Etter å ha sikra seg nye stridsvogner frå USA og Tyskland, krev Ukraina no F-16-kampfly for å kjempe mot Russland

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ukraina får tydelegvis alt dei peiker på.

Etter å ha regelrett pressa Vesten til å strø haugar av pengar og no stridsvogner over seg, er det neste kravet frå Volodymyr Zelensky sitt regime F-16 og andre fjerde generasjons kampfly.

Ifølgje den ukrainske forsvarsministeren Oleksiy Reznikov, trappar Kiev no opp sine krav og driv lobbyverksemd for nyare vestlege fly til å erstatte sin vesle, aldrande flåte av Sovjet-fly.

«Det neste store hinderet vil no vere kampfly,» sa talsperson i forsvarsministeriet Yuriy Sak. «Kvar type våpen vi ber om, trong vi i går.»

Ukraina er særs utolmodige for tida etter at Russland visstnok hadde nylege sigrar både i dei austlege og sørlege delane av landet. Ukrainske styrkar har òg fullstendig trekt seg ut av Soledar.

«Vi vil gjere alt i vår makt for å sikre at Ukraina får fjerdegenerasjons kampfly so snart som mogleg.» (Relatert: Berre 30%, i beste fall, av desse våpena kjem seg faktisk til Ukraina – sjekk ut CBS-dokumentaren Arming Ukraine for å lære meir.)

Vestleg lydigheit overfor Zelensky sine krav driv oss stadig nærare Tredje verdskrig

Heilt sidan Zelensky fyrste gong viste seg i Kongressen – den amerikanske Kongressen, berre for å presisere – har «handlelista» hans av krigsmateriell-krav vakse.

16.mars i fjor kravde Zelensky at amerikanske lovgjevarar gav han jetfly og antiluftforsvar for å hjelpe til med å «lukke himmelen» over Ukraina – eit krav som på den tida var upopulært blant det amerikanske folket fordi å gjere dette ville innebere å innføre ei «ikkje-fly-sone», som ville vere ei de facto krigshandling.

Sidan den tid har derimot Zelensky fått det han har bedt om, og The Hill rapporterer at:

«Vestlege kampfly og langdistanse-artillerieiningar, som vil late Ukraina råke russiske styrkar djupare inn i okkupert territorium, vil sannsynlegvis vere den neste debatten for NATO.»

Dess meir Vesten lyder Ukraina sine krav, dess større eskalering mellom Russland og Ukraina – og mellom Russland og Vesten i sin heilskap. Vi driv stadig nærare Tredje verdskrig, og Kongressen er direkte ansvarleg for den ved å halde fram med å sende pengar og våpen til Ukraina.

Somme kan argumentere at vi allereie er i Tredje verdskrig, men at det verste enno ikkje er kome. Éin ting er sikkert: ting blir verre dag for dag – og på eitt punkt må noko gje etter.

I mellomtida skryter Ukraina offentleg over kor lett det er å få alt dei vil ha, ved rett og slett å krevje det frå vestlege «leiarar».

«Dei ville fyrst ikkje gje oss tungartilleri, og so gjorde dei det,» sa Sak. «Dei ville ikkje gje oss HIMARS-system, so gjorde dei det. Dei ville ikkje gje oss stridsvogner, no gjev dei oss stridsvogner.»

«Dersom vi får dei, vil vi få enorme fordelar på slagmarka. Det er ikkje berre F-16-fly: fjerde generasjons fly, det er dette vi vil ha. Bortsett frå kjernevåpen, er der ingenting igjen som vi ikkje vil få.»

Den reinspikka arrogansen og hovmodet til det ukrainske etablissementet er augeopnande – og ikkje berre fordi det Sak seier er sant, som det er. Det som er desto verre, er det faktum at amerikanarar berre lèt alt dette skje med sine skattedollar som om det er fullstendig normalt.

Pentagon-talsmann John Kirby sa denne veka at det amerikanske militær-industrielle komplekset er i «konstante diskusjonar» med Ukraina om kva som vil bli gjeve til dei i neste omgang.

«Eg kan ikkje klandre ukrainarane for å ville ha fleire og fleire system,» sa Kirby. «Det er ikkje fyrste gong dei har snakka om kampfly, men eg har ikkje andre ytringar å kome med på den fronten.»

«Dette er i grunnen det som skjedde i Vietnam òg,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet om situasjonen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s