Kollapsen av covid-forteljinga – vil nokon leggje merke til det?

Av Paul Craig Roberts, henta frå Free West Media. Omsett av saksyndig.

Sjå òg «Er viral video som visstnok avslører konspirasjon i Pfizer ei felle? Det er noko som ikkje stemmer med mannen i klippet, Jordon Trishton Walker», publisert 28.januar 2023.

Project Veritas, den største sanningsforteljaren i vår tid, gjer opptak av Jordon Trishton Walker, Pfizer-direktør for forsking og utvikling, strategiske operasjonar mRNA vitskapleg planleggjar, medan han skildrar korleis Pfizer fullstendig har fanga reguleringsbyråa, og Pfizer sin plan for å mutere virus slik at Pfizer vil håve inn endelaus profitt av å selje vaksinar.

Denne innrømminga er skandaløs. Ikkje forvent å høyre det frå horemedia. Ikkje forvent at Kongressen skal setje på spel politikk-kampanjedonasjonane frå Big Pharma ved å etterforske det. Big Pharma og deira føderale reguleringsbyrå sine brotsverk mot menneskeheita vil halde fram med uforminska kraft.

Du kan sjå videoen av innrømminga her.

Dr. Robert Malone skildrar den amerikanske farmasøytiske industrien:

«Blotta for empati. Grådigheit er føremålet deira. Trynet deira skin av glede, uvetande om den djupe menneskelege tragedien dei forårsakar, der dei veltar seg i skaden påført menneskeheitas nett og strukturen til ein nasjon. Uvetande om skrekken som blir lekamleggjort i orda deira, i sjølve veven av språket deira. Besett av ei klokkartru på eigen berettigelse. Osande av svimlande narsissisme. Dei feirar korrupsjon. Fullstendig blotta for visdom og evna til introspeksjon og innsyn i den fundamentale perverteringa av sjela deira.

Ein senior-emissær frå eit umoralsk konsern, som domstolar har definert som å ha rettar som tidlegare var meint for menneskeborgarar, og som kronisk jaktar på og nærer seg av menneskeleg liding. Eit konsern som ristar av seg massive bøter for ulovlege aktivitetar som om det var nok ei triviell ubeleilegheit, berre ein del av driftskostnadene.

Sjå djupt inn i ansiktet på denne ambassadøren frå ei anna verd, lytt nøye til desse orda. Dette er slik vi hamna her. Dette er kulturen som har gjeve oss denne globale mennesketragedien.

Sjå det banale fjeset på vondskap som aldri angrar.»

Den amerikanske farmasøytiske industrien

Medan USA sin Big Pharma-tenar og marknadsføringsagent, Food and Drug Administration, godkjenner og hjelper til med å marknadsføre covid-sprøyter for babyar, som altso for fyrste gong i historia forårsakar hjarteinfarkt hjå babyar, har den britiske regjeringa slutta å tilby covid-vaksineboosterar for folk under 50.

Den britiske regjeringa kunne ikkje avvise tilrådinga frå Joint Committee on Vaccination and Immunization om å gjere slutt på booster-kampanjen for mesteparten av aldersgruppa. Grunnen – ei overdekking – ser ut til å vere at ingen med vit og forstand lenger ønskjer ein booster, so programmet er ikkje økonomisk effektivt. Men programmet held fram for «høgrisiko-personar» og «for å beskytte National Health Service».

Ei nyleg amerikansk spørjeundersøking avslørte at 48% av respondentane meiner overtalsdødsfall og plutselege dødsfall har covid-vaksinen som forklaring. 35% trur det ikkje, og 28% kjenner nokon som døydde etter vaksinasjon.

Steve Kirsch, som har jakta på sanninga om «vaksinen» like mykje som andre, har konkludert at «Dødsfallsregistreringane viser at covid-vaksinane forkortar levetida over heile verda».

So kjære lesarar, den amerikanske farmasøytiske industrien, amerikanske politikarar slik som Joe Biden og dykkar eigne politikarar, bøllete, korrupte medisinske byråkratar slik som Tony Fauci, horemedia, konsernmedisin, dykkar korrupte arbeidsgjevarar, dykkar skular og universitet og flyselskap, og militære, og sjukehus, har tvinga dykk til å bli injiserte med ein dødeleg substans. Overtalsdødsfall etter «vaksinasjonskampanjen» sprengjer alle skjema. Fruktbarheita kollapsar. Og der er ingen evidens for nokon fordelar av «vaksinen».

Her vitnar dr. Fleming under eid at covid er eit biovåpen skapt av den amerikanske regjeringa: har de tenkt å gjere noko med det?

Eller har de tenkt å sitje der og suge på tomlane medan de lèt dykk lure av det neste bedraget, og det etterfølgjande, for alltid?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s