Sjukepleiarar og legar: Ver på vakt, spesielt om de er eller har vore på feil side av historia

Denne meiningsartikkelen er fyrst og fremst meint som eit forsøk på å gjengje tankane mine rundt koronasituasjonen – meir spesifikt kva slags konsekvensar som kan råke dei som er eller har vore på det eg med fleire kallar «feil side av historia». Med «feil side av historia» meiner eg dei som har handla i tråd med korona-retningslinjer utan å stille spørsmålsteikn ved den etiske sida til dei; til dømes å isolere bebuarar på sine eigne rom utan å late dei møte sine kjære, ved å bruke tvang og makt for å Covid-vaksinere bebuarar som ikkje har samtykkekompetanse, ved å konspirere for å fjerne kollegaer som var kritiske til pandemihandteringa og regjeringa sine intensjonar og/eller kompetanse. Lista er lang, og overgrepa mange. Dei begrensar seg ikkje berre til helsesektoren, men til alle situasjonar der korona-restriksjonar har blitt handheva, til dømes i form av bøtelegging ved manglande bruk av munnbind, eller nedstenging av verksemder som berre prøvde å tene til livets opphald.

Som eg nemnde i det førre innlegget, har eg høyrt rykte frå kjeldene mine at eit gruppesøksmål mot Den norske staten er i ferd med å opprettast. Kven som står bak, er for meg framleis uvisst. Alt eg veit på noverande tidspunkt, er at denne gruppa består av advokatar, juristar og noverande eller tidlegare tillitsvalde, der dei fleste tek utgangspunkt i den sokalla naturretten, som er uavhengig av noverande rettssystem i den vestlege verda. I og med at fleire og fleire kritikkverdige forhold ved koronasituasjonen kjem fram i lyset, er det sannsynleg at ein norsk domstol vil føle seg moralsk forplikta til å ta imot dette gruppesøksmålet.

Som Reiner Füllmich og Viviane Fischer avdekte i sin Grand Jury, er bevismengda særs omfattande og udiskutabel. Det dreiar seg om ein global konspirasjon utført av ein elite der sentrale namn er Klaus Schwab i World Economic Forum, Bill Gates gjennom Bill & Melinda Gates Foundation og eit vell andre NGO-ar, Anthony Fauci gjennom NIAID og NIH og City of London. FN og WHO er òg djupt involvert, og WHO endra som kjent definisjonen på pandemi tilbake i 2009, slik at svineinfluensa (og seinare Covid-19) kunne definerast som pandemiar trass at talet døde verda over aldri var spesielt høgt.

Det er difor høgst sannsynleg at ein norsk domstol vil ta imot denne saken. Dersom denne gruppa vinn søksmålet mot Den norske stat, vil dette opprette juridisk presedens for at alle som har delteke i denne Covid-konspirasjonen, vil kunne stillast for retten og dømmast. Dette trur eg vil få dramatiske og uhyggjelege konsekvensar for helsepersonell, spesielt dei som aktivt har delteke i massevaksineringa av store delar av den norske befolkninga. Medskuldige vil òg vere massemedia, som ukritisk har vidareformidla det som regjering og helsetoppane har sagt. Faktasjekk-organisasjonar som Faktisk.no vil òg kunne bli tiltalt for sin langvarige kampanje for å stemple alle avvik frå koronaforteljinga som «feilinformasjon», «konspirasjonsteoriar» og liknande.

Konsekvensane er uhyre omfattande og kan føre til ei desimering av den norske offentlegheita slik vi kjende ho før 2020. Og kva vil konsekvensane vere for helsepersonell? Det skal eg prøve å forsiktig antyde i resten av artikkelen. Eg personleg trur følgjene vil bli katastrofale. Mange vil reagere med sjokk og vantru. Enkelte vil bryte saman. Andre vil forsvare det dei har gjort med at dei anten trudde det var rett, eller at dei følgde ordrar.

Eg vil her kome med eit døme på kva eg trur kan skje. Lat oss seie at du er ein sjukepleiar i 20-åra som nettopp har kjøpt eit flott hus med sambuaren din, og at du og han planlegg å få ungar i lag. Du er godt likt på den lokale sjukeheimen, og jobbar som nestleiar. Framtida ser lys ut, spesielt no når pandemien er over, og situasjonen i Ukraina har stabilisert seg. Drivstoffprisane er på veg nedover, og straumprisen er leveleg. Vêret er fint, det er snart sommar, og du og din kjære har tenkt deg på ferie til utlandet for fyrste gong sidan før pandemien starta. Alle restriksjonar er som ved eit trylleslag fjerna.

Brått ein dag kjem plutseleg pleie- og omsorgssjefen og rådmannen innom sjukeheimen. Dersom dette hadde vore ein storby, hadde dette vore etatssjefen ifølgje med kommunaldirektøren. Av ein eller annan grunn er to politibetjentar med. Med eit tydeleg herja og forpint uttrykk i ansiktet, kallar pleie- og omsorgssjefen leiar og nestleiar inn til samtale i den mest private delen av sjukeheimen.

Leiar og nestleiar får beskjed om at dei to er arrestert under mistanke om drapsforsøk på meir enn tretti bebuarar. Dette vart gjort i perioden januar til november 2021, tilfeldigvis same tidsrom som dei tre korona-vaksinedosane vart gjevne. Biletbevis på sjukeheimen si Facebook-side viser klart og tydeleg både leiar og nestleiar setje koronavaksinar på smilande, uvetande bebuarar. Somme av dei er gått bort, påfallande nok kort tid etter vaksinasjonen. Det kan ikkje direkte bevisast at det var koronavaksinane som tok livet av bebuarane, men under norsk lov er det nok med indisium for å dømme nokon for drap, noko mellom anna Orderud-saken fastslo.

Pleie- og omsorgssjefen seier med tårer i auga at leiar og nestleiar har fått avskjed frå sine stillingar i kommunen. Dei to unge damene blir lagt i jarn og førde ut av sjukeheimen. Dei likbleike, livredde ansikta forsvinn inn i ein ventande politibil. Pleie- og omsorgssjefen, igjen utifrå biletbevis frå sjukeheimen si Facebook-side, tek deretter med seg dei to politibetjentane på ein runde der alle sjukepleiarar som er identifiserbare på Facebook-bileta, blir arrestert og avskjediga på same manér.

Ingen helsefagarbeidarar eller assistentar blir arrestert. Det er berre sjukepleiarar og andre med treårig høgskule (vernepleiarar, ergoterapeutar og liknande) som har lov å setje sprøyter intravenøst.

Medan leiar og nestleiar ventar på rettssaken i politiets varetekt, blir autorisasjonane deira som sjukepleiarar inndregne, slik rådande praksis er når helsepersonell utviser grov medisinsk uforstand.

I rettssaken kjem påtalesida med udiskutabelt skriftleg bevis for andre straffbare forhold:

  1. Leiar har både skriftleg og munnleg oppfordra dei tilsette til å ta koronavaksine.
  2. Leiar har både skriftleg og munnleg oppfordra pårørande til å «manipulere» bebuarane til å ta imot koronavaksinar. I tilfelle der bebuaren ikkje har samtykkekompetanse (på grunn av til dømes langt framskriden demens), har dei pårørande samtykt på vegner av vedkomande.
  3. Leiar har formidla uriktig informasjon om koronavaksinane (til dømes at dei er «trygge og effektive» når det er dokumentert at dei er det motsette), og samstundes unnlate å formidle om alvorlege biverknader og høg overdødelegheit blant dei vaksinerte. Leiar har òg formidla den uriktige informasjonen at vaksinane er den einaste vegen ut av det som uriktig har blitt kalla «pandemi».
  4. Leiar har innført differensierande retningslinjer der uvaksinerte har blitt forskjellsbehandla, mellom anna ved obligatorisk PCR-testing trass fråvær av symptom, og munnbindplikt der fullvaksinerte ikkje har denne plikta. Retningslinjene er i strid med Diskrimineringslova.

Nestleiar har med største iver hjelpt leiar med å utføre alle desse punkta. Ein tilsett observerte til og med at nestleiar ved eit høve forklarte seg uriktig til ein bebuar om kva slags vaksine det var snakk om – bebuar trudde det var vanleg influensavaksine, når det i røynda var Pfizer sin mRNA-SARS-CoV-2-vaksine.

Leiar og nestleiars forsvarar argumenterer for at dei to damene handla i god tru, og jamfør instruksar og informasjon dei fekk frå pleie- og omsorgssjefen, sin overordna. Aktoratet informerer om at ei separat rettssak blir haldne for pleie- og omsorgssjefen, hans overordna rådmannen og rådmannens overordna ordføraren. Alle tre er tiltalte for formidling av farleg feilinformasjon relatert til koronasituasjonen og -vaksinane. Rådmannen valde å ta sitt eige liv i politiets varetekt.

Dommaren påpeiker at leiar og nestleiar enkelt kunne ha oppsøkt alternative kjelder for informasjon rundt Covid-19, koronavirus og mRNA-«vaksinane», mellom anna norske alternative nettaviser som Steigan, Hemali, Derimot og Document. Om dei ikkje visste om dei sidene, kunne dei òg ha høyrt på anekdotar frå kollegaer som klokeleg valde å ikkje vaksinere seg, for å høyre meir om grunnen til at dei ikkje ville ta koronavaksine. I staden valde leiar og nestleiar å avskrive kollegaene som «konspirasjonsteoretikarar». Det er kjent for dommar at andre sjukeheimar faktisk sa opp kollegaer som kom med kritikk av koronaregimet. Leiinga der vil naturlegvis òg få sin velfortente straff i ei haug med rettssaker i komande framtid.

Koronavaksinane er no blitt bekrefta å vere eksperimentelle legemiddel. Å kalle dei «vaksinar» er feilaktig. Å gje slike legemiddel til inkjeanande forsøkspersonar utan å informere om deira juridiske status eller alle biverknadene, er brot på Nürnberg-kodeksen. Ved å aktivt administrere mRNA-sprøytene til bebuarar og personale, og formidle uriktig informasjon om tryggleik, effektivitet og «vegen ut av pandemien» er difor brot på nemnde kodeks.

For å gjere ei lang historie kort, blir leiar og nestleiar idømt lovas strengaste straff: 21 års fengsel. Noreg har ikkje dødsstraff, som er den vanlege straffa for brot på Nürnberg-kodeksen.

Nestleiars framtid ligg i grus. Å kjøpe hus er berre å gløyme, og når ho ein vakker dag slepp ut av fengsel, vil ho vere for gammal til å få eigne barn. Familie og venner reagerer med sjokk og vantru på den for dei uvanleg strenge og urimelege dommen. Leiar og nestleiar ønskjer sterkt å anke dommen, men forsvararen deira fråråder dei det. Dei har nemleg ikkje ei god sak juridisk – ikkje med alle dei særs alvorlege straffbare forholda.

Dette er berre eitt mogleg utfall, og for dei involverte vil dette òg vere verst tenkjelege scenario. Eg vil leggje til at dette berre er mine tankar rundt kva som kan skje. Dersom du er sjukepleiar eller lege og har gjeve koronavaksinar til andre menneske, bør du straks rådføre deg med kyndige juristar om kva du kan gjere for å begrense skadeomfanget på ditt eige liv, karriere og gode namn og rykte. Den offisielle forteljinga held på å rygge ut av pandemien med små, stille musesteg. Kanskje du burde gjere det same. Om du har makt til det, burde du kanskje vurdere å trekkje tilbake eventuelle sanksjonar du har påført underordna, sanksjonar som kan ha øydelagt liva deira og teke frå dei framtida.

Å seie at du berre følgde ordre, vil ikkje frita deg frå strafferettsleg ansvar. Og du vil måtte leve med konsekvensane av valet ditt resten av livet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s