Sjå òg «McOppsagt? Kunstig intelligens kan føre til masseoppseiingar av overflødige tilsette i McDonald’s», publisert 18.desember 2023.
Enkelte filialar av hamburgarkjeda McDonald’s i den australske byen Melbourne har no avskaffa bruk av kontantar til å betale for den elendige maten dei serverer. Dette har fått kundar til å sjå raudt, og mange av dei vurderer no å boikotte hurtigmatrestauranten. Dette rapporterer Natural News, og dei skriv (mi omsetjing):
«Det heile byrja då ein misfornøgd kunde delte eit bilete av skiltet på ein McDonald’s drive-in i Clayton South, Melbourne, der kundar vart informerte om at kontantar ikkje ville bli aksepterte på spesifikke tidspunkt.
Ifølgje biletet av skiltet, som vart delt på Facebook-gruppa ‘Cash is King’, ville betaling med kontantar ikkje lenger bli akseptert frå midnatt til seks om morgonen, på grunn av tryggleiksomsyn for både tilsette og kundar. ‘Takk for dykkar vidare samarbeid og forståing’, stod det å lese på skiltet.
Kunden var openbert ikkje fornøgd med bodskapen. ‘Boikott denne Mækker’n’, skreiv kunden, og refererte til kallenamnet for McDonald’s [Macca på australsk engelsk, her omsett til norsk Mækker’n]. ‘Eg går ikkje der so ofte, men eg har vore der i årevis og fyrst i dag har eg sett dette.’ […]
Ifølgje reportasjar gjeld dette berre restaurantar aust og sør i Melbourne, der ein føretrekkjer kontantlaus betaling. Kontantar blir framleis aksepterte dersom dette er det einaste betalingsalternativet.
Ein talsperson for McDonald’s forklarte òg at føretak i desse delane av Melbourne introduserte tiltaka for å sikre tryggleiken til både tilsette og kundar. Talspersonen sa at endringa av retningslinjer ‘inkluderte å be kundar bruke kontantlaus betaling der dette er mogleg’.
‘Tryggleiken og velværet til folket vårt og kundane våre er vår høgste prioritet,’ la talspersonen til.
Talspersonen refererte ikkje til noka spesifikk hending som kunne ha forårsaka endringa, men Victoria-politiet driv og etterforskar ein mann med hette som rana ein McDonald’s-tilsett med kniv på ein restaurant sør-aust i Melbourne.
I ei melding åtvara politiet at ‘ein ukjent mann gjekk inn i nokre hurtigmat-lokale i Cheltenham Road i november’. ‘Betjentar har blitt fortalt at mannen gjekk mot disken, før han tok fram ein kniv og kravde pengar frå kassen,’ heldt meldinga fram.
Etterforskarar har òg sagt at den tilsette gav mannen ei mindre mengd pengar før han forlét restauranten gjennom ei sidedør.
I mellomtida aksepterer enkelte KFC-butikkar i New South Wales, inkludert Morriset, Lakehaven og North Wyong no berre kort eller digitale betalingsmåtar.
I KFC-restauranten i Morriset, lokalisert sørvest for Lake Macquarie, informerte eit stort skilt kundar om at alle transaksjonar no er ‘kontantlause’. Det same vart so innført i KFC-butikken i Westfield Knox.
Ifølgje Australian Competition and Consumer Commission (ACCC), er ikkje føretak plikta til å ta imot kontantar, og avgjerda til KFC er ‘fullstendig lovleg’.
På nettsida si forklarte ACCC at det er opp til føretak å avgjere kva for betalingsmåtar dei aksepterer.
‘Det er lovleg for eit føretak å spesifisere vilkåra som dei tilbyr varer og tenester med. Dette inkluderer om dei vil ta imot kontantar som betaling eller ikkje,’ la ACCC til.
Derimot åtvara forbrukar-vaktbikkja at føretak må vere tydelege rundt kva for typar betaling dei aksepterer. […]
Endringa på filialane til McDonald’s og KFC kjem i det ekspertar spår at Australia kan bli kontantlaust innan 2026, spesielt etter at kontantbestillingar i kommersielle bankar gjekk ned i finansåret 2022/23, der Reserve Bank of Australia (RBA) berre utstada ein tredjedel av den vanlege årsmengda.
Angel Zhong, ein finansekspert ved Royal Melbourne Institute of Technology, forklarte at det at digitale transaksjonar er lettvinte har resultert i at mange føretak føretrekkjer slike i staden for tradisjonelle betalingsmetodar.
Zhong sa at fordi teknologi blir stadig meir avansert og samanknytt, er der no mange ‘nyskapande plattformer frå mobil-lommebøker til kjøp-no-betal-seinare-planar’, som alle prøver å få eit stykke av denne veksande marknaden.
Den australske bankforeininga sin nylege rapport la òg fokuset på den raske utvidinga av digital-betalingsindustrien.
Rapporten avslørte at betalingar via digitale lommebøker på smarttelefonar og klokker har skote i vêret frå 746 millionar dollar i 2018, til meir enn 93 milliardar i 2022. I tillegg representerer kontantar no berre 13% av kundebetalingar i Australia per slutten av 2022, noko som indikerer ein betydeleg nedgang frå 70% i 2007.
Den føderale regjeringa har òg erkjent denne trenden ved å innføre reformer for å regulere dei som tilbyr digital betaling.
Reformene vil stille kjøp-no-betal-seinare-planar og digitale lommebøker slik som Apple Pay og Google Pay under den same overvakinga av Reserve Bank of Australia som vanlege kreditt- og debetkort.»
I Noreg er butikkar framleis pliktige til å ta imot kontantar frå kundane. Dette er heimla i Sentralbanklova §3-5 (1), som seier at setlar og myntar er tvinga betalingsmiddel, og Finansavtalelova §2-1 (3), der det står at ein forbrukar alltid har rett til å føreta oppgjer med tvinga betalingsmiddel hjå betalingsmottakaren. Dette gjeld privatpersonar, ikkje næringsverksemder. 1.september 2022 sendte Justis- og beredskapsdepartementet ut eit forslag om endringar i finansavtalelova til høyring, der målet var å styrke retten forbrukarar har til å betale med kontantar.
