Ukraina: Den store manipulasjonen

Av Thierry Meyssan. Omsett av Monica Sortland. Innlegget er henta frå Derimot, og noko forkorta.

Samstundes som vi ser ei mangedobling i avsløringane av dei ukrainske Bandera-tilhengarane si skamfaring over dei siste åtte åra, så er Vesten framleis berre opptatte av lidingane til den ukrainske sivilbefolkninga. Folk i Vesten er umedvitne om årsakene til krigen og hendingane som fekk Kreml til å sleppe den laus. Men det er ikkje så viktig; banderistane er i ferd med å tape, og stormaktene førebur seg til freden.

Militære operasjonar held fram i Ukraina med to radikalt ulike narrativ, alt etter om ein høyrer på dei vestlege eller russiske media. Desse to versjonane divergerer ikkje berre når det gjeld skildringa av krigen, men også, og viktigare, når det gjeld skildringa av måla med krigen.

I Vesten er folk overtydde om at den russiske arméen har enorme logistiske problem og manglar drivstoff til stridsvognene sine. Flya angrip tilfeldige mål og øydelegg heile byar. Diktator Putin vil ikkje vere ferdig før han har knust Kiev og tatt livet av president Zelensky. I hans auge er Ukraina skuldig i å ha vald demokratiet i 2014, i staden for gjenoppbygging av Sovjetunionen. Før det skjer, sår han død og øydelegging over sivile, medan soldatane hans blir drepne i stor skala.

Tvert imot trur dei i Russland at kampane er avgrensa til spesifikke område, Donbas, kystlinja til Azov-havet og militære mål alle andre stadar. Dei går med på at det har vore nokre tap, men ingen massakre. Dei observerer forstøkte all støtta som dei tidlegare allierte i Den store fedrelandskrigen (Andre verdskrig) no gir til banderistane, dei ukrainske nynazistane. Dei ventar til dei alle er nøytraliserte, så freden kan returnere.

I bakgrunnen har Vesten starta ein økonomisk og finansiell krig mot Russland. Mange vestlege selskap forlet landet og blir med det same erstatta med andre frå land som ikkje er involverte i denne krigen. Til dømes vil McDonald’s bli erstatta med den tyrkiske kjeden Chitik Chicken, medan Dei foreinte arabiske emirata, UAE, ønsker velkomen oligarkane som er fordrivne frå Europa. Kina og Den eurasiatiske økonomiske unionen planlegg å bygge opp eit eit økonomisk og finansielt system parallelt med Bretton Woods-systemet. Kort sagt er verda i ferd med å delast i to.

Kven fortel sanninga?

Krigen sjølv

Ifølge observatørar frå Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE), dvs det mellomstatlege forumet som var danna i samband med Helsinki-avtalen (1973–75), hadde Donbas-fronten vore stabil i mange månadar då bombinga igjen starta på onsdagen den 16. februar, 2022, og nådde toppen fredag den 18. (fleire enn 1400 eksplosjonar høyrd). Lokalregjeringane i Donetsk og Lugansk trakk då tilbake fleire enn 100 000 folk for å verne dei mot dette flammehavet.

Om kvelden den 18. starta det årlege møtet mellom NATO-elitane, Tryggingskonferansen i München. Ein av dei mest prominente gjestane var president Volodymyr Zelensky. Den 19. gjekk han på podiet og erklærte at landet hans hadde ambisjonar om å skaffe seg atomvåpen mot Russland. Den 20. var parlamentet i Moskva, Dumaen, opprørte, og dei stemde for å be president Putin anerkjenne dei to Donbas-republikkane som uavhengige, noko han gjorde i ein fei om kvelden den 21. Det fanst ikkje ein gong noko flagg for dei to nye nasjonane i Kreml.

Den 24. starta den russiske militæroperasjonen med eit massivt bombardement av antiluftskytssystem og deretter våpenfabrikkar og brakker der banderistane heldt til (ukrainske nynazistar). Den russiske militære strategien var improvisert, slik også den diplomatiske anerkjenninga av Donbas-republikkane var. Dei utplasserte troppane var allereie utmatta av manøvrane dei nett hadde utført i Kviterussland.

Det kvite hus og dei vestlege media, på andre sida, ignorerte krigen i Donbas og erklæringane til president Zelenski, og hevda at alt dette hadde vore planlagt lenge, og at dei russiske troppane hadde vore utposisjonerte på førehand. Diktatoren Putin, som ikkje støtta ukrainarane sitt demokratival, tvinga dei til å integrere seg tilbake i hans imperium, slik Leonid Bresjnev hadde tvinga tsjekkarane i 1968. Denne tolkinga av hendingane forårsaka panikk blant alle dei tidlegare medlemmane av Warszawapakta og Sovjetunionen (som gløymde at Bresjnev ikkje var russar, men ukrainar).

Sidan har NATO brukt teknikken som Jamie Shea utvikla under Kosovo-krigen til å skrive ei ny, oppbyggeleg historie om Russlands brotsverk kvar dag. Det strekk seg frå uansvarleg bombing av eit ukrainsk atomkraftverk på den russiske grensa til den rørande anekdoten om eit ungt barn som finn fridommen aleine ved å krysse Europa til Berlin. Alt dette er latterleg og fælsleg, men blir spreidd vidare i det vide og breie, utan refleksjon eller verifisering, av dei vestlege media.

Den diplomatiske krigen

Då ting gjekk dårleg for den ukrainske arméen og dennes banderistiske (eller «nynazistiske», etter russisk terminologi) supporterar, bad president Zelenski den kinesiske ambassaden i Kiev om å sende Kreml ein førespurnad om forhandlingar på dag to av konflikten. USA la først ned protest, men let det deretter skje. Under kontakten tok Frankrike og Tyskland initiativ før dei skulle bli erstatta av Tyrkia og Israel. Dette er ganske så normalt. Frankrike og Tyskland mislegheldt ansvaret sitt då dei let Kiev massakrere mellom 13 000 og 22 000 menneske i eit brot på Minsk-avtalen som dei var garantistane for. Samtidig støtta Tyrkia dei ukrainske tartarane, utan å gå til aksjon i Ukraina, og Israel fekk brått auga opp for at den banderistiske (dvs «nynazistiske») faren som ambassadøren deira i Kiev fordømde, var reell.

Desse forhandlingane går bra, trass i at ukrainske banderistar myrda ein ukrainsk delegat, bankmannen Denis Kireev, som i deira auge var skuldig i å ha påstått at ukrainarar og russarar var slaviske brør. Og trass i blunderen til den franske utanriksministeren, Jean-Yves Le Drian, som tenkte det var smart å minne dei på at Frankrike er ei atommakt, noko som fekk Russland til å gå i kjernefysisk alarmberedskap.

Desse forhandlingane vil kunne ende på ein måte som er vanskeleg å førestille seg: Ukraina, som har inkludert 102 000 banderistar i sine territoriale forsvarsstyrkar, kan bli avvæpna og plassert under verje av USA og Storbritannia (det vil i praksis seie NATO). Berre slik kan ein overhalde avtalane, inkludert erklæringane frå Istanbul (1999) og Astana (2010). Ukraina har rett til å velje sine allierte, men ikkje til å motta utlandske våpen i landet sitt. Dei kan derfor signere forsvarsavtalar, men ikkje bli plasserte inn i ein integrert kommando. Dette er ein svært gaullisk posisjon: Charles De Gaulle heldt på Frankrikes signatur på Atlanterhavspakta, men heldt tilbake den franske arméen frå den integrerte kommandoen til Atlanterhavspakt-organisasjonen (NATO) og dei dreiv dei USAs soldatar bort frå fransk jord.

Russland bør permanent okkupere, eller til og med annektere, kysten av Azov-havet (inkludert Mariupol) slik at det blir direkte samband mellom Krim og Donbas. I tillegg bør dei okkupere, eller til og med annektere, Nord-Krim-kanalen, som forsyner Krim-halvøya med drikkevatn. Og til sist bør dei okkupere, eller til og med annektere, Svartehavskysten (inkludert Odessa) for å få direkte samband mellom Krim og Transnistria. Den ungarske minoriteten, også offer for banderistane som stengde skulane deira, kunne bli tilknytt Ungarn. Men det beste er ein fiende av det gode: Ukrainas tap av tilkomst til havet kan skape framtidige konfliktar.

Det einaste som er sikkert og visst, er at Russland vil fortsette aksjonen sin heilt til alle banderistane har blitt nøytraliserte, og at Israel kjem til å støtte dei på det punktet, men ikkje lenger. Utifrå dette synspunktet er møtet som president Putin kalte inn til i Moskva «mot nazistane» ikkje ein enkel bodskap til folket om handlekraft; det er allereie eit sigersrop. Alle monument over Stepan Bandera og nazistane må øydeleggast. Andre nasjonar som har støtta nynazistane, inkludert Latvia, bør ta det for gitt.

Den økonomiske og finansielle krigen

Det er punktet som er alfa og omega for USA. På få dagar har dei greidd å få alle sine allierte til å ta unilaterale tiltak (og derfor illegale etter internasjonal rett). Men desse tiltaka, omtalte som «sanksjonar» sjølv om utan dom, er ikkje haldbare på middels lang sikt. Dei har allereie ført til uhemma energispekulasjonar og prisauke i Europa. Dei store europeiske selskapa forlet Russland med tungt hjarte. Dei forsikrar Kreml om at dei ikkje har noko val og at dei håpar å returnere så snart som mogleg.

President Vladimir Putin drar fram dei liberale som for ikkje lenge sidan vart skulda for å ha seld seg ut til utlendingar. Tidlegare president Dmitry Medvedev er tilbake i varmen. Sjefen for den russiske sentralbanken, Elvira Nabiullina, som vart vald under «romanse-med-Vesten-tida», vart presentert for Dumaen som sin eigen etterfølgar, men no med nye partnarar. Sergey Glazyev, som blir assosiert med masseprivatiseringa i Jeltsin-æraen, har fått oppgåva med å skape eit nytt økonomisk og finansielt system som skal erstatte Bretton Woods-systemet som anglo-saksarane klekka ut i 1944. Alt er tilgitt så lenge dei kan gi kinesarane og Den eurasiatiske unionen (Kviterussland, Kazakhstan, Kirgisistan, Russland, Tadjikestan) garantiar for at dei ikkje vil bli statistar.

Den ideologiske krigen

Freden i Ukraina vil ikkje løyse konflikten som starta mellom Russland og USA den 17. desember 2021. Det vil kome andre konfrontasjonar. Straussianarane, for sin del, som har brukt og misbrukt religiøse argument til å angripe Russland i Bosnia-Herzegovina, Afghanistan, Tsjetsjenia og det vidare Midtausten, har til hensikt å bruke dei i global skala.

La oss minnast at den straussianske orientalisten Bernard Lewis (tidlegare britisk etterretningsoffiser, deretter medlem av USAs National Security Council, deretter rådgivar for Benjamin Netanyahu) hadde funne på ein måte å mobilisere arabarane, i staden for Vesten, mot russarane på. Det var strategien «Sivilisasjonskrasj». Han forklarte at i Afghanistan måtte muslimsktruande kjempe mot dei ateistiske sovjetarane. Denne visjonen vart realisert med Osama bin-Laden sine arabar-afghanarar. Same strategi vart med suksess brukt i Bosnia-Herzegovina og Tsjetsjenia. I førstnemnde operasjonsområde stolte NATO på den saudiske arméen og den iranske Revolusjonsgarden (i tillegg til nokre element frå libanesiske Hizbollah). Ein straussianar, Richard Perle, vart til og med diplomatisk rådgivar for Bosnias president Alija Izetbegović, som hadde Osama bin-Laden som militær rådgivar. Seinare, under den andre tsjetsjenske krigen, organiserte straussianarane alliansen mellom dei ukrainske banderistane og dei tsjetsjenske islamistane (Ternopol-kongressen, 2007), med logistikk-støtte frå Milli Görüş (då leidd av Recep Tayyip Erdoğan). Alle kjempa dei side om side for Det islamske emiratet Isjkeria (Tsjetsjenia). Til sist vart strategien til Bernard Lewis popularisert av assistenten hans, Samuel Huntington. Men heller enn å kalle det ein militær plan, presenterte han det som ein lagnad som gjorde at 9/11-angrepa kunne tilskrivast muslimar generelt.

Med tanke på at ingenting stoppar folk som kjempar i trua på at dei kjempar i Guds teneste, så bestemde straussianarane seg for fire år sidan for å reaktivere skismaet som separerte katolikkane frå dei ortodokse på 1000-talet. Dei sette først i gang med å splitte den ukrainske ortodokse kyrkja frå Moskva-patriarkatet. Det greidde dei med hjelp av Tyrkia, som la press på patriarken av Konstantinopel. Det dreier seg no om å frigjere lidenskapar ved gjenoppliving av Fatima-profesiane. I 1917, rett etter den russiske revolusjonen, hadde nokre portugisiske visjonærar openberringar av jomfru Maria. Ho gav dei ulike bodskap, der eitt av dei implisitt fordømde å styrte Tsaren med guddommeleg rettferd. Russland vart framstilt som at dei valde vondskapen og prøvde å spreie den. Derfor drog den nasjonale sikkerheitsrådgivaren, Jake Sullivan, til Roma i samband med eit møte med Kina, men eigentleg for å overtale pave Francis. Han greidde det.

Ein agenda vart utarbeidd. President Zelenski vil tale til det franske parlamentet, deretter vil president Biden kome til Europa for å presidere over eit ekstraordinært NATO-toppmøte, og til slutt vil pave Francis – i ei oppfylling av bønene til jomfru Maria ved Fatima – konsekrere Ukraina og Russland til Jomfruas upletta hjarte. Denne montagen ser kanskje kunstig ut, men effekten blir nok kraftig. For mange katolikkar vil det å kjempe mot Russland bli ei religiøs plikt.

Konklusjon

I komande veker vil president Joe Biden måtte prøve seg på ein ny tale. Den vil vere å presentere freden i Ukraina som visdommens siger. Det har ingenting å seie at ukrainarane gambla og tapte. Det har ingenting å seie at banderistane er fengsla eller daude. Det har ingenting å seie at Ukraina tapar sin tilgang til havet. Dei Allierte vil bli bedne om å auke sine militærbudsjett og betale for dette slaktet med sine eigne pengar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s