Henta frå The Exposé. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Dr. Tedros, generaldirektøren i Verdas helseorganisasjon (WHO) har overstyrt WHO-komiteen si avgjerd og på eiga hand erklært Covid-19-vaksine-indusert helveteseld (apekoppar) ei folkehelsekrise av internasjonal tyding.
Den uventa og svikefulle avgjerda til generaldirektøren tydar at alle WHO sine medlemsstatar, inkludert USA, Storbritannia, Australia, Canada, New Zealand og Europa no er juridisk forplikta til å respondere og handle.
Verda blir fortalt at apekoppar aukar i land som USA, Storbritannia, Australia, Canada og størstedelen av Europa.
Men evidens antydar at dette er ei løgn, og at det faktisk er eit forsøk på å skjule dei uventa konsekvensane av Covid-19-vaksinering. Sjølv WHO sin krisekomité veit dette, fordi dei no har møttest to gonger på éin månad, og begge gongene stemt imot å erklære «apekoppar» ei folkehelsekrise av internasjonal tyding.
Derimot, i staden for å følgje den demokratiske og vitskaplege avgjerda til WHO, valde deira generaldirektør, dr. Tedros, i staden å erklære «apekoppar» for ei internasjonal folkehelsekrise 23.juli 2022.
Og under dei internasjonale helseretningslinjene (IHR), er statar juridisk forplikta til å respondere raskt til ei internasjonal folkehelsekrise, noko som tydar at vi mest sannsynleg er i ferd med å bli vitne til Covid 2.0.
Men korleis kan vi vere sikre på at apekoppar er eit dekke for Covid-19-vaksine-indusert helveteseld og andre plager?
Ta fyrst ein titt på desse to karta. Det eine viser land der tilfelle av «apekoppar» har blitt rapportert til WHO sidan mai 2022, og det andre viser hovudfordelinga av Pfizers Covid-19-injeksjon per land. Bortsett frå eit par land, er der ingen eigentleg skilnad, og kvart land som har rapportert påståtte tilfelle av apekoppar sidan mai 2022, der dei ikkje allereie var endemiske, er eit land som òg har distribuert Pfizers Covid-19-injeksjon.
Ifølgje ein vitskapleg studie publisert i 1988, er det omtrent umogleg å skilje mellom apekoppar og kyllingkoppar.
Og kyllingkoppar er forårsaka av varicella-zoster-viruset, og akkurat som deira nære slektning herpes simplex-viruset, blir det ein livsvarig bebuar i kroppen.
Og som deira andre søskenbarn, genital-herpes, kan varicella liggje sovande i mange år, der det gøymer seg inni nerveceller og kan reaktiverast seinare, noko som skaper problem i form av den smertefulle hudsjukdommen helveteseld, som er eit blemmefylt, brennande hudutslett.
Uheldigvis, eller heldigvis, avhengig av om du valde å ta Covid-19-injeksjonen eller ikkje, antydar offisielle statlege data og konfidensielle Pfizer-dokument sterkt at Covid-19-injeksjonen kan vere i ferd med å reaktivere det sovande kyllingkoppe-viruset eller herpes-viruset på grunn av den skremmande skaden den gjer på immunforsvaret.
Dette er mest sannsynleg det som har skjedd med Justin Bieber, som har fått halvsidig lammelese av ansiktet og blitt tvinga til å avlyse sin komande turné. 10.juni publiserte han ein video der han avslørte at halvparten av ansiktet hans er lamma etter at han vart diagnostisert med Ramsay Hunt-syndromet. Syndromet er forårsaka av same viruset som forårsakar kyllingkoppar, og oppstår når eit utbrot av helveteseld påverkar ansiktsnerven nær eitt av øyra dine. I tillegg til det smertefulle helveteseld-utslettet, kan Ramsay Hunt-syndrom forårsake ansiktslammelse og tap av høyrselen i det råka øyret.
Tilstanden råkar typisk menneske over 60 år, med mindre du har blitt vaksinert mot Covid-19, som i sin tur har øydelagt immunsystemet ditt, som fører til reaktivering av varicella-zoster-viruset.
Det amerikanske Food and Drug Administration (FDA) prøvde å forseinke publiseringa av Pfizer sine Covid-19-vaksinetryggleiksdata med 75 år, trass at dei godkjende injeksjonen etter berre 108 dagars tryggleiksgjennomgang 11.desember 2020. Men i tidleg januar 2022 gav den føderale dommaren Mark Pittmann dei ordre om å publiserte 55 000 sider per månad. Dei publiserte 12 000 sider innan slutten på januar.
Sidan den gong har PHMPT [Public Health and Medical Professionals for Transparency; fritt omsett «folkehelsemedisinske profesjonelle for openheit»] publisert alle Pfizer-dokumenta på nettet. Det siste sleppet fann stad 1.juni 2022. Eit av dokumenta frå dette datasleppet inneheld data om uventa verknader som er av spesiell interesse, der ein av desse biverknadene spesifikt er herpes-infeksjonar. Ifølgje dokumentet, hadde Pfizer sidan slutten av februar 2021, berre to månader etter at Pfizer-vaksinen fekk naudgodkjenning i både USA og Storbritannia, motteke 8152 rapportar relatert til herpesinfeksjon, og 18 av desse hadde allereie ført til multippel organsviktsyndrom.
Dette skjemaet viser uventa verknader av Covid-19-injeksjonane rapportert til CDC relatert til herpes, helveteseld og multippel organsviktsyndrom fram til 13.mai 2022. Som du kan sjå, har Covid-19-injeksjonane forårsaka flest herpesrelaterte infeksjonar, og dette er i løpet av 17 månader. Når ein samanliknar desse med talet oppblomstringar rapportert for HPV/koppe-vaksinar i løpet av 13 år, er desse tala ekstremt urovekkjande. Dette er ikkje fordi so mange menneske har fått Covid-19-injeksjonar heller. Offisielle tal frå CDC viser faktisk at 1,7 milliardar dosar med influensavaksine åleine vart administrert mellom 2008 og 2020. Medan, per 6.mai 2022, har 580 millionar dosar med Covid-19-vaksine blitt administrert i USA.
Dette skjemaet viser raten per 1 million dosar administrert av uventa verknader relatert til herpes, helveteseld og multippel organsviktsyndrom. Raten av herpes-relaterte infeksjonar rapportert som uventa verknader til influensa-sprøytene er 0,75 uventa verknader per 1 million administrerte dosar. Men raten av herpes-relaterte infeksjonar rapportert som uventa verknader til Covid-19-injeksjonane er 31,31 uventa verknader per 1 million administrerte dosar.
Dette er ein skilnad på 4075%, og indikerer eit svært alvorleg problem. Eit alvorleg problem som blir forårsaka av det faktum at Covid-19-injeksjonar øydelegg immunforsvaret.
Men du blir fortalt at denne immunforsvarsskaden og oppblomstringa av herpes er eit resultat av eit apekoppe-utbrot, som underleg nok finn stad i fleire land for fyrste gong på 50 år. Og det har seg tilfeldigvis sånn at kvart land som visstnok lid av eit apekoppe-utbrot, tilfeldigvis er eit land der Pfizer-vaksinen vart administrert.
Og no har WHO sin generaldirektør (ikkje WHO sjølv) erklært ei folkehelsekrise av internasjonal tyding som alle medlemsstatane, inkludert USA, Storbritannia, Australia, Canada, New Zealand og Europa er juridisk forplikta til å respondere på.
Dette tydar at vi er i ferd med å bli vitne til Covid-19 2.0 som eit dekke for konsekvensane av det å administrere ein eksperimentell Covid-19-injeksjon på millionar av menneske.
[…] Henta frå The Exposé. Omsett av, henta frå og noko forkorta av saksyndig. […]
LikarLikar
[…] Henta frå The Exposé. Omsett av, henta frå og noko forkorta av saksyndig. […]
LikarLikar