Helmholtz Smith: Kva skjer vidare i Ukraina?

Av Helmholtz Smith, 28.januar 2023. Henta frå Sonar21.com. Omsett av saksyndig.

Eg veit ikkje kva russarane kjem til å gjere i Ukraina, og det veit heller ingen andre utanfor sin høge kommando. Men der har visseleg vore mange feile spådommar. Når ein ser vekk frå den vestlege propagandamølla (meir om dette nedanfor), ser seriøse observatørar ut til å ta feil av timinga. Vi veit at korrelasjonen av styrkar favoriserer Russland, men vi fortentar at ting skal skje raskare. Vi er einige om at Mosvka forventa noko meir kortvarig, mindre blodig og raskare i byrjinga, og vart truleg overraska over motstanden frå Kiev-regimet og NATO si høgst urovekkjande støtte. Difor fann der stad ein oppatt-gjennomgang og tilkallinga av meir styrkar. So langt er vi einige – det er timinga til det neste steget som vi ser ut til å ta feil av.

Eg har tenkt over kvifor det er slik, og har kome med følgjande konklusjonar. Men no veit alle som følgjer med at den ukrainske slagmarka er del i ein verdskrig der dei som kontrollerer det amerikanske imperiet prøver å halde på dominansen sin. For dei som står utanfor NATO si propagandaboble er det generell einigheit om at:

  1. Russland vinn både på den ukrainske slagmarka og i det breiare teateret.
  2. Tida er på Russlands side.

Fyrst den ukrainske slagmarka. Det fyrste målet i krig er å øydeleggje makta til fienden, og det gjer Russland, spesielt i Bakhmut-slakteriet. Kiev er so bestemte på å stå og kjempe her og russarane lèt dei med glede drive på slik – «artilleri erobrar og infanteri okkuperer» – og det er det vi ser her. Sakte, men sikkert avanserer dei russiske styrkane over fjell av ukrainske lik. I den siste veka har russiske styrkar byrja å avansere på andre frontar òg. Denne nedslipinga kan halde fram heilt til Ukraina kollapsar, fordi det er lettare for russarane å late fienden kome til dei enn å gå etter dei. I mellomtida øydelegg russiske missil den infrastrukturen som Kiev treng for å halde fram krigen. Tid og utviklingar favoriserer Russland, og det er ingen incentiv for å gjere «Big Arrow»-rørsler. [det obskure engelske idiomet «Big Arrow» («stor pil») tydar at alle einingar i ei gruppe er fokuserte på eitt mål; oms.komm.]

I den større krigen har sanskjonane som var meint å knuse Russland slege tilbake, og vi har overskrifter slik som «Inflasjon i Europa fell, men matprisar stig», og folk som frys i hel i England. Inflasjonen fell fordi behova fell, og behova fell fordi forretningar stoppar opp på grunn av prisen på drivstoff. Tyskland sitt PMI er i tilbakegang. [PMI = Purchasing Manager’s Index; ei oversikt over rådande trendar i produksjons- og service-sektorar; oms.an.]. Ingen (bortsett frå dei som bur i bobler i NATO) burde vere overraska – de sanksjonerte den største energieksportøren, den største korneksportøren og ein stor eksportør av kalium; forventa de at prisane skulle gå ned? Alt treng energi og alle treng mat. NATO-sameininga er på gyngande grunn med Tyrkia, Sverige og Finland. Ungarn legg offisielt merke til lidingane til ungararar i Ukraina. Ein vurderte å dele opp Ukraina. Macron mistenkjer at USA bevisst svekkjer sine europeiske allierte. Lurte nettopp Washington Berlin til å gå inn fyrst – nøyaktig når vil Abrams gå der? NATO byrjar no å ta av sine aktive lager (Estland sluttar seg til Danmark i å sende alt artilleriet sitt). (Og, ikkje det at nokon spør, men kven sprenge Nord Stream i lufta?) Opprør og protestar over heile Europa. Kva skjer i Kiev? Dess lenger dette held fram, dess svakare blir Russlands fiendar. So i den store krigen favoriserer tid og utviklingar Russland, og der er ingen incentiv til å gjere «Big Arrow-rørsler.

Difor burde Russland halde fram med å gjere det dei gjer og halde den store styrken som reserve – ingen grunn til å endre nokon ting – det svekkjer og reduserer fiendane deira.

Men.

Kor galne vil NATO bli? Strategien deira er totalt mislykka. «Øydeleggjande sanksjonar» har ikkje fått den russiske økonomien til å kollapse, ei heller har dei styrta Putin eller fått befolkninga til å reise seg. Berre det motsette – når til og med The Economist må innrømme at Russland «klarte seg betre enn forventa», veit de at dei faktisk har det som plomma i egget. Mirakelvåpena – Bayraktar-ar, Javelin-ar, M777-ar, HIMARS, Gepardar, Patriotar og no stridsvogner – har ikkje gjort anna enn å forlenge Ukraina sine lidingar og gjere Wagner og Akhtmat Sila til dei beste urbane kjemparane i verda. Kva skjer vidare? Kan NATO reversere seg sjølv? Kan dei overleve nok eit nederlag? Eller, som Larry [Johnson] lurer på, køyre rett inn i Grand Canyon? Kva ny galskap vil dei kome med når stridsvognene mislykkast? (Kan de førestille dykk kor mykje av skaftet kjøleskap-bablarane vil gå dersom desse tinga fungerer? CNN bekymrar seg – «Tenk på propaganda-sigeren for den russiske presidenten Vladimir Putin dersom bilete dukkar opp av handikappa amerikanske stridsvogner på ei ukrainsk slagmark».)

Difor trur eg at den russiske høgstekommandoen står i ei vedvarande avgjerdsløkke. Kvar morgon vurderer dei om dei skal halde fram den noverande strategien eller byrje «Big Arrow»-rørsla for å gjere slutt på den før NATO gjer noko ugjenkalleleg dumt. Det er ein varsam balansegang.

Kort fortalt vil den russiske høgstekommandoen gjere det dei gjer, og halde tilbake reserven til dei bestemmer seg for at no er det på tid å gjere slutt på det. Og det er ei avgjerd som berre dei kan gjere basert på informasjon som berre dei kan vete.

So kanskje startar «Big Arrow»-offensiven i morgon, eller kanskje den aldri nokosinne treng å bli starta.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s