Dersom Biden har demens, er han ein trugsel mot den nasjonale tryggleiken

Ben Armstrong i tidsskriftet New American hevdar at eit hemmeleg opptak som viser at Det kvite huset slit med demensen til president Joe Biden, beviser at USA står overfor ein trugsel mot den nasjonale tryggleiken. Dette skriv Natural News (mi omsetjing):

«‘Ein trugsel mot den nasjonale tryggleiken: Hemmeleg opptak avslører at Det kvite huset slit med Bidens demens. Dette er ei større historie enn eg trur folk eigentleg innser,’ sa Armstrong under 2.februar-utgåva av The Ben Armstrong Show.’ Journalisten lovpriste òg James O’Keefe, som no leiar O’Keefe Media Group (OMG), for å eksponere ‘det som høgtrangerte tenestefolk i Det kvite huset eigentleg meiner’.

Ifølgje Armstrong er Bidens demsn i ‘rivande’ utvikling, og det å få den utøvande greina til å innrømme det heilt openlyst er utruleg. Likevel la han vekt på at det er viktig at folk må forstå dette gjennom ei nasjonaltryggleiks-linse.

‘Vi står overfor fiendar som ser ut som dei har tenkt å gå til åtak på oss. Og vi har ein fyr som våre eigne folk i Det kvite huset trur har demens, og han skal liksom beskytte nasjonen vår. Det speler ei enorm rolle. So dette er truleg ein av dei største videoane, sjølv ved fyrste augnekast. Han berre bekreftar alt det som vi allereie veit, som at amerikanarar seier ‘eg veit at Joe Biden har demens’.’

Armstrong spelte deretter av det hemmelege opptaket O’Keefe gjorde med Charlie Kraiger, ein tilsett i Det kvite hus sitt Executive Office of the President (EOP). Grunnleggjaren av Project Veritas spurde Kraiger om Bidens demens, som den statstilsette svarte på ved å seie at presidenten definitivt blir tregare.

Journalisten i New American-tidsskriftet [Ben Armstrong] skildra deretter Biden som ‘ein open trugsel mot den nasjonale tryggleiken’, og heldt fram: ‘Dersom hans eigen stab i Det kvite huset seier at han har demens, er det ein risiko,’ Armstrong peikte ut at fiendane til USA allereie veit om at Biden er kognitivt svekt, og dei driv no med aktiv førebuing.

Det kvite huset DEKKJER OVER Bidens demens

Armstrong spelte òg av eit intervju med O’Keefe i Bannon’s War Room-podcasten om det hemmelege opptaket. OMG-grunnleggjaren [O’Keefe] sa til den tidlegare sjefsstrategikaren i Det kvite huset, Steve Bannon, at ifølgje Kraiger ønskjer dei ikkje at folket skal vete at Biden har demens og blir tregare. Dette, heldt O’Keefe fram, er eit bedrag av den amerikanske veljarmassen.

Bannon sa at temaet sanneleg er eit massivt nasjonaltryggleiksproblem, før han spurde O’Keefe om han forventar ein invitasjon frå Kongressen for å vitne. Gravejournalisten svarte negativt på dette, og sa at han tviler på at det vil skje sidan dei ikkje ønskjer at han skal framstå som truverdig.

Den tidlegare Kvite hus-strategikaren [Bannon] nemnde òg at fleire har påpeikt at Biden bevegar seg sakte, og strevar seg gjennom talane sine. Men det er temmeleg annleis når ein Kvite hus-tilsett nær han innrømmer denne opne hemmelegheita. Til slutt sa Bannon at det at Det kvite huset er fullstendig klar over Bidens demens, tydar på at der har funne stad ei massiv overdekking. […]

O’Keefe trur at dette er eit av dei viktigaste opptaka han har gjort i heile sin karriere, fordi det er med ein tilsett i Det kvite huset. Gravejournalisten og filmskaparen sa at folk flest i USA ikkje følgjer med, men når nokon innrømmer noko rett ut or munnen, speler det ei rolle fordi den personen seier noko truverdig.

OMG-grunnleggjaren sa til slutt at dette truleg vil føre til noko annleis, og sa: ‘Eg trur dette er ei forbløffande innrømming og mange menneske påpeiker det. Videoen har allereie 20 millionar visningar. Den største videoen sidan Pfizer [intervjuet med Jordon Trishton Walker i januar 2023; oms.an.].»

Kommenter innlegget