Av Calvin Freiburger, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.
Farmasigiganten Pfizer har respondert på ei bombe av ei etterforsking gjort av Project Veritas, og insisterer at dei «ikkje har utført gain-of-function eller styrt evolusjon-forsking», trass kommentarar frå ein openberr Pfizer-kontraktør som vart teken i å røpe seg i ein undercover-video.
Onsdag kveld [25.januar 2023] offentleggjorde Veritas ein video der Jordon Trishton Walker, identifisert som direktør for forsking og utvikling for strategiske operasjonar og mRNA-vitskapleg planlegging hjå Pfizer, fortel ein undercover-journalist at covid-19 har vore ei «pengeku» for selskapet, og sa at dei kanskje undersøkjer moglegheita for å skape muntantstammar av viruset for å «som førebyggjande tiltak utvikle nye vaksinar» sjølv om «det er ikkje kva vi seier til folket».
«Lov meg at du ikkje seier det til nokon,» ber Walker i videoen, før han deretter trekkjer i tvil det politisk eksplosive «gain of function»-merket (som inneber å bevisst forsterke virus for å betre studere dei potensielle effektane deira) i favør av «styrt evolusjon» [engelsk directed evolution], som han insisterer er ei tilstrekkjeleg «langsam» form for utforsking.
«Måten det kan fungere på, er at vi set viruset inn i apar, for deretter å få dei til å smitte kvarandre igjen og igjen, før vi samlar inn serieprøvar frå dei,» seier han.
Etter at videoen vart offentleggjort, stilte enkelte spørsmål ved om Walker faktisk nokosinne jobba for Pfizer (Veritas-grunnleggjar James O’Keefe og andre har sidan produsert dokumentasjon som indikerer at han gjorde det), eller, med orda til den britiske aktivisten og podcasteren Maajid Nawaz: «Pfizer kan ha iscenesett heile greia for villeiing som i sin tur ville kunne blitt motbevist».
[Sjå òg Saksyndig sin artikkel om ei kjelde som stilte liknande spørsmål rundt autentisiteten til Walker.]
Fredag kveld [27.januar 2023] kom Pfizer med ei pressemelding, kanskje for å «rette opp i ting»:
«Gjennom å arbeide med kollaboratørar har vi utført forsking der det originale SARS-CoV-2-viruset har blitt brukt til å uttrykkje piggproteinet frå nye variantar som vi fokuserer på,» sa selskapet. «Dette arbeidet blir gjort so fort ein ny aktuell variant har blitt identifisert av folkehelseautoritetar. Denne forskinga gjev oss ein måte å raskt vurdere evna til ein eksisterande vaksine til å indusere antistoff som nøytraliserer ein nyleg identifisert aktuell variant. Deretter gjer vi desse dataa tilgjengelege gjennom fagfellevurderte vitskaplege tidsskrift og bruker dei som eit av stega for å vurdere om ei vaksineoppdatering er påkravd.»
«I tillegg, for å tilfredsstille amerikanske og globale reguleringskrav for vår orale behandling, PAXLOVID (registrert varemerke), utfører Pfizer in vitro-arbeid (altso i ei dyrkingsskål i eit laboratorium) for å identifisere potensielle motstandsmutasjonar mot nirmatrelvir, ein av dei to komponentane i PAXLOVID,» heldt Pfizer fram. «Med eit naturleg utviklande virus er det viktig å rutinemessig vurdere aktiviteten til ein antiviral. Mesteparten av dette arbeidet blir utført ved bruk av datasimuleringar eller mutasjonar av hovud-proteasen – ein ikkje-smittsam del av viruset. I eit avgrensa tal tilfelle når eit heilt virus ikkje innheld nokon kjende gain-of-function-muntasjonar, kan eit slikt virus bli konstruert til å late oss vurdere antiviral-aktiviteten i cellene. I tillegg blir in vitro-motstand-seleksjonsseksperiment utførde i celler inkubert med SARS-CoV-2 og nirmatrelvir i vårt trygge Biotryggleik nivå 3 (BSL3)-laboratorium for å vurdere om hovud-proteasen kan mutere for å framskaffe motstandsdyktige stammar av viruset.»
«Det er viktig å leggje merke til at desse studiane blir kravde av amerikanske og globale regulatorar for alle antiviral-produkt og blir utførde av mange selskap og akademiske institusjonar i USA og rundt om i verda,» la pressemeldinga til.
Dr. Robert Malone, ein mRNA-teknologi-pioner og framtredande kritikar av covid-19-etablissementet, kalla «ordsalat»-meldinga «som å gje nytt namn til ei barnekidnapping ved å påstå at det var ei improvisert adoptering».
Han antyda at dette ikkje var meir enn eit «oljeglatt og uærleg forsøk av Pfizer på å normalisere alt som sjeldan, men naudsynt for utviklingsprosessen deira», og skreiv at dei «berre nektar for at styrt evolusjon er ein komponent i vaksineutvikling, men lèt den forskingsdøra stå open for pågåande forsking som støttar Paxlovid», og la til at den [pressemeldinga] inneheld «ingen direkte respons som antydar at herr Walker laug», og «dei innrømte bokstavleg tala at dei vidaredelegerte til eksterne aktørar å utføre forskinga som ville bli sett på som ei gråsone for Pfizer å gjere sjølve.»
I kjølvatnet av den opphavlege reportasjen publiserte Veritas ein andre video der Walker reagerer sterkt på å bli konfrontert av O’Keefe; han tilkalla politiet og truga med å saksøkje han. I den videoen seier Walker at han berre var ein kontraktør og «[hadde] ikkje eingong bakgrunn som vitskapsmann». Han trekte tilbake påstandane sine om å mutere virus ved å hevde at han hadde «loge» for å imponere journalisten, som han trudde at han hadde vore på date med.
Republikanske lovgjevarar inkludert senator Marco Rubio i Florida krev for tida svar frå legemiddelselskapet om situasjonen.