Kven er eigentleg denne «Jordon Trishton Walker»?

Førre veke skapte James O’Keefe og hans Project Veritas overskrifter i heile den vestlege mediesfæren då ein påstått Pfizer-direktør, Jordon Trishton Walker, kom med oppsiktsvekkjande avsløringar om «styrt evolusjon» av SARS-CoV-2-viruset under det han trudde var ein date. Då O’Keefe seinare konfronterte han med det han hadde sagt, reagerte Walker med eit infantilt raseriutbrot der han mellom anna gjekk til fysisk åtak på O’Keefe og teamet hans og ringde politiet. Fleire lurer på om Walker faktisk jobbar for Pfizer, og om det heile var iscenesett. Project Veritas med fleire har funne dokumentasjon på at Walker faktisk er den han gjev seg ut for å vere, men det ser ut til at nokon driv og fjernar denne informasjonen frå Internett no, i eit forsøk på å skape det som på engelsk blir kalla eit memory hole (å fjerne ein person eller ei hending frå det kollektive minnet). I tillegg har dei få artiklane i hovudstraumsmedia om saka blitt fjerna på mystisk vis. Denne artikkelen presenterer meir informasjon om Walker og bakgrunnen hans.

Redaktøren av Saksyndig

Er Pfizers «Jordon Trishton Walker» ein Boston Consulting Group (BCG)-operativ som vart installert for å pushe regjeringa sine vaksine- og utbrotskvotar?

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Dei siste bombene av nokre avsløringar som Project Veritas grov fram i dagen om Pfizer og deira hemmelege, covid-muterande «vaksine»-bløff skaper bølgjer gjennom det uavhengige media. Og vi har fleire sanningar å dele med dykk om det, inkludert sambandet mellom Pfizers Jordon Trishton Walker og Boston Consulting Group (BCG), ein konsern-infiltrator som ser ut til å ha inngått samarbeid med den amerikanske regjeringa om å sleppe laus covid-injeksjonar før den sokalla «pandemien» i det heile teke dukka opp.

Brian O’Shea skriv på sin Substack at Walker ser ut til å vere «lånt ut» frå BCG til Pfizer, der han hjelpte til med å utvikle marknadskalkylar for kreftbehandlingsrelatert terapi i 2021. walker utførde òg ei «effekt-evaluering av verdibaserte betalingsmodellar og covid-relaterte endringar i politikken tilknytt utgiftsdekning på sjukehus for eit amerikansk føderalt helsebyrå». [på engelsk impact evaluation of value-based payment models and covid-related changes in hospital reimbursement policies for a U.S. federal health agency; oms.an.]

«Tydar dette at Boston Consulting Group eller Pfizer eller begge samarbeidde med den amerikanske regjeringa for å faktisk skape politikk som påverkar amerikanske skattebetalarar?» spør O’Shea.

Før covid nådde amerikanske kystar var Walker òg oppteken med å lære seg mandarin (kinesisk) via immersion [teknikk for andrespråkstileigning der ein blir høgt eksponert for målspråket over tid, meint å imitere måten barn lærer morsmålet på – kan òg nyttast på andre felt; oms.komm.] i eit BCG-sponsa språk- og forretningsprogram – noko som er høgst mistenkjeleg med tanke på tidspunktet.

«Tydar dette at BCG og/eller deira klientar (som er anten Pfizer, den amerikanske regjeringa, eller begge) visste at desse vaksinane kom til å bli (eller allereie vart) laga i Kina?» spekulerer O’Shea.

«Forretnings-immersion (eg gjettar forretningsterminologi og kvardagsomgrep) var òg fokus. Tydar dette at han og klientane hans visste i 2019 eller tidlegare at ein massevaksinasjons- / farmasi-topp var i ferd med å nå dei, at både CCP ([Det kinesiske kommunistpartiet] som kontrollerer den kinesiske farmasiindustrien og, naturlegvis, alle BSL-4-laboratoria som forskinga fann stad i) og Pfizer og andre ville inngå partnerskap om?»

Kven er eigentleg «Jordon Trishton Walker»?

Ein kan ikkje nekte for at Walkers rolle i Pfizer involverer marknadsføring, som er hans spesialitet. Det verkar som om Walker vart henta inn for å bli med i Pfizers «vaksinetillitsteam», der jobben er å finne fram til strategiske måtar å manipulere det amerikanske folket til å late seg «vaksinere» for covid gjentekne gonger.

Noko av bakgrunnen til Walker, i det minste det som står på offentleg tilgjengelege nettsider som viser CV-en hans, er òg tvilsam. Ei av dei påstår at han studerte ved Yale universitet – men den sida er den einaste som gjer det.

Under tida si ved BCG, som fører rett til byrjinga hans i Pfizer i mai 2021, utvikla Walker «ein femårig vekststrategi for eit stort biofarmaselskap». Kva er eigentleg identiteten til dette «biofarmaselskapet»?

Det at Walker er hyra av Pfizer står òg oppført på ymse «menneskesøk»-sider som ein «signal hire» [«signal-hyre»]. Kva er eigentleg konteksten til dette?

Endå underlegare er det faktum at sidan Project Veritas publiserte sin undercover-video som eksponerte Walker og Pfizer, har LinkedIn-sida hans forsvunne. O’Shea bad følgjarane og lesarane sine om å sende han «ei arkivert side dersom de har ei».

Walker ser òg ut til å bruke ei rekkje alias, som er underleg for nokon som er meint å vere ein truverdig profesjonell.

«Eg har aldri møtt ein legitim lege med so mange ulike namnekombinasjonar,» skreiv in lesar om denne vesle faktabiten.

Eit anna avvik er at i somme tilfelle blir Walker referert til som «lege», medan han i andre tilfelle ikkje blir det. Utifrå dette er det uklart om fyren faktisk er lege.

«Timinga til hans ymse akademiske og profesjonelle stillingar gjev ikkje meining,» skreiv denne same lesaren. «Ein finn absolutt ingenting om denne fyren før 2019, der han [plutseleg] er topp-farma-leiar ansvarleg for verdsomspennande operasjonar. Høgst, høgst mistenkjeleg.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s