Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Spanske forskarar seier at apekoppe-viruset, òg kjent som pridepox [«pride-koppar»; oms.an.], kan bu i alle slags kroppsvæsker slik som spytt, urin, blod og sæd.
Pasientar med den påståtte sjukdommen, so godt som alle av dei menn som har sex med menn, kan ha «pride-koppar» i sitt fukt-element, som dei no fortel oss at vil auke trugselen overfor den generelle befolkninga.
Akkurat som dei gjorde med Wuhan koronavirus (Covid-19), forflyttar forteljinga seg gradvis vekk frå berre LGBT-ar til å no inkludere alle som ei mogleg smittekjelde for «pride-koppar». Dette er naturlegvis korleis dei vil byrje med å fase verda tilbake til plandemi-protokollar slik som avstand og isolasjon.
Fram til no har den offisielle påstanden vore at «pride-koppar» berre spreier seg gjennom direkte kontakt med sår på den smitta pasienten si hud. No har historia endra seg til kontaminerte overflater og kanskje òg ei rekkje kroppsvæsker.
For studien sin samla forskarane inn prøver frå 12 pasientar med «bekrefta» tilfelle av «pride-koppar». Høg viral last av DNA vart visstnok registrert i hudsåra til kvar pasient.
Desse same pasientane hadde visstnok òg høg viral last av «pride-koppar»-DNA i spyttet, som forskarane hevdar kan indikere at spreiinga skjer gjennom kyssing og deling av drikke, til dømes.
Teamet oppdaga visstnok òg virus-DNA i rektale (11 av 12 pasientar), nasale (10 av 12), sæd (7 av 9) og fekale (8 av 12 pasientar) prøver frå apekoppe-gruppa.
«Eit par tidlegare studiar har allereie vist at ein av og til finn viralt DNA i nokre prøver og hjå nokre pasientar, men her viser vi at viralt DNA ofte er til stade i ymse biologiske væsker, særleg spytt, under den akutte fasen av sjukdommen, og opp til 16 dagar etter at symptoma byrja hjå ein pasient,» hevdar Aida Peiró, ein av forfattarene til studien.
Tilstadeveringa av virus-DNA tydar ikkje at det er smittsamt
Berre for å vere ekstremt tydeleg, innrømmer til og med dei som hevdar å ha funne viralt «pride-koppar»-DNA i alle desse væskene, at dette ikkje – vi gjentek, ikkje – tydar at sjukdommen treng å spreie seg gjennom desse væskene.
Korleis desse forskarane skil mellom «pride-koppar» og kyllingkoppar (helveteseld) er òg uklart, ettersom dei to, ifølgje ein studie frå 1988, ikkje kan skiljast frå kvarandre.
Noko anna som de burde vete, er at Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinar» reaktiverer varicella-zoster-viruset, som kan manifestere seg som apekoppar, kyllingkoppar, herpes, autoimmune blemmer, og andre symptom som no blir tilskrivne «pride-koppar».
«Resultatet av studien vår bidreg til ei betre forståing av mekanismane og dynamikken bak virusoverføring, so vel som den moglege rolla til seksuell overføring,» sa Mikel Martínez, leiaren av forskarteamet.
I kommentseksjonen til StudyFinds.org la nokon vekt på at folk overalt verkeleg treng å unngå å falle for «nok ein fiktiv ‘pandemi’,» som nesten heilt sikkert kjem til å skje med «pride-koppar» i dei komande vekene og månadene etter kvart som propagandaen aukar til eit febrilsk nivå.
«Ikkje fall for det,» la denne personen til. «Startpunktet for å vete sanninga er å tru det motsette av kva styresmaktene og konsernmedia fortel oss.»
«Det kjem til å bli det nye AIDS,» skreiv ein annan. «Fyrst vil det spreie seg raskt blant homofile, deretter vil det spreie seg blant bifile, deretter heterofile. Dei fyrste rapportane kom om rask spreiing under pride-månaden. Deretter innsåg dei stigmaet, so dei tagde på grunn av pride-månaden. Det er kva det er.»
Nokon andre føreslo til og med at sokalla apekoppar «liknar særs mykje på ein kjønnssjukdom».