Av Mac Slavo, SHTFPlan.com. Omsett av saksyndig.
Dr. Deborah Birx, Kvite Hus sin Covid-19-responskoordinator under tidlegare president Donald Trump, sa at ho visste at Covid-vaksinane aldri var «meint å beskytte mot infeksjon». Medan folk byrjar å sjå med eigne auge at desse sprøytene aldri eingong handla om Covid, men om noko heilt anna, og når dei ser at biverknadene (slik som Plutseleg vaksen død-syndrom / Sudden Adult Death Syndrome) slår hardt ned, må herskarklassen hive seg rundt for å halde på det vesle dei har igjen av autoritet over massane.
Eit større dekke over kva desse sprøytene verkeleg er, har gått føre seg lenge. Faktasjekkarar, herskarar og meistrar held fram med å be slavane bli injiserte, og mange går viljug med på det utan å stille spørsmål. Men forteljinga fell sakte frå kvarandre når folk kan innsjå at dei har blitt logne til.
For eit år tilbake fortalde president Biden verda under eit no berykta CNN-møte at «du kjem ikkje til å få Covid dersom du tek desse vaksinane.»
Som Zachary Stieber frå Epoch Times rapporterer, sa ei av dei tidlegare tenestekvinnene som leia Covid-19-responsen under Trump-administrasjonen 22.juli at Covid-19-vaksinar ikkje var forventa å beskytte mot infeksjon.
«Eg visste at desse vaksinane ikkje kom til å beskytte mot infeksjon. Og eg trur vi overspelte vaksinane. Og det fekk folk då til å uroe seg over at den ikkje kjem til å beskytte mot alvorleg sjukdom og innlegging,» sa Birx i eit innslag på Fox News.
Under Donald Trump sitt Operasjon Warp Speed-program som var designa for å få desse eksperimentelle genterapisprøytene til folket, vart dei sleppte ut og godkjende på rekordtid. Moderna og Pfizer sine Covid-19-vaksinar fekk naudgodkjenning seint i 2020 for å hindre Covid-19, og vart fremja av mange helsetenestefolk, inkludert Birx.
«Dette er ein av dei mest høg-effektive vaksinane vi har i vårt arsenal mot smittsame sjukdommar. Og det er grunnen til at eg er svært entusiastisk for vaksinen,» sa Birx på ein ABC-podkast på den tida.
Ho nemnde ikkje med eit ord bekymringa om at vaksinane kanskje ikkje beskytta mot infeksjon. Men Centers for Disease Control and Prevention (CDC) si dr. Rochelle Walensky, sa at sprøytene ikkje stoppar overføring. So ho innrømmer at «vaksinen» anten sheddar eller at den er ineffektiv.
So kva er eigentleg poenget med alle desse injeksjonane? Fire av dei hjelper ikkje til med å stoppe noko som helst – kanskje bortsett frå eit langt liv, kan det verke som. Men det verkar òg som om meistrane i konsernstyresmaktene no pressar på for eit nytt legemiddel kalla Paxlovid.
Paxlovid er ei Covid-19-pille produsert av Pfizer som har hatt ujamne resultat i kliniske forsøk, men som er tilrådd av amerikanske helsestyresmakter for både uvaksinerte og vaksinerte Covid-19-pasientar for å hindre utviklinga av alvorleg sjukdom.
«Men lat oss vere svært tydelege – 50% av dei som døydde av Omikron-bølgja var eldre, vaksinerte,» sa ho. «So det er grunnen til at eg seier, sjølv om du er vaksinert og boosta, sjølv om du er uvaksinert, er nøkkelen nett no testing og Paxlovid,» la ho til.
Nyleg har herskarklassen hevda at Joe Biden tok Paxlovid etter å ha blitt injisert fire gonger og likevel fått Covid. Det er truleg på tide å stille spørsmålsteikn ved Paxlovid og kvifor dei byrjar å presse denne ut på folket.
Dataa er ikkje på herskarklassen si side. Vi må byrje å spørje kvifor dei pressar på oss so mange legemiddel mot alle slags sjukdommar, når hovudlegemiddelet var ein farse til å byrje med.
Vi må halde fram med å stille spørsmålsteikn ved alt, spesielt dei som ønskjer ingenting anna enn å hindre oss i å innsjå at vi lever i eit slavesystem. Herskarane er ikkje redde for kvarandre. Dei fryktar at vi vil finne ut sanninga, som er at vi ikkje er fri og at vi er slavane deira. Men det treng vi ikkje å vere.