Er viral video som visstnok avslører konspirasjon i Pfizer ei felle? Det er noko som ikkje stemmer med mannen i klippet, Jordon Trishton Walker

Av Christine Favocci, The Western Journal. Omsett av saksyndig.

Project Veritas er kjent for å på ein ekspertaktig måte lure offera til å røpe dei skitnaste forretningshemmelegheiter – men var dei sjølve offeret denne gongen?

Det braut ut spekulasjonar etter organisasjonen sin siste undercover-video vart sleppt onsdag [25.januar 2023]. Den handla visstnok om ein Pfizer-leiar som innrømte at selskapet kan drive og mutere koronaviruset ved hjelp av apar som smittar kvarandre, noko han kalla «styrt evolusjon» [engelsk directed evolution] for å kapre marknaden for vaksinar mot nye variantar.

Mannen, som Project Vertias identifiserte som Pfizer Research and Development Strategic Operations Director Jordan Walker [eigentleg Jordon Walker; oms.an.], bobla over med påstandar som anten var eksplosivt materiale eller instruerte løgner.

Videoen følgde det vanlege formatet, der Walker snakka med ein undercover-journalist som spelte det heile inn med skjult kamera.

«Vel, ein av tinga vi utforskar er, kvifor muterer vi det ikkje berre sjølve, liksom, so vi kan fokusere på, skape, som eit førebyggjande tiltak utvikle nye vaksinar?» fortalde Walker undercover-journalisten.

«Du må vere svært kontrollert for å sikre deg om at dette viruset som du muterer ikkje skaper noko som berre går overalt,» sa han vidare. «Som, eg mistenkjer, er måten viruset starta i Wuhan, for å vere ærleg. Det gjev inga meining at viruset dukka opp ut av ingenstads. Det er pisspreik,» la Walker til.

Videoen hadde per torsdag ettermiddag [26.januar 2023] 23 millionar visningar i det historia som låg bak byrja å ta meir bisarre vendingar.

Ikkje lenge etter offentleggjeringa, mekka gravejournalisten George Webb saman sin eigen video der han prøvde å underminere Walker sine påstandar ved å gå etter nøkkelfakta rundt mannen, inkludert hans unge alder (Webb sa at han [Walker] er 28) og tvilsame CV, inkludert moglegheita for at han berre er ein student.

«Vi er vitne til eit journalistisk Hindenburg [luftskipet som brann opp i New Jersey i 1937, der 36 omkom; oms.an.] med #ProjectVeritas og #JordonTrishtonWalker,» la Webb til som merke av sin eigen video.

«Jordon Trishton Walker byrja ikkje i Pfizer som ein byrjarnivå-direktør før mai 2021,» sa Webb i ei etterfølgjande Twitter-melding.

«Callahan plasserte han i Boston Consulting Group for å pimpe Remdevisir-forsøket. Knapt nok ‘ein toppleiar i Pfizer’ som styrer all mRNA-forskinga, som blir hevda av Bob Malone og James O’Keefe,» la Webb til, og refererte til mRNA-utviklar dr. Robert Malone, som saman med O’Keefe diskuterte videoen.

Webb sa at han oppdaga at Walker si LinkedIn-side førde han opp som «student ved Yale», og at han hadde stått bak ein vandalismespøk på skulen [hendinga fann stad i 2011; oms.komm.].

Journalisten sa òg at Jordon er på «ei statleg overvakingsliste» fordi han «utførde eit slags brotsverk».

Men O’Keefe hevda å sjølv sitje på bevisa, medan Internett-detektivar – og O’Keefe sjølv – merkte seg at Google leika med dei ved å fjerne referansar til Walker frå Internett.

Det er ikkje tvil om at mange ting om Walker si historie og bakgrunn kan stillast spørsmål ved etter desse avsløringane og Webb sin reportasje.

Det er sant at Walker si åtferd var markant annleis frå den til andre uvetande varslarar som snakkar med dempa stemmer, og påstandane han kom med om korleis dette vitskaplege føretaket ville utspele seg, verka ukonvensjonelle.

Walker kan ha avslørt sine sanne motivasjonar i eit klipp som dukka opp torsdag [26.januar 2023] som viste etterspelet der O’Keefe konfronterte han.

Walker vart forbanna og slost med O’Keefe og teamet hans.

«Eg prøvde å imponere ein person på ein date,» forklarte han. Han verka genuint panikkslegen at han i vanvare hadde øydelagt livet og karrieren, sjølv om sanne avsløringar visseleg ville tyde det same.

Det er mogleg at Walker var ei lokkedue som prøvde å audmjuke Project Veritas med ei røvarhistorie som ville vere svært enkel å motbevise etter at organisasjonen sette sitt gode namn og rykte på spel i å formidle den.

Eller, kanskje Walker verkeleg prøvde å imponere ein person han var romantisk interessert i ved å framstå som fascinerande, mektig eller rett og slett nokon med kjennskap til temaet.

Det er òg mogleg at Walker fortel sanninga om kva Pfizer har som sitt neste trekk, anten gjennom privilegert kunnskap eller noko han har overhøyrt via sladder og rykte i korridorane.

Kva enn sanninga viser seg å vere, er det ikkje noka overrasking at det er vanskeleg å skilje fakta frå fiksjon i dette tilfellet – men har ikkje det vore slik med nesten kvar einaste forteljing tilknytt covid-19?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s