Medgrunnleggjaren av Verdsrådet for helse (World Council for Health, WCH), dr. Tess Lawrie, oppmodar legar om å snakke ut om skadane forårsaka av covid-19-injeksjonane. Sprøytene må fordømmast på det sterkaste. Dette rapporterer Natural News og dei skriv (mi omsetjing):
«‘Sjølv om legar og andre medisinske profesjonelle kan forvente at handlingane deira dei siste fire åra når det gjeld bruken av den farlege covid-19[-vaksinen] kjem til å bli forsvart av politikarar, helse[byrå] og regulerande organ, kan dei få sitt livs sjokk,’ sa ho.
(Sjå òg «Sjukepleiarar og legar: Ver på vakt, spesielt om de er eller har vore på feil side av historia», publisert 2.april 2022.)
Lawrie la til at legar vil bli syndebukkane ‘når raseriet og redselen til vanlege menn og kvinner ikkje lenger kan leggjast lokk på.’ Difor oppmoda ho helsepersonell som no innser skadane til desse injeksjonane om å snakke ut no.
Den britiske legen og WCH-medgrunnleggjaren skreiv i ein artikkel publisert på sin Substack at covid-19-vaksine-bukken ‘kan stoppe med legane’. Ho fortalde om eit innslag med den britiske statsministeren Rishi Sunak på GB News som bekrefta det mange har mistenkt.
‘På det punktet då det kom til [covid-19-]vaksinen, vart desse avgjerdene alltid tekne frå medisinske råd, frå medisinske ekspertar… å fortelje oss politikarar – som openbert ikkje er legar – om korleis ein best kunne rulle ut vaksinen [og] kva som var i folkets interesse,’ sa Sunak. ‘Det var noko legane tilrådde, og det var noko vi følgde.’ […]
Lawrie avslørte deretter at Generalmedisinrådet [General Medical Council, GMC] er ansvarlege overfor det britiske parlamentet, i staden for dei legane dei har kontrakter med eller det folket dei er meint å beskytte. Dette, la ho til, forklarer tydeleg kvifor GMC responderer på politiske direktiv – ikkje evidensbaserte og etiske.
‘Trass hittil usette nivå av bekymringar frå legar og folket om tryggleiken til covid-19-vaksinane, held GMC fram med å ‘etterforske’ etiske legar for å slå alarm om dei farlege sprøytene og for å setje helsa og velværet til pasientane høgst,’ skreiv ho.
Lawrie: Folk blir logne til om at injeksjonane er ‘trygge og effektive’
Lawrie hugsa at ho skreiv eit brev til adm.dir. i GMC Charlie Massey tilbake i oktober 2023. ho sa til leiaren av rådet at ho kom til å halde tilbake framtidig medlemskontingent fram til dei har gjort godt sitt kontraktbrot med legar. ‘[Medan] eg aldri fekk eit svar, har eg motteke ei melding om at namnet mitt skal fjernast frå GMC-registeret,’ sa Lawrie.
Ifølgje WCH-medgrunnleggjaren har ho enno ikkje møtt ein medlem av folket som er klar over Yellow Card Scheme (YCS). YCS, som blir drive av det britiske Medicines and Healthcare Products Regulatory Agency [«regulerande byrå for legemiddel og helseprodukt»], registrerer uventa verknader forårsaka av legemiddel og vaksinar. Det er essensielt det britiske motstykket til Vaccine Adverse Event Reporting System som er brukt i USA.
‘I stasen for folkemerksemdskampanjar for å åtvare folk og legar om risikoane tilknytt dei nye sprøytene og kor viktig det er å rapportere mistanke om skadar til YCS, vart folk og helseprofesjonelle bombarderte med meldingar om dei ‘trygge og effektive’ vaksinane, og villeia til å ta og gje dei,’ sa ho.
‘Dersom du er ein lege eller anna helsepersonell som har innsett at covid-19-injeksjonane sanneleg forårsakar skade – slik som myokarditt, amyloidose, turbokreft, kognitiv svekking, blodproppar og brå, uventa dødsfall – og dersom du lurer på kva du skal gjere, oppmodar eg deg til å snakke ut no eller for alltid vere stille.’»
I denne videoen som vart spelt inn under Truth Be Told-rallyet i London, kjem dr. Tess Lawrie med ei alvorleg åtvaring.
