Fleire russiske sanksjonar er lik Tredje verdskrig

Av Martin Armstrong, Armstrong Economics. Omsett av saksyndig.

Eg kan ikkje med all min forstand sjå nokon logikk bak dette åtaket på Russland, bortsett frå ønsket om å erobre og øydeleggje dei på alle måtar som supermakt eller uavhengig nasjonalstat. Kvar einaste president prøvde alltid å oppnå fred heilt fram til Biden, som ser ut til å lese hugselappane for Armageddon. Sjølv Henry Kissinger sa at kvar president har invitert han til Det kvite hus bortsett frå Biden.

Sjølv om vi går utifrå at sanksjonane hadde fungert og at dei hadde tvinga Putin til å trekkje beskyttelsen av russarane i Donbas, som Vesten hadde blitt kollektivt einige om var berettiga til sine menneskerettar og sjølvbestemming med den falske Minsk-avtalen, kva ville skje i den politiske krisa i Russland? Vi konfiskerte alle japanske aktiva, påførde dei energi-embargoar, og truga med å hindre dei i å handle med noko anna land for energi. Roosevelt gjorde alt han kunne for å få Japan til å gå til åtak på Pearl Harbor. Biden har gjort det same mot Russland.

Risikoen med å styrte Putin ville føre til ein potensiell borgarkrig og den vidare oppbrytinga av Russland med fleire atombomber enn Vesten. Av dei 14 500 atomvåpena på kloden, eig Russland og USA brorparten, med eit kombinert tal på rundt 13 350 bomber. Dei gjenverande 1150 våpena er det sju land som sit på. USA har 6500 atombomber og Russland 6800. Å destabilisere Russland er reine galskapen. Russland vil utslette Europa på ein augneblink dersom dei blir pressa, og dei veit no at dette Ukraina-tullet eigentleg er USA og NATO sin krig mot Russland, og vi er den åtakande parten.

Eg kan seie at amerikanske troppar har blitt fortalt at vi vil vere i krig innan neste år.

Alle kjeldene mine seier at Biden-administrasjonen er dominert av uerfarne klimadisiplar som krev at vi har inga tid å misse, og at vi slutte med fossildrivstoff no før der finst nokon alternativ som kan overta. Det er dei som pressar på for å øydeleggje Russland som er omfamna av nykonservative, berre fordi størstedelen av deira [Russlands] BNP består i sin heilskap av fossildrivstoff.

Dei noverande sanksjonane er påført av EU og vil forby import av raffinerte russiske drivstofftypar 5.februar 2023, som blir lagt til embargoen på sjøboren russisk råolje som byrja i desember. EU set heile si framtid og heile befolkninga sine liv på spel for Donbas, som har vore okkupert av russarar i fleire hundreår. To tidlegare russiske leiarar kom frå den regionen, men no risikerer Ukraina heile sin nasjon for landområdet som dei aldri har okkupert. Det var Krustsjov som teikna grensa i dåverande Sovjetunionen berre for administrative føremål. Den regionen var aldri okkupert av ukrainarar – aldri! Skal vi liksom hive sivilisasjonen på søppeldynga for dette?

Situasjonen er akkurat som om Mexico skulle ha gjort krav på Texas og alle som budde der måtte ha gjeve opp språket sitt og religionen sin for å passe inn i norma om å vere meksikanar. Og texanarane skulle ikkje ha nokon rett til å stemme for si eiga framtid? Heile Minsk-avtalen har vore ein spøk. Det var eit bevisst knep for å kjøpe tid for krig. Dette har no bekrefta overfor både Kina og Russland at USA og Europa ikkje kan stolast på. Traktatar tydar absolutt ingenting! Dette idiotiske knepet har opna døra for Tredje verdskrig fordi det ikkje er noko poeng i å forhandle med EU, Tyskland, Frankrike eller USA når dei ikkje vil ære avtalane sine. Det tydar at det ikkje kan kome ei løysing!

Då gjenstår berre total krig til døden.

Men hei! Der vil vere nye forretningsmoglegheiter òg. Berre tenk på dei guida turane for å vise kor toskne desse dødelege har vore, og følgt galne verdsleiarar som lyg til folket, so vel som til motstandarane. Der vil vere plenty av atombomba byar å utforske. Den gode nyheita er at vi vil utrydde alle klimaendringsdisiplane som insisterte på å øydeleggje Russland. Likevel kan det vere opp til oss å hindre politikarane frå å krype ut av sine trygge underjordiske bunkerar til det nye lyset av ei CO2-fri verd etter at dei tok livet av alle desse kle trea og plantene som treng CO2 for å overleve. Dei seier at det eine insektet som vil overleve eit atomåtak er kakerlakkar. Eg tippar at det er grunnen til at vi liksom skal ete insekt no.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s