Tusenvis av menneske døyr «uventa» kvar veke i post-covid-æraen

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

I veka som slutta 8.juli 2022 vart 10 232 dødsfall rapportert av Storbritannia sitt kontor for nasjonalstatistikk (ONS), der 432 av dei vart rapportert å vere relatert til Wuhan koronavirus (Covid-19). Dette er nesten 1000 fleire dødsfall enn normalt samanlikna med før-covid-nivået, ein trend som har gått føre seg iallfall dei siste 11 vekene.

«Overdødelegheit», som dei kallar dei, har blitt nemneverdig heilt sidan kinavirus-injeksjonane vart introduserte. Mange trur no at årsaka er sprøyta, som er grunnen til at der har vore so mange krav om å slutte injeksjonsagendaen.

«Dette er ikkje berre eit britisk fenomen,» sa dr. John Campbell, PhD, i ein video frå 6.juli 2022. «Dette er eit internasjonalt fenomen.»

Dr. Campbell tok doktorgraden sin ved Universitetet i Bolton i 2013, med spesialisering i å undervise biovitskap i konteksten nasjonal og internasjonal sjukepleiarutdanning. YouTube-kanalen hans, som kan skryte av 2,39 millionar abonnentar, inneheld mange videoar om Fauci-influensa [Covid-19] og løgnene som blir fortalt om den.

«Langt fleire menneske døyr no enn vi hadde forventa basert på dei siste fem åra,» seier han. «Kva skjer her? Dette er for mange til å vere ein statistisk artefakt. Dette er ein genuin effekt.»

Covid-«vaksinar» er ei form for folkemord

Dr. Michael Yeadon, ein tidlegare visepresident i Pfizer, har òg stått fram med påstandar om at kinavirus-injeksjonar faktisk er ansvarlege for overdødelegheitsfenomenet som ein no ser rundt om i verda.

Før Operasjon Warp Speed var dødsratane for det meste stabile og generelt føreseielege. No døyr fleire menneske enn vanleg, og der er berre éin openberr skuldig: sprøytene.

Sjølv om du utelukkar dødsfalla som blir skulda på covid og ikkje på sprøytene, er der framleis eit overtal av dei som ikkje har anna forklaring enn sprøytene, seier Campbell.

«Når ein utelukkar dei dataa, er overdødelegheitsraten i England og Wales i 2022 16,6% kombinert, og 18,2% i Wales åleine,» skriv Jennifer Margulis og Joe Wang for The Epoch Times.

Ein ung gut, 14 år gamle Ted Sanderson, døydde plutseleg på skulen sin, Woodham Academy, 21.juni. Sanderson fekk sine covid-injeksjonar som tilrådd av styresmaktene, og o er livet hans over.

Same dagen kollapsa ein annan person med namn Chris Houghton-Rai medan han var på jobb hjå ein Toyota-forhandlar. I 90 minutt prøvde ambulansearbeidarar å gjenopplive han, men var ute av stand til å stoppe hans plutselege død.

Rundt ei veke seinare kollapsa ein pensjonert profesjonell fotballspelar med namn Gary Pearson heime hjå seg; han nettopp hadde byrja i ein ny jobb som fotballmanager. To veker tidlegare hadde Pearson blitt hjarteoperert og var «forventa å kome seg heilt».

Det skjedde derimot ikkje, sidan Pearson, som vart skildra av vennene sine som «sprek og frisk», døydde av ingen openberr grunn. Som med Houghton-Rai, prøvde ambulansearbeidarar å gjenopplive Pearson utan å lykkast.

Medan plandemi-indusert stress og isolasjon kan ha spelt ei rolle i nokre av overtalsdødsfalla og føre til dødelege tilstandar som kreft som anten ikkje vart diagnostisert eller behandla, er den største elefanten i rommet injeksjonane.

Nokre post-injeksjonsdødsdall skjer med éin gong, men andre tek fleire veker eller til og med månader å utvikle seg. Det heile er avhengig av ein persons immunkapasitet, i tillegg til allereie eksisterande tilstandar.

Nevrolog dr. Tom Lowry, ein ekspert på hjernerystelse, muskel og skjelett med praksis i San Antonion, seier at han og kollegaene hans har sett ein auka førekomst av nevrologisk skade sidan sprøytene vart introduserte – og unge menneske er spesielt utsette for desse tilstandane, seier han.

«Vi burde obdusere kvar og ein av desse unge menneska,» er Lowry sitert å seie. «Dersom vi gjorde det, ville vi vete sikkert innan seks månader kva som faktisk skjer.»

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s