27.januar 2023 publiserte iNyheter-redaktør Helge Lurås ein artikkel om stoda til eldreomsorga i Noreg. Nyleg sendte NRK ein Brennpunkt-dokumentar som viste fleire døme på omsorgssvikt for eldre, og denne svikten var temaet på Debatten torsdag 26.januar. Lurås sin analyse av situasjonen er at «våre» politikarar ser ut til å vere meir interesserte i å bruke pengar på bistand, USA og NATO sin stadfortredarkrig mot Russland («Ukraina-krigen»), Forsvaret, klimatiltaka og integrering av asylsøkjarar. Eldreomsorga står ribba igjen, og blir den ævelege salderingsposten. Sjølv ein rik oljenasjon som Noreg har ikkje råd til å bruke pengar på absolutt alt – iallfall ikkje når store pengesummar blir sendt til utlandet.
Folket koker av raseri og vil skifte ut politikarane som til ei kvar tid sit på Stortinget, men ifølgje Lurås er problemet sjølve rammevilkåra. So fort ein ny bøling politikarar kjem på Stortinget, tvingar nokon dei til å halde fram med same politikken som forgjengarane. Folket trur feilaktig at det er politikarane som personar som er problemet, når det er sjølve systemet som er det. Med Lurås sine eigne ord: «Bare vi får byttet ut idiotene med noen smarte (oss selv), vil alt bli så mye bedre».
Å presse individet inn i dette dysfunksjonelle systemet blir gjort frå dag éin, mellom anna på skulane: «[…] sosialserings- og utdanningssystemet vårt klarer ikke å skape individer som er sterke nok til å motstå forventningene om tilpasning og konformitet». Vi ser mellom anna ei kollektiv handlingslamming: alle skal halde kjeft og følgje ordrar frå toppen – og toppen er EU, FN, WHO og andre supranasjonale organ.
Lesaren Feliz Navidad kom i den anledning med ein glimrande og treffsikker kommentar der han listar opp det han meiner er problema i det norske samfunnet. Kommentaren kan lesast i sin heilskap i linken ovanfor. Her gjengjev eg innhaldet med mine eigne ord:
- Vi er bundne på hender og føter av EU.
- Vi har ein altfor stor administrasjon. Den er tungrodd og uoversiktleg i alle ledd, dette gjer det umogleg å få til nokon endringar. So fort ein er over eitt hinder, møter ein straks eit nytt.
- Lovverket er so uthola, og tallause Høgsterettsdommar har sett presedens, men få veit kva som konkret gjeld.
- Ukvalifiserte kvinner sit i toppverv. Og dei veit at dei er ukvalifiserte. Kvinner har eit ibuande instinkt som gjer at dei vegrar seg for å ta upopulære avgjerder. Dei går rundt grauten i form av tallause møte. Dei har ei botnlaus frykt for å bli utstøytte av flokken, og torer difor ikkje å skjere gjennom med eigne meiningar og synspunkt. Dei styrer med hjartet og kjensler i staden for rasjonalitet og fornuft.
- Vi har politikarar som er broilerar utan verken fagleg eller arbeidsrelatert erfaring. Desse er lette å styre for mektigare krefter. Dei tek til takke med knappar og glansbilete. Dei har ikkje kunnskap til å slå i bordet for å ta ei avgjerd som kanskje ikkje alle er einige i, men som er avgjerande viktig.
- Pressa stiller aldri kritiske spørsmål lenger. Verkeleg journalistikk finst no berre hjå uavhengige media. Alt skal vere koseleg og ukontroversielt, og dei skal fungere som mikrofonstativet til makta, i staden for vaktbikkja som held makta i taumane.
- Kvite menn over 50, med utdanning, arbeidserfaring og sunt bondevit, er blitt pariakasten i samfunnet. Grunnen til dette er at det er dei som er i stand til å kle dei tanketomme neka nakne og eksponere dei for det dei eigentleg er. Det var desse mennene som burde ha bestemt.
- Hovudstraumsmedia kan like gjerne skifte namn til medstraumsmedia. Dei er servile nikkedokker som gjer det dei får beskjed om, og dei får betalt for å hylle den rådande, høgst dysfunksjonelle maktstrukturen.
- Dei som styrer er so inkompetente at den einaste måten å ikkje bli avslørt på, er å innføre det som i praksis er fascisme: Sensur, undertrykking og bruk av statlege organ (til dømes politi) som våpen mot «system-kritikarar».
- Sokalla «influenserar» er ungdommar som får betaling for å spy ut politisk korrekt propaganda, og det same er «komikarar».
- Vi har fleire hundretusen offentleg tilsette som ville protestere høglytt om offentleg administrasjon blir nedbygt. Samfunnet har fleire tullejobbar enn nokosinne, men kollektivt hindrar alle desse unyttige fjolsa at dette dysfunksjonelle systemet blir reformert eller beint fram avskaffa.
- Folk vågar ikkje å seie meininga si høgt, av frykt for å misse jobb og venner.
Det overordna problemet er etter mi meining at EU og andre har teke kontrollen over landet, og organisasjonar som World Economic Forum (WEF) har dyrka fram sokalla Young Global Leaders, som med WEF-sjef Klaus Schwab sine ord har «penetrert» regjeringar og kabinett i heile den vestlege verda. Dette systemet installerer hjernevaska, relativt unge menneske i maktposisjonar som krev kunnskap og erfaring som ligg langt over hovuda deira. WEF saman med organisasjonar som EU, FN og WHO, utgjer med andre mektige aktørar den supranasjonale djupstaten. Denne maktkabalen styrer no den vestlege verda, inkludert Noreg, og det er i deira interesser å ha slike «gallionsfigurar» på toppen av maktpyramiden i vestlege land. Desse marionettane vil naturlegvis utføre ordrar utan å mukke, men blir fullstendig rådlause om dei må svare på spørsmål som ikkje står i dei manusa dei har fått frå herrane sine og pugga til punkt og prikke.
Det er eit gjennomgåande og nesten konsekvent trekk at ukvalifiserte personar blir installert i viktige toppverv. Kvinner blir som regel valt fordi dei er lettare å få til å underordne seg og følgje ordrar blindt. Dette gjeld derimot ikkje berre toppverv; leiarstillingar generelt ser ut til å få ein stadig større andel kvinner. Om du nokosinne sit med kjensla av at sjefen din og sjefens sjef er idiotar, so kan dette vere eit faktum og ikkje berre dine tankar. Om du meiner det er urimeleg at folk som aldri har jobba innan helse eller har helsefagleg utdanning blir helseministrar, er du på riktig kurs.
Manglande midlar til eldreomsorga er diverre berre eit symptom på eit system som med vilje er skakkøyrt. Eg er òg stygt redd for at det ikkje er mangel på evne som ligg bak, men mangel på vilje. Kanskje til og med vond vilje. Når eit menneske har utspelt rolla si for Staten, bør vedkomande helst finne ein mørk krok og døy. Dei installerte nikkedokkene i toppverv og på papiret mektige leiarstillingar har vel få eller ingen problem med å godta dette, sidan dette sjølvsame systemet har gjeve dei sjenerøse lønningar, einebustader til 20 millionar og sprengfulle bankkontoar. Dei lever herrens glade dagar fordi dei har gjeve frå seg ryggrada si og retten til å kome med eigne meiningar – om dei då har nokon i det heile. Dette forplantar seg til resten av folket, der mange, skremmande nok, har denne gjengen som sine førebilete.
Dette systemet har ført til at du risikerer å misse alt du eig og har om du går mot straumen. Dette fører diverre til at folk flest heller held kjeft og lèt alt gå til helvete. Aldri før har ytringsfridom hatt ein større pris – og aldri har det vore viktigare å forsvare den for ein kvar pris. Hadde alle tenkt sjølv, hadde vi aldri hamna i dette uføret.