Død og sjukdom på sjukeheimen: Har vaksineskadane byrja å manifestere seg blant personale og bebuarar?

Etter nokre vekers særs velfortent ferie, kom eg tilbake på jobb på den aude sjukeheimen måndag denne veka. Stoda på sjukeheimen kunne best karakteriserast som lettare apokalyptisk. Sjukefråværet var langt verre enn då eg gjekk ut på ferie, og sjølv tilbake då var det verre enn sjølv dei mest erfarne i personalgruppa kunne minnast. På avdelingane hadde den daglege donten blitt langt lettare, på grunn av det heller urovekkjande faktum at alle pleiepasientane hadde gått bort i løpet av ferien min. Alle sa at «korona» hadde råka sjukeheimen, og at so godt som alle bebuarane hadde vore sjuke. Og, for å setje prikken over i-en, hadde konstituert leiar sagt opp nestleiarstillinga si ved sjukeheimen.

Vidare fann eg ut at alle i personalgruppa hadde gått over til å bruke munnbind igjen, sjølv dei «fullvaksinerte». Alle testa seg ved «symptom», og til mi lettare forundring hadde det dukka opp fleire symptom som eg aldri før har sett ved «korona»: Mageproblem, svimmelheit, hås stemme, fatigue og – tru det eller ei – hallusinasjonar.

Bemanningssituasjonen var like ustabil som vêret. Ein kollega kunne vere frisk og rask den eine dagen, og heime med «korona» den neste. Og korleis fann dei ut at dei hadde «korona»? Positiv hurtigtest – den testen som er enno meir upåliteleg enn den allereie upålitelege PCR-testen…

Den kognitive tilstanden til enkelte kollegaer er verre no enn før ferien. Då ein av sjukepleiarane kom på jobb med litt hås stemme, vart ho visstnok skjelt ut av ein hjelpepleiar som meinte at ho burde teste seg fordi ho hadde «symptom». Sjukepleiaren svarte ho syrleg: «Om eg testar positivt, har isofall du tenkt å ta mine vakter denne veka og jobbe dobbelt?» Eg overhøyrde seinare den same hjelpepleiaren seie til ein annan kollega (som skulle jobbe med sjukepleiaren) at «du må passe deg for ho der». Koronapanikken har igjen stengt sjukeheimen og ikkje minst stengt dei pårørande ute frå å få møte sine kjære. Heldigvis opna sjukeheimen den veka eg byrja der igjen, saman med aktivitetsstova.

Skuldast all denne sjukdommen og elenda «korona», slik alle påstår? I sommar har det regna nesten kvar dag, kombinert med temperaturar som ein vanlegvis finn langt ute i september månad. Forkjølingar under slike meteorologiske forhold er ikkje uvanleg. Om ein parar dette med eit svekka immunforsvar på grunn av uvettig injeksjon med eksperimentell mRNA-teknologi, får ein sjukdom og i verste fall «brå og uventa død» som resultat. I tillegg vil eit svekka immunforsvar føre til at virus som ligg latente i kroppen, blussar opp – og ein får dermed «apekoppar» (herpes zoster-virus/helveteseld) og andre meir eller mindre oppdikta sjukdommar. Eg fryktar at vi no er vitne til byrjinga på slutten. Folk vil truleg bli sjukare og sjukare, før dei byrjar å døy ein etter ein – brått og uventa, kan hende òg etter «kort tids sjukdom». For å seie det slik: Bemanningssituasjonen vil neppe bli betre, heller det motsette.

Nestleiar, som har vore fungerande leiar medan den eigentlege leiaren er ute i havgapet på sitt «engasjement», har som tidlegare nemnt sagt opp nestleiarstillinga si. Ho har ikkje tenkt å vere verken konstituert leiar eller nestleiar lenger. Det var eit lite sjokk for meg, sjølv om eg burde ha sett det kome. Eg ville ikkje ha vore i den stakkars dama sine sko. Få, om nokon, kan stå i lengre tid i ein slik situasjon, der dei må forsvare stadige nedstengingar, innesperring av bebuarane, tåpelege, uvitskaplege retningslinjer og ikkje minst ukritisk massevaksinering av bebuarar og personale. Og ikkje minst må dei gjere dette med den ulne mistanken om at dette ikkje på nokon måte kan forsvarast verken frå eit etisk eller eit helsefagleg perspektiv. Når sjølv statsoverhovud for tida trekkjer seg frå embetet en masse, er det ikkje å vente at ein stakkars konstituert mellomleiar skal klare å halde fortet. Det finst grenser for kor langt ein kan trekkje ut ei løgn – for ikkje å snakke om leve på løgna.

Grunnen til at ho har sagt opp vil ho ikkje ut med. Men ho har fått seg ei administrativ stilling i ein annan kommune, og har fått lengre pendleveg òg. Ho vil vekk før helvete bryt laust. No ser det ut som om ho berre prøver å hale ut tida fram til den eigentlege leiaren kjem tilbake, i og med at ho beleilegvis har sagt opp midt i fellesferien, og det like før ho skal avvikle både hovudferie, restferie og episke mengder avspasering. Ho har nemleg i ferien jobba fjorten dagar i strekk med nattevakter på grunn av ekstrem personalmangel. Om det har blitt gjort noko som liknar på leiaroppgåver, må desse ha blitt gjort av sjukepleiarane – om dei mot formodning hadde tid.

Alt er ikkje berre død og dommedag, heldigvis. Ungdommane som vart tilsett som kjøkkenhjelper tilbake i juni, har no byrja å hjelpe til i stellsituasjonar – ingen andre er å få tak i. Spesielt ei av dei er dyktig i jobben, og har eit energinivå som «den eldre garden» i personalgruppa ikkje kan matche. Sjølv har eg lada opp batteria og har meir arbeidskapasitet og energi no enn på lenge – faktisk trur eg at eg må heilt tilbake til hausten 2019 for å finne liknande iver i tenesta. Dette er ikkje minst noko som kjem dei gjenlevande bebuarane til gode.

Slik eg ser det, har koronapsykosen eskalert. Helseleiinga i utkantkommunen valde å gå til lokalavisene og varsle at det hadde brote ut «korona» på sjukeheimen. Eg trur at dette kjem etter at Skremme-Nakstad og FHI-Stoltenberg byrja å mase om «smittebølgje» tilbake i juni. Kor ille har koronaskremselen vore i sommar? So ille at to-tre bebuarar som er på jamleg avlastning faktisk nektar å setje sine bein på sjukeheimen – dei vil ikkje få «korona». Dei pårørande likar nok ikkje dette, ettersom dei då ikkje vil få avlastning… Har nokon skote seg sjølv i foten? Truleg so mange gonger at det ville forbause meg om dei framleis har føter! Vil det bli verre? Utan tvil. Det er ingen veg tilbake no, og ingen kan gjere noko med den aukande mengda vaksineskadar som vil oppstå utover hausten og vinteren. Korleis vil dette ende? Det vil berre tida vise, men eg har ei kjensle av at eg ikkje vil bli arbeidsledig med det fyrste.

Kven har skulda? Dei som utførde ordrane, naturlegvis. Eg trur det byrjar å demre for dei no. Folk seier ikkje opp nestleiarstillingar ut av det blå…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s