Etter å ha forvandla seg sjølv til eit «romvesen» ved hjelp av amputasjonar, tatoveringar og implantat, møter franskmann eit problem av intergalaktiske proporsjonar

Av C. Douglas Golden, The Western Journal. Omsett av saksyndig.

Etter ein myriade av tatoveringar, amputasjonar og operasjonar for å forvandle seg sjølv til noko som liknar på eit «svart romvesen», seier ein fransk mann at han har støtt på eit aldri so lite problem: Ikkje særleg mange i hans del av galaksen ønskjer å gje han jobb.

Ifølgje Indy100, ei nettside assosiert med U.K. Independent, har Anthony Loffredo det vi ville vurdert som den moderne versjonen av berømmelse og sjølvrealisering.

Instagram-følgjarar: 1,2 millionar. 34-åringen har marknadsført ei total kroppsforvandling om til sitt ideelle sjølv – i dette tilfellet, eit vesen som ikkje ser ut som det kjem frå denne planeten. Han lev si sanning, kan vi seie.

Og likevel er Loffredo opprørt fordi potensielle arbeidsgjevarar «dømmer han».

Den temmeleg openberre utsegna kom under ein nyleg episode av den spanskspråklege podcasten Club 113.

«Eg kan ikkje finne ein jobb, der er mykje negative ting,» fortalde han dei. «Det kunne ha vore positivt fordi du føler deg betre, men du må vete at der òg finst ei mørk side.»

Ein skulle tru at nokon med ein normalt fungerande hjerne burde vete det.

(Vi i Western Journal trur at folk burde stå fritt til å gjere sine eigne val – men dei burde heller ikkje vere frie frå konsekvensane av dei vala. Monsieur Loffredo ser ut til å tru det motsette.)

Loffredo vart ikkje berre «det svarte romvesenet» etter nokre tatoveringar. Der var sanneleg mange av dei – inkludert på augeepla. [Saksyndig åtvarar mot urovekkjande scener!]

Derimot har han òg kroppsmodifikasjonar slik som ei kløyvd tunge og andre implantat for å få han til å sjå meir ut som eit vesen frå ei anna verd. Han har òg gått gjennom to amputasjonar slik at venstrehanda ser meir ut som ei klo, i tillegg til amputasjonar på øyra og nasen.

Han seier at framande kan reagere dårleg fyrste gong dei møter han.

«Kvar dag er ein kamp, fordi kvar dag finn du nye menneske som ikkje skjøner, som ønskjer å dømme,» sa han.

«Det er livet, ikkje alle forstår alt. Som eg. Eg skjøner ikkje so mykje om mange menneske.»

«Du kan ikkje dømme nokon, ingen veit kva som er inni hovudet på nokon, kvifor dei gjer det, du må snakke med denne personen.»

Eg vedgår at eg ikkje veit alt som skjer inni hovudet på Monsieur Loffredo, men eg – og andre – gjer informerte vurderingar basert på ein serie val som han har gjort på innsida av kroppen, og som blir reflektert på utsida av kroppen.

Dette er ikkje berre ei tatovering eller fire. Loffredo har gjort ein bevisst innsats for å forvandle seg sjølv til noko som for eit menneske er eit erketypisk romvesen.

Han vil at folk skal tru at han er utanomjordisk, at dei skal identifisere han som om han verkeleg var eit romvesen. Likevel blir han forundra når dei i møte med eit individ som verkar utanomjordisk utav eigen innsats, blir skremde frå sans og samling.

Ved å endre korleis han framstår på utsida om til ei livsform som ikkje har sitt opphav på denne planeten, har han med vilje skilt seg sjølv frå den. Likevel vil han likevel at potensielle arbeidsgjevarar skal behandle han som om han var nok ein søkjar i rekkja, som om utsjånaden hans – og verdssynet som fekk han til å oppnå den – er ingen indikator på kor godt han vil fungere i arbeidslivet.

«Eg er ein normal fyr, eg arbeider, eg har ein familie,» sa Loffredo. «Eg likar å bli sett på som ein normal fyr med ein jobb, med ein familie, som har ein venn, ein kjærast, alt dette. Det er det som gjer meg normal.»

Eg føler med Monsieur Loffredo; tilfellet hans er eit godt bilete på kor dramatisk vår alder trur at vår oppfatta identitet burde trumfe gudegjevne grunnsteinar i den biologiske realiteten. Det demonstrerer òg korleis viral berømmelse oppmuntrar dei som burde søkje hjelp til heller å søkje makt i sosiale media.

På den andre sida, når ein føler tronga til å imitere ei ikkje-eksisterande utanomjordisk livsform gjennom talrike kroppsmodifikasjonar og operasjonar, burde ein innsjå at folk vil anta at endringar på utsida er meint å framprovosere ei vurdering frå resten av menneskeheita – og sjølv om ein ikkje innser det, vil det ikkje stoppe den vurderinga frå å bli framprovosert.

Tatoveringar kan ikkje vaskast vekk, amputerte kroppsdelar veks ikkje ut igjen, og kroppsmodifikasjonar er ikkje so lette å gjere om. Identitet er ikkje universelt erstatteleg og handlingar har framleis konsekvensar. Loffredo kan sjå ut som eit vesen frå ein annan planet – men for den overskodelege framtida sit han fast på Jorda, der dei fakta held fram med å vere konstante, same kor hardt folk måtte prøve å gå utanom dei.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s