Av Kevin Hughes, Natural News. Omsett av saksyndig.
Den tyske regjeringa innrømte offentleg onsdag 20.juli at Wuhan koronavirus (Covid-19)-vaksinane kan forårsake alvorlege biverknader for éin person kvar 5000.dose.
«Ein av 5000 blir påverka av ein alvorleg biverknad etter ein Covid-19-vaksinasjon. Dersom du mistenkjer #biverknader, søk legehjelp og rapporter symptoma til @PEI_Germany,» sa ei Twitter-melding frå det tyske helseministeriet.
Dei publiserte seinare ein korreksjon at talet 5000 viser til dosar i staden for individ: «Korreksjon: Ifølgje @PEI_Tyskland, er rapporteringsraten av alvorlege reaksjonar 0,2 rapportar per 1000 vaksinedosar.»
Dette er ei merkeleg og velkomen innrømming frå ei regjering om omfanget av skadar forårsaka av Covid-vaksinane.
Likevel er éin person per 5000 dosar for låg. Den andre Twitter-meldinga forklarte at det var ein rapporteringsrate av alvorlege reaksjonar, so den viser truleg til raten av uventa biverknader rapportert til den tyske utgåva av Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS). Dersom det er tilfellet, burde det vere ein underrapporteringsfaktor på rundt 10, som tydar at det reelle talet på alvorlege biverknader kan vere 10 gonger høgare.
Ein grunn til at éin person per 5000 dosar er for låg, er på grunn av at dødsfall blir talde separat frå alvorlege biverknader. Dødsfall blir talde som dødsfall, so éin person per 5000 dosar-talet dekkjer berre menneske som vart alvorleg skadde av Covid-sprøytene og overlevde.
Dersom ein person døydde frå sprøyta, anten med éin gong eller nokre månader seinare, vart dei aldri registrerte som ein vaksineskadd person.
Tyskarane er faktisk briljante i å overvake vaksinetryggleik. Ved sida av deira passive rapporteringssystem, styrer det tyske medisinreguleringsorganet, Paul Ehrlich-instituttet eller PEI, ein aktiv overvakings-app for vaksinetryggleik kalla SafeVac 2.0. Dataa frå dette overvakingsverktøyet vart teken med i ein Europa-omfattande rapport om vaksinetryggleik sist månad, og den viste at 0,3% av vaksinemottakarane i Tyskland rapporterte minst éin alvorleg uventa reaksjon frå den fyrste dosen av vaksinen.
1838 deltakarar rapporterte minst éin alvorleg reaksjon etter å ha fått den fyrste dosen av Covid-vaksinen
Rapporten nemnde at av dei 520 076 deltakarane frå Tyskland som hadde fått den fyrste dosen av Covid-19-vaksinen, rapporterte 1838 (0,3%) minst éin alvorleg uventa reaksjon.
Desse tyske tala er i samsvar med dei øvrige ratane i Europa. Ein må derimot merkje seg at raten på 0,3% er 15 gonger høgare enn raten på 0,2 per 1000 (altso 0,02%), som sitert i Twitter-meldinga.
Det store spørsmålet er kvifor den tyske regjeringa brukte 0,02%-talet i staden for 0,3%-talet frå sitt avanserte verktøy for overvaking av vaksinetryggleik når dei trekte merksemd til vaksinebiverknadene.
Bekymring rundt høge ratar av alvorlege vaksinebiverknader har kome før i Tyskland. I mai sa professor Harald Matthes, ein vitskapsmann som leia ein uavhengig studie rundt tryggleiken til vaksinane, at basert på dataa hans har rundt 0,8% av vaksinerte i Tyskland opplevd alvorlege biverknader.
Talet er ikkje overraskande sidan det samsvarer med det som er kjent frå andre land slik som Sverige, Israel og Canada. Sjølv vaksineprodusentane kan allereie ha visst om dette under studiane sine.
I mellomtida fann ei undersøking frå den israelske regjeringa ut at 0,3% av vaksinerte rapporterte at dei vart innlagt på sjukehus på grunn av Covid-vaksinasjon, medan ein CDC-studie oppdaga at 0,9% av vaksinerte rapporterte at dei måtte søkje legehjelp på grunn av vaksinasjon.