Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Menneskeheita må slutte med å vere tilbakehaldne overfor det å ete menneskekjøt, ifølgje ein professor frå Stockholms økonomiskule, som oppfordrar folk til å omfamne kannibalisme for å bekjempe klimaendring.
På svensk TV hevda professor Magnus Söderlund at det er på tide at menneskeheita «vaknar opp» til ideen om å fortære menneskekjøt fordi det er meir berekraftig enn kjøt og mjølkeprodukt – eller til og med å ete insekt – dersom matkjelder blir knappheit på i framtida.
Professor Söderlund hevda òg at «samtalar» om kannibalisme som tabu kan endre seg over tid, og at folk kan bli «narra» til å «gjere dei rette vala», rapporterer The Epoch Times.
Professor Söderlund presenterte sitt urovekkjande argument under ein paneldebatt kalla «Can You Imagine Eating Human Flesh?» på Gastro Summit.
Når han vart spurt under eit intervju om han kunne tenkje seg å ete menneskekjøt, innrømte han at han ville vere open for det, rapporterer publikasjonen. Söderland sa òg at nesten 10% av publikummet hans sa at dei var opne for å prøve menneskekjøt.
«Eg føler meg noko nølande, må eg seie… Men eg ville vere open for å prøve det,» fortalde han svensk TV4.
Professoren fortalde òg publikummet sitt at menneske burde ete insekt og – hald dykk fast – sine daude kjæledyr.
Professor Söderlund er berre den siste framtredande figuren som støttar kannibalisme.
[I ein annan artikkel frå Newspunch seier artisten Katy Perry at «menneskekjøt er det beste kjøtet; kannibalisme har eit dårleg rykte»; oms.komm.]
Denne veka publiserte New York Times ei overskrift som sa «kannibalisme har ei tid og ein stad» – og at denne tida og staden kan vere her og no.
Mange menneske vart vitskremde over at den ærverdige avisa såg ut til å normalisere kannibalisme. [Ryan Wiggins tweeta «Eg veit at dei siste par åra har vore tøffe, men dette verkar… ekstremt?». ZUBY tweeta «Eg vil ikkje ete insekta og eg vil sanneleg ikkje ete naboane mine.»; oms.komm.].
Kommentar frå saksyndig: Magnus Söderlund har fremja kannibalisme som berekraftig strategi for å redde planeten iallfall sidan 2019, som denne artikkelen frå Washington Times frå 6.september 2019 viser. Dette er på ingen måte ein klok strategi. Menneske eignar seg sannsynlegvis dårleg som føde på grunn av alle giftstoffa som moderne kosthald og legemiddel tilfører kroppen. Å ete ein fullvaksinert er sannsynlegvis reine sjølvmordet. Prionsjukdommen kuru vart spreidd i Fore-stammen på Papua Ny-Guinea på grunn av konsum av menneskekjøt, deriblant menneskehjernar. Kannibalisme var sannsynlegvis meir utbreidd hjå tidlege menneske, då livsstilen og kosthaldet var langt sunnare enn det er i dag. Enkelte meiner at tidlege menneske åt sine avdøde slektningar i staden for å gravleggje dei; skikken med å gravleggje kan ha kome frå neandertalarane. Kannibalisme har førekome i nyare tider, då i ekstreme situasjonar der eting av dei døde var siste utveg for å overleve. At stadig fleire kjendisar frontar kannibalisme kan vere eit av teikna på at vi lever i endetida, overgangen til ein gylden tidsalder for menneskeheita. Om kannibalismeforkjemparar ønskjer å «omfamne kannibalisme», kan dei jo byrje med å ete kvarandre…