. Artikkelen antydar at ho skreiv følgjande innlegg same dag (tysdag):
«Jeg er veldig veldig veldig lei meg for å si at jeg har begynt å blø igjen. Jeg er knust. Prevensjonen, det var mitt eneste alternativ igjen, ser ikke ut til å være sterk nok til å holde blødningen tilbake».
Ho skriv vidare:
«Det er ikke bare at man har ‘mensen’, men det kommer i tillegg ganske mye psykisk oppi dette. Det er utmattende på alle plan, rett og slett.»
På spørsmål om kva ho gjer for å halde motet oppe, svarer ho:
«Mot og mot, det er ikke så mye å gjøre. Jeg kan ikke bare legge meg ned i mitt eget blod å [sic] håpe at det går over en dag. Jeg føler jeg skriker ut om dette overalt, men jeg får ikke noe svar. Jeg vil bare ha tilbake kroppen min, skriver Jørgensen.»
I artikkelen kjem det fram at ho tidlegare i år skreiv på Instagram at ho på dåverande tidspunkt hadde blødd i sju månader (!):
«Jeg har blødd i syv måneder nå. Jeg har prøvd alt jeg kan. Blodprøver, gynekolog, flere ganger, fire ulike medisiner og nå prevensjon.»
Etter mitt syn ser The Covid Blog ut til å uttrykkje mangel på empati overfor Anniken, og at ho nesten ser ut til å fortene den evigvarande menstruasjonen, som «straff» for at ho er ei «rik, norsk blondine» som for mange år sidan var uvetande om dei horrible arbeidsforholda i land som Kambodsja. VG-artikkelen stiller seg sympatisk til Anniken sine lidingar, men kjem på ingen måte med kritikk mot dei livsfarlege korona-«vaksinane». To etter mi meining ubalanserte artiklar, som til saman gjev eit so tydeleg som mogleg bilete av situasjonen Anniken og mange andre damer over heile verda no står i. Framtida er på vent, og kanskje avlyst, på grunn av ein menstruasjon som aldri tek slutt.
(Artikkelen til The Covid Blog seier at Anniken er 25, medan VG-artikkelen seier ho er 26. Eg har valt å bruke alderen som VG bruker.)