Når den sjølverklærte eliten i Davos bruker minst ein heil arbeidsdag på å snakke om «Sjukdom X», som visstnok skal vere 20 gonger farlegare enn covid-19 (som ikkje var nemneverdig farleg for folk flest), er det grunn til uro. Dette var same gjengen som lanserte plandemien og øydela verdsøkonomien og gjorde verda til ein langt verre stad. Ein kan knapt bruke sterke nok ord for å skildre all lidinga og elenda dei har skapt. Det er særs lurt å lytte når Bond-skurken står der og legg ut om sine planar for verdsdominans. Mac Slavo på nettstaden SHTFPlan.com skriv (mi omsetjing):
«Dei som hevdar å ha eigarskap over dei ‘sivile’ eller slaveklassen, driv no og diskuterer med glødande iver om den enno ikkje utsleppte ‘Sjukdom X’. World Economic Forum sitt årlege møte i Davos, Sveits, på onsdag [17.januar 2024] var ein sjanse til å diskutere Sjukdom X, eit hypotetisk virus 20 gonger meir dødeleg enn covid-19. […]
‘Der er virusstammar som har særs høg dødelegheitsrate som kan utvikle evna til å smitte effektivt frå menneske til menneske,’ sa dr. Amesh Adalja frå Johns Hopkins Center for Health Security.
Desse nyheitene kjem i det ein høyrer gjetord om eit nytt laboratorieskapt virus som har ført til 100% dødelegheit hjå mus.
Herskarane har diskutert denne hypotetiske situasjonen før, men retorikken ser ut til å bli skrudd opp igjen.
‘Det kan vere flaggermus slik som covid-19, det kan vere fuglar slik som fugleinfluensa, eller det kan vere andre typar dyreartar, til dømes svin,’ sa dr. Amesh Adalja […]. ‘Der handlar verkeleg om det grensesnittet mellom menneske og dyr, der interaksjonar finn stad, at desse virustypane får fotfeste.’
Herskaren sa òg at dei allereie har planar liggjande for å kontrollere slaveklassen so fort dei bestemmer seg for at ‘Sjukdom X’ er her.
Generaldirektøren i Verdas helseorganisasjon, Tedros Adhanom Ghebreyesus, sa onsdag [17.januar] i Davos at WHO, i partnarskap med andre globale kontrollorganisasjonar, allereie har sett initiativ i verk som ei førebuing for den neste større pandemien eller epidemien. Denne innsatsen inkluderer pandemifondet for å hjelpe nasjonar med ressursar, ei overføringsplattform for mRNA-vaksine-teknologi for å sikre likestilt vaksinedistribusjon òg til fattige nasjonar, og plattforma for pandemisk og epidemisk etterretning for å forbetre samstyrt overvaking av slavane landa seg i mellom.
Uheldigvis kan denne neste plandemien bli særs ekte og særs dødeleg, ulikt covid-bløffen. Alt vi kan gjere er å bruke vår eigen kritiske sans og slutte med å gje sosiopatar og overherrane meir makt til å kontrollere liva våre.»
Sjå òg «Stadig meir psykopatisk åtferd er teikn på at samfunnet er nær samanbrot», publisert 19.januar 2024.
