Tysk songarinne tek til motmæle mot ulovleg ransaking av heimen sin

Berømt tysk songarinne fekk heimen raida av politiet etter mistanke om forfalska «vaksine»-kort – ho kjempar tilbake

Av Amy Mek, Rair Foundation. Omsett av saksyndig.

Den berømte tyske songarinna Nina Maleika vart sjokkert då ho fann ein rettsleg ordre frå domstolen som hadde blitt lagt på skrivebordet hennar av politiet då ho kom tilbake frå ferie i Italia. Medan ho var vekke hadde styresmaktene brote seg inn i heimen hennar og leita rundt der inne etter mistanke om eit forfalska vaksinekort.

Hamburg-politiet og staten valde seg feil offer som mål. Styresmaktene sine handlingar har ikkje berre ført til ei bølgje av solidaritet med den velkjende artisten, men vakna løvinna i ho for å kjempe mot statens ulovlege ransaking:

«Kjære fascistiske Tyskland, kjære undertrykkjande struktur, kjære domstolar. Tida vil kome når vi vil fange dykk fascistar, og eg vil ikkje gjere det personleg; det vil skje automatisk.

De vil til slutt betale for de. De fascist-dommarar, de fascist-politimenn, alle dei som tolererer denne skiten, denne totalitarismen, ta del, same kva slags form. Eg gjer ikkje, og det gjer heller ikkje løveflokken bak meg.

Kle dykk varmt, fordi karma vil rævpule dykk so hardt at de ville ønskje at de aldri var fødde. På denne måten… ta dykk den fridommen å kome til leilegheita mi ein andre gong, kom til og med når eg er heime.

Vi kan òg setje oss ned og prate her ved bordet. Vi kan drikke kaffi saman, og deretter kan vi spørje kva som gjekk gale med dykk i barndommen som gjer at de følgjer slike ordrar.

De er gjerningsmenn og medskuldige i ein fascistisk stat som er i ferd med å bli etablert. Og faktum er, dette er fascistisk.»

I staden for å bli skremt frå å protestere vidare, publiserte Maleika ein video som eksponerer statens krenking av eigedommen hennar og skremselstaktikkar. Ho forklarer «eg meiner det er viktig at folk veit kva som skjer her. Vi veit kva som skjer med slike som meg som har ballar til å opne kjeften.»

Her er Maleika sin video som RAIR Foundation USA har omsett.

Maleika er ei tysk songarinne, låtskrivar, programvert, skodespelarinne og modell frå Hamburg og er kjent for, blant anna, arbeidet sitt med musikar Udo Lindenberg. Faren hennar er egyptisk, men ho voks opp i Tyskland. Maleika har vore ein frittalande kritikar i media og protesterer mot staten sin fridomsknusande covid-politikk.

Husransaking

Då Maleika kom heim la ho ikkje merke til at politiet hadde utført ei ransaking før ho fann på skrivebordet:

«eit tresiders brev frå Hamburgs kriminalpoliti, ein rettsleg ordre for ei ransaking av leilegheita mi, ein ransakingsordre, som fann stad medan eg var vekke.»

Politiet fekk tilgang med ein nøkkel til leilegheita som Maleika måtte få tilbake frå politistasjonen. Ho mistenkjer at styret i bygningen gav nøkkelen til styresmaktene.

Maleika er skulda for å forfalske eit vaksinekort. Trass den inngripande undersøkinga, kunne ikkje politiet finne noko i leilegheita. Difor verkar det som om styresmaktene byrja den kriminelle undersøkinga basert på ein falsk anklage om at ho viste fram eit falsk vaksinekort 22.desember 2021. Ein stadig vanlegare taktikk av venstreorienterte statar mot dei som protesterer.

Det verkar ulogisk at styresmaktene ville velje å ransake heimen til songarinna medan ho var i Italia. Vidare, dersom ho hadde eit «falskt vaksinekort», ville ho ikkje ta noko slikt med seg for å bruke på reise?

Nina Maleika sin bakgrunn

Sidan byrjinga på pandemien har Maleika vore pådrivar for å sikre at kunstindustrien kan halde fram med å eksistere utan krav om covid-vaksine, og at den er fri frå statlege retningslinjer og reglar.

Maleika har gjentekne gonger bede om ein open debatt om covid og «vaksinane». På Instagram publiserer ho jamleg innlegg om fridom, fred og sjølvbestemmelse. Ho kan òg høyrast i mange intervju og podcastar om den noverande politiske situasjonen.

Maleika har vore til stade på mange demonstrasjonar mot statens knusande covid-tiltak. Alle høgprofilerte individ som har snakka ut most statens covid-politikk har trekt til seg mykje merksemd frå offentlegheita og staten.

Ho har alltid identifisert seg politisk som ein liberal eller «sokalla venstre-grøn person». På grunn av sin frittalande kritikk av statleg politikk, har ho derimot blitt vendt ryggen til av dei fleste i artistsamfunnet og tidlegare arbeidsgjevarar.

Artisten føler at politiet sine handlingar er ingenting anna enn eit forsøk på å skremme ho. Ho forklarte i eit intervju:

«Folk som eg, som på eit vis er i det offentlege sine auge, er svært mykje gjenstand for denne innramminga, denne avlysingskulturen. Det same skjedde med Paul Brandenburg nyleg, men det handla om noko anna.

Ein politibetjent i Berlin adresserte meg ganske nyleg med etternamnet mitt på hovudtogstasjonen, og vedkomande var nokon eg aldri hadde møtt før. Då eg spurde ‘korleis veit du etternamnet mitt?’, svarte han ‘Vel, du er kjent.’ Det var då eg innsåg, ok, folk i rørsla som er kritiske til covid-tiltak er definitivt ein torn i sida til systemet i Tyskland.

Dersom sjølv folk som eg skil oss ut, då kan du vagt førestille deg kor mykje fokus ein rettar mot oss. Eg er ikkje eingong so kjent. Eg er verken Sarah Connor eller Udo Lindenberg, ei heller har eg ei rekkjevidd slik som Bodo Schiffmann eller Ken Jebsen. Det seier mykje.»

«Dette er eit åtak på oss alle»

Maleika sin advokat Ivan Künnemann vil kjempe mot statens ulovlege ransaking av leilegheita hennar. Songarinna trur at styresmaktene sitt åtak ikkje berre handlar om ho, men om at alle tyske borgarar blir skremde, mobba og frårøva fridommen sin:

«Eg innsåg nesten med éin gong at dette ikkje handlar om meg eller tiltalen. Dette er eit svært tydeleg åtak, og ikkje mot meg personleg. Dette er eit åtak på oss alle, dette er eit åtak på den gjenverande demokratiske staten i landet, dette er eit åtak på rettssystemet vårt. Etter mitt syn har lov og rett no blitt underminert av alle desse hendingane som vi fekk oppleve.

Personleg kjenner eg meg god. Eg er ikkje redd i leilegheita mi heller, mot forventa. Denne handlinga gav meg massiv styrke for vidare motstand og mykje mot til å kjempe. So eg seier ‘folkens, de kødda med feil person. Eg er ikkje redd, de får meg heller ikkje til å halde kjeft.’

‘Der er nokre av oss der ute som er so sterke og tek det vi gjer so alvorleg at de ikkje vil kunne få dei til å teie. De vil ikkje teie meg. Eg er ikkje redde for dykk.’

So eg er takksam for at det skjedde med meg, eg kan gå til mothandling mot dei, eg har krafta, eg har kontaktane og eg er den rette til å takle dette no.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s