Tucker Carlson går gjennom Putin-intervjuet og avslører kva som «radikaliserte» han

Elitane i Vesten er i fyr og flamme etter at offentlegheita no har fått eit balansert syn på Putin og synspunkta hans. Den som har æra for dette historiske intervjuet, journalisten Tucker Carlson, blir framstilt som ein «forrædar» og ein som har blitt «radikalisert» av russisk propaganda. På eit toppmøte i Dubai snakka Carlson om kva som «radikaliserte» han.

RT (Russian Today) rapporterer (mi omsetjing):

«I etterkant av hans to timars intervju med den russiske presidenten Vladimir Putin i Moskva, snakka den amerikanske journalisten Tucker Carlson ut om opplevinga si på World Government Summit i Dubai.

I eit éin time langt intervju med TV-programleiaren Emad Eldin Adeeb, adresserte Carlson kvifor samtalen med Putin ikkje gjekk inn på visse tema, korleis det amerikanske politiske etablissementet hadde reagert på det, og kvifor Washington har mislykkast i å forstå Moskva, blant andre ting.

Diplomaten Putin

Carlson hevda at han hadde ein ikkje-innspelt samtale med Putin etter intervjuet, men ville derimot ikkje avsløre kva som vart diskutert.

Carlson sa på den andre sida at Putin verka viljug til å forhandle med Vesten om slutten på Ukraina-konflikten og ein ny maktbalanse i verda. Diplomati er kunsten i å inngå kompromiss, og nesten alle ‘kanskje bortsett frå USA under den unipolare perioden’ forstår dette, sa Carlson. Men medan Putin vil at konflikten skal ta slutt, vil posisjonen hans berre hardne dess lenger det pågår, la han til.

NATO og Russland

Ei av hovudavsløringane i intervjuet for Carlson var at Russland hadde bede om å få bli med i NATO – og medan den dåverande amerikanske presidenten Bill Clinton verka mottakeleg, var hjelparane hans mot ideen, og den mislykkast til slutt.

Sidan heile poenget med NATO var å halde Sovjetunionen ute av Vest-Europa, sa Carlson i Dubai, ‘dersom russarane bad om å få bli med i alliansen, ville det antyde at de hadde løyst problemet og at de dermed kan gjere noko konstruktivt med liva dykkar. Men vi nekta.’

‘Sit i badstua ein times tid og tenk på kva det tydar,’ la han til.

Problemet med vestlege politikarar

Politikarar i Vesten set seg ikkje sjølve ‘oppnåelege’ mål, har Carlson argumentert.

‘Eg har personleg høyrt amerikanske statlege tenestepersonar seie, ‘vel, vi treng berre å gje Krim tilbake til Ukraina’’, sa han. ‘Det kjem ikkje til å skje, med mindre det bryt ut atomkrig. Det er faktisk sinnssjukt.’

Sjølv det å framsetje slik ein idé ‘viser at du er eit barn, du forstår ikkje området i det heile, og du har inga forståing av kva som er mogleg,’ konkluderte journalisten.

Det er alltid München 1938

Ifølgje Carlson er eit av dei største problema i USA og Vesten generelt tendensen til å redusere alt til 1938-konferansen i München, der Storbritannia og Frankrike prøvde å ‘blidgjere’ Nazi-Tyskland ved å gje dei ein del av Tsjekkoslovakia.

‘Den amerikanske historiske politikk-lagar-fasiten er ørliten – faktisk finst der berre éin – og det er ein toårig periode seint på 1930-talet, og alt er basert på den forståinga av historie og menneskenatur. Det er galskap,’ sa Carlson.

Korleis Moskva ‘radikaliserte’ han

Carlson peikte ut at han er 54 og voks opp i eit USA som hadde komfortable, trygge og nydelege byar, ‘og dei har vi ikkje lenger’.

Dert var ‘radikaliserande’ å sjå Moskva ‘reinare, tryggare og finare’ enn amerikanske byar, sa han, eller bli mint på det i Dubai og Abu Dhabi – medan i USA kan ein ikkje ta T-bana i New York by fordi den er skiten og utrygg.

‘Det er eit friviljug val,’ sa han. ‘Kriminalitet er faktisk ikkje noko du ha.’

Reaksjon på motbøren

På spørsmål om kvifor han ikkje tok opp visse tema med Putin, svarte Carlson at han ønskte å gjere intervjuet fordi han var interessert i korleis den russiske leiaren såg på verda – og ikkje trengje seg inn i diskusjonen.

Dei fleste journalistar som intervjuar leiarar som USA mislikar, har tendens til å få det til å handle om seg sjølve, la Carlson til, og sidan han berre brydde seg om godkjenninga til kona og barna sine, trong han ikkje å dydsposere.

På førespurnad om å kommentere at den tidlegare amerikanske presidentkandidaten Hilary Clinton kalla han ein ‘nyttig idiot’ for Russland, berre lo Carlson av det heile.

‘Ho er eit barn, ikkje høyr på ho,’ sa han. ‘Korleis går det i Libya?’»

Kommenter innlegget