Dr. Naomi Wolf: «Covid er eit globalistisk biovåpen laga for å sakte avfolke verda»

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Covid-19-viruset og Big Pharma sine mRNA-vaksinar utgjer til saman eit biovåpen utvikla av den globale eliten i samarbeid med Det kinesiske kommunistpartiet (CCP) for å sakte avfolke den vestlege verda, ifølgje dr. Naomi Wolf, som var gjest på Steve Bannon sitt program The War Room i førre veke.

Dr. Wolf pakka det ikkje inn då ho skildra alvoret bak desse farlege giftsprøytene som forårsakar horribel indre skade og drep og lemlestar eit ukjent tal personar i Vesten.

Dr. Naomi Wolf: «Eg trur, som du veit, at dette er eit biovåpen. Eg har utført rapportering som viser at det blir produsert i samarbeid med CCP [resten av setninga er uforståeleg, men er i originalartikkelen the IP, and tech went, per SEC Filing 21 21 to China; oms.komm.].»

Dr. Wolf peikte på at Kina har opna mRNA-produksjonsverk, men at dei ikkje vaksinerer sine eigne innbyggjarar med mRNA.

«Kina opna produksjonsverk over heile Vest-Europa og no i Nord-Amerika. For meg ser det ut som ein sakte måte å uskadeleggjere, om ikkje ta livet av, befolkninga i Nord-Amerika og Vest-Europa. Og eg ser at det blir gjort på ein særs konservativ og tilrådeleg måte. Eg trur det er eksepsjonelt farleg og urovekkjande at dei no fremjar dette som ein årleg ting. Og, naturlegvis kjem dei (FDA) til å dele ut sitt godkjent-stempel på torsdag fordi denne rådgjevingskomiteen er fullstendig bergteken av industrien.»

Dr. Naomi Wolf og The Daily Clout publiserte «War Room/Daily Clout Pfizer Documents Analysis Reports – Find Out What Pfizer, FDA Tried to Conceal».

Dette volumet inkluderer 50 rapportar skrivne av friviljuge i War Room/Daily Clout Pfizer Documents Analysis-prosjektet, som studerte Pfizer-dokumenta som FDA etter rettsleg ordre offentleggjorde.

Ifølgje boka visste Pfizer under dei kliniske forsøka at deira covid-19-mRNA-legemiddel var skadeleg i stor skala, kunne overførast frå person til person, og til og med bidra til dødsfall. Trass denne kunnskapen undertrykte Pfizer og FDA, med god hjelp frå CDC og hovudstraumsmedia, denne informasjonen og hindra folk i å kunne gje informert samtykke til å ta imot behandling.

«E-boka om Pfizer-rapportane gjev til folket ein omfattande analyse av primærkjelde-dokumenta relatert til Pfizer sine kliniske forsøk. Amy Kelly, Project Manager i etterforskingskomiteen knytt til Pfizer-dokumenta, sa: «Folk som tok dette legemiddelet vart ikkje fullt informert om skadeverknadene før dei fekk det, so eit av kjerneprinsippa innan medisin – informert samtykke til pasientar – vart grovt brote.»

«Den banebrytande nye boka sender sjokkbølgjer gjennom Pfizer sitt kriminelle føretak,» skriv The Vigilant Fox i ein omtale av E-bok-dokumenta. Herr Fox skriv vidare: «75 – syttifem – år. Det er kor lenge Pfizer og FDA hadde tenkt å skjule Pfizer-dokumenta frå offentlegheita – lenge etter at so godt som alle involverte partar er døde. Det var ikkje før den anerkjende advokaten Aaron Siri førde ei FOIA-sak mot FDA at ein føderal dommar gav ordre om at dokumenta skulle offentleggjerast i løpet av 108 dagar, den same tida det tok FDA å godkjenne covid-19-injeksjonane.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s