Av Tom Parker. Henta frå Reclaim the Net. Omsett av saksyndig.
Kellie-Jay Keen, ein kvinnesaksaktivist som ofte publiserer YouTube-videoar som handlar om det å halde barn trygge, og om å ikkje ønskje at menn bruker damers domene [til dømes dametoalett; oms.komm.], sa at ho fekk besøk av to betjentar frå Wiltshire-politiet etter at nokon hadde klaga over at ein av videoane hennar var «ufine mot pedofile» [engelsk untoward about pedophiles].
Keen sa at då ho spurde om det er ulovleg å vere ufin mot pedofile, sa politiet til ho at det var det ikkje, men «personen vart fornærma» og hendinga har blitt registrert som eit «hatbrotsverk» [engelsk hate crime].
I tillegg hevdar Keen at politibetjentane fortalde ho at dei ikkje eingong hadde sett videoen som var del av klagen.
Ifølgje Keen tok klagaren seg nær av eit innslag i hennar «Thank you Marjorie Taylor Greene»-video. I innslaget las Keen del av ein artikkel om den republikanske kongresskvinna Marjorie Taylor Greene, der ho bad om at det burde bli ulovleg for barn å gå på drag-show. Ho las òg ein del av artikkelen som hevda at «Greene er ei av mange konservative som nyleg har protestert mot arrangement slik som ‘Drag Queen Story Hour’, medan dei òg seier at LGBTQ-samfunnet prøver å ‘indoktrinere’ eller ‘groome’ barn.»
Etter å ha lese desse delane av artikkelen, sa Keen at ho var einig med Greene sin ståstad, og at det at barn går på drag-show er «grotesk». Keen la til: «Det er ofte seksualisert, og eg meiner det er fordi at hjå nokre menn, meir enn hjå nokre damer, er det ei fråkopling mellom kva som er sømeleg og kva som er usømeleg når det er barn til stade.»
Keen sin rapport om politibesøk på grunn av ein YouTube-video og at det vart registrert som eit hatbrotsverk, kjem nokre dagar etter at Storbritannia sitt College of Policing kom med nye retningslinjer som bad betjentar om å fokusere på å fange kriminelle i staden for å gå etter dei som publiserer innhald på sosiale media som er rekna som «fornærmande».
Og i sin video om hendinga skulda Keen sitt lokale politi for å ignorere innbrot, tjuveri og andre brotsverk i området.
«Eg veit definitivt at der er folk her i småbyen min som ikkje vil få politirespons etter å ha hatt innbrot, fått sykkelen sin stolen eller opplevd antisosial åtferd,» sa Keen. «Der er folk som går inn i butikkar og bestemmer seg for å ikkje betale. Politiet kjem ikkje. Politiet bryr seg ikkje om noko av det, men dei kjem og bankar på døra mi.»
Det britiske politiet har blitt berykta for å etterforske retweets, podcastar og anna og registrert dei som «ikkje-kriminelle hathendingar» [engelsk non-crime hate incidents]. Meir enn 120 000 ikkje-kriminelle hendingar har blitt registrert i Storbritannia sidan 2014, men den britiske ankedomstolen vedtok i fjor at ikkje-kriminelle hathendingar var ulovlege.
Trass at ikkje-kriminelle hathendingar vart vedtekne som ulovlege, pressar Storbritannia framleis på for ein ny «hatkriminalitetsstrategi» for å oppmuntre fleire til å melde hatkriminalitet. Aktivistar har åtvara at denne strategien kan kriminalisere komedie.
Det regulerande organet i Storbritannia, Office of Communications (Ofcom) har òg bede teknologiplattformer om å beskytte kvinner frå «potensiell skade» – ein terminologi som refererer til noko som kanskje ikkje kan forårsake reell skade.
[…] Sjå òg «Kvinnesaksaktivist seier britisk politi besøkte ho fordi ho var ‘ufin mot pedofile’ i YouTube…, […]
LikarLikar