Folk som vart lurte til å late seg injisere mot covid med eksperimentell mRNA-teknologi, blir no i aukande grad diagnostiserte med ein ny type sjukdom som blir kalla VEXAS-syndrom. Dette er ein slags autoimmun feberreaksjon som fyrst vart oppdaga i 2020 rundt den tida Operasjon Warp Speed vart lansert av Trump-administrasjonen. Dette melder Ethan Huff i Natural News. Han skriv (mi omsetjing):
«VEXAS-syndrom, forkorting for vacuoles, E1 enzyme, X-linked, autoinflammatory, somatic syndrome, [«vakuolar, E1-enzym, X-tilknytt, autoinflammatorisk (relatert til periodisk febersyndrom), somatisk syndrom»], blir sagt å kome av mutasjonar i immuncellene, so vel som ein somatisk mutasjon i UBA1-genet som ein finn på X-kromosomet. Dei fleste betennelsessjukdommar blir forresten forårsaka av dysfunksjon som oppstår i dei adaptive immuncellene.
‘Somatiske mutasjonar kan ikkje bli arva, noko som tydar at individ ervervar denne mutasjonen seinare i livet,’ forklarer The Epoch Times om sjukdommen. ‘Mutasjonen påverkar stamcellene i beinmergen. Cellene modnar til spesialiserte immunceller som sirkulerer i blodstraumen.’
‘Immunceller som ber UBA1-mutasjonen er høgst inflammatoriske [inflammasjon = betennelse], og so fort nok av dei samlar seg opp, byrjar pasientar å utvikle symptom.’ […]
Tilbake i april [2023] rapporterte franske vitskapsfolk om tilfellet der ein 76 år gammal mann, nesten med éin gong etter å ha blitt injisert mot covid med Pfizers mRNA (modRNA)-variant, vart diagnostisert med VEXAS-syndrom. Symptoma hans inkluderte ømme klumpar under huda, utslett og lilla flekkar på armar og bein.
Hudproblem blir ofte rapportert hjå VEXAS-pasientar, og denne mannen var ikkje noko unntak. Han vart seinare avgjort av spesialistar å ha UBA1-mutasjonen som høyrer med i sjukdommen.
‘Den sjeldne førekomsten av VEXAS-syndrom og det korte opphaldet på tre dagar mellom vaksinasjon og symptomdebut antyda sterkt at vaksinen hadde rolle som utløysar, skreiv forfattarane av studien, som var frå Drôme Nord-sjukehusa.
Ein annan pasient, 72 år gammal, utvikla liknande symptom, so vel som feber, fatigue, hoste og djup venetrombose. Han vart fyrst feildiagnostisert med ‘long covid’, berre for å seinare òg vise evidens for den same UBA1-mutasjonen som den fyrste pasienten.
‘Utifrå mi erfaring er det usannsynleg at VEXAS-syndrom kunne ha blitt utløyst av ein infeksjon eller covid-19-vaksinasjon,’ kommenterte dr. Sinisa Savic, ein immunolog og assisterande klinisk professor ved Universitetet i Leeds. ‘Vi veit at når folk eldast, utviklar dei alle former for mutasjonar i beinmergen… Det er grunnen til at ein finn VEXAS stort sett hjå den eldre befolkninga.’
Typisk opptrer VEXAS-syndrom hjå menn over 50. Både infeksjonar og vaksinasjonar kan utløyse eller forverre symptom hjå menneske som allereie er i ferd med å utvikle VEXAS-syndrom.
‘Alt som utløyser ein immunrespons kan forårsake mellombels forverra symptom,’ la dr. Savic til. ‘Eg trur ikkje der er nokre spesielle argument mot dette.’
Blant spesialiserte immunceller har berre ibuande immunceller blitt bevist å bere UBA1-mutasjonen. Adaptive immunceller dannar i mellomtida det som er kjent som den ‘tredje’ eller siste forsvarslinja mot sjukdom, og desse cellene har vist seg å ikkje bere UBA1-mutasjonen.
Dr. Savic meiner at adaptive immunceller, inkludert T- og B-celler, truleg ikkje kan overleve lenge nok til å bli spesialiserte dersom dei ber UBA1-mutasjonen. Spesialisering av ibuande immunceller ser motsett ut til å bli mindre påverka av UBA1-mutasjonen.
Både infeksjonar og vaksinasjonar utløyser responsar i immunforsvaret som er meint å (i det minste i teorien når det gjeld vaksinar) danne immun-minne. Denne prosessen finn ikkje stad hjå menneske med autoinflammatoriske tilstandar – faktisk kan ein immunreaksjon forårsake ein ubalanse som forverrar tilstanden til ein pasient.
‘Dette er tilfellet med kvar autoimmune eller autoinflammatoriske tilstand, fordi immunforsvaret prøver å kontrollere seg sjølv, men dersom du er råka av noko anna, so kan det nivået av kontroll bli redusert,’ sa dr. Savic.»
