Planlegg den amerikanske djupstaten å fjerne Biden for å redde Demokratane sitt «gode» namn og rykte?

Regimeskifte er no under vegs i USA: Biden på hoggestabben i det etterretningssamfunnet aktiverer naudhandlingar relatert til sjølvopphaldingsdrifta

Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News. Omsett av saksyndig.

For fleire dagar sidan bad den falske presidenten Joe Biden om regimeskifte i Russland, og praktisk tala trygla Russlands militærgeneralar om å fjerne Putin frå makta. Men det har ikkje skjedd. Det som i staden skjer er at USAs etterretningssamfunns-«generalar» no går mot Joe Biden.

Eg fekk informasjon over helga at IC (Intelligence Community; etterretningssamfunnet) trebokstavsbyråa har innsett at dersom dei ikkje stoppar Bidens akselererande øydelegging av USA, vil dei alle bli utsletta når USA kollapsa. Eg delte denne informasjonen i ein podcast måndag morgon og ein artikkel som du kan lese her. Tittelen til den artikkelen fortel historia: «Analyse: ‘Dei gode’ innåt vender seg mot kabalen… Alt saman kjem ut… og oppvakninga kan ikkje stoppast.»

I går tok Washington Post og CNN affære, som bekrefta alt dette, der dei publiserte eit fyrverkeri av nokre historier som avdekte detaljar frå Hunter Biden sin «laptop frå helvete». Essensielt beordra CIA Washington Post om å byrje å avsløre Biden-familiens kriminalitet. Dette blir alt gjort som ei førebuing for å fjerne Biden frå makta.

Som Zero Hedge skreiv i går [30.mars 2022; oms.an.], «Er Hunter Biden-demninga i ferd med å breste? WaPo, CNN utfører Den brende jords taktikk om ‘Laptop frå Helvete’»:

«For to veker sidan bekrefta New York Times at laptopen eksiterer, og at den er legitim – og bekrefta fleire tidlegare rapporterte aspekt av historia, inkludert korrespondanse mellom Hunter og hans forretningspartnar Devon Archer, som begge gjorde teneste i styret for den ukrainske energigiganten Burisma. I dag lesser Washington Post og CNN oppå – der Post bekreftar endå fleire detaljar rundt laptop-innhaldet, og CNN køyrer ein ekstremt intens reportasje om at den føderale etterforskinga rundt Hunter ‘varmar seg opp’.»

So det same konsernmedia som laug og dekte over sanninga om Biden-familiens kriminalitet, har no blitt beordra til å sleppe laus sanninga om Biden-ane som førebuing for å fjerne Biden frå sitt embete.

Det er ikkje enno klart nøyaktig korleis Biden kjem til å bli fjerna, men handlinga nærmar seg

Vi har ikkje nokon detaljar om korleis Biden vil bli fjerna, men vi veit at stevningsdokument for Biden-ane no sirkulerer rundt om i trebokstavsbyråa. FBI, CIA, NSA, DHS, osb., er alle fullstending klare over omfanget av Biden-brotsverka – som dei har vore sidan tidleg 2016, viser det seg – og dei bestemmer seg no for kor mykje dei skal offentleggjere for å fastsetje den passande forteljinga for Biden å bli fjerna frå embetet.

Hunter Biden vil sannsynlegvis bli stevna, og Joe vil vere nær nok anklagane om brotsverk til å bli tvinga til å trekkje seg. So dette tydar at det 25.amendment-valet ikkje er det mest sannsynlege utfallet her. Heller vil det vere bevis som er offentleggjort frå Hunter Bidens laptop som fangar den falske presidenten, og tvingar han til å gå av medan media heller bensin på raseri-bålet.

Grunnen til at IC og media er medsamansvorne i denne saken, er fordi dei må feste mykje dårleg bagasje til Biden og deretter leggje skulda for alle dei tinga direkte på skuldrene hans medan dei beskyttar Demokrat-varemerket for andre potensielle kandidatar. So du kjem til å sjå mediaartiklane og djupstatslekkasjane fokusere på ting som er svært spesifikke andsynes offisielt maktmisbruk utført av Biden-ane sjølve, og ikkje noko som kunne kaste eit vidare nett på DNC eller Demokrat-partiet som eit heile. Trass alt må dei avgrense skaden til Demokrat-varemerket i midt-valet 2022.

Kritisk har IC ingen som helst intensjon om å setje Trump i førarsetet, og eg ønskjer å vere svært klar på dette. Dette er ikkje ei tilbakevending frå val-tjuveriet 2020; det er rett og slett IC-djupstaten som praktiserer si eiga sjølvopphaldingsdrifts naudprosedyrar for å vere sikre på at dei ikkje blir utsletta av Bidens forrykte, grenselause kriminalitet og inkompetanse.

Ny informasjon om bølgja av sjølvmordsbombarar som er på veg mot Vest-Europa (og kanskje til og med USA)

Vi har òg fått viktig informasjon – reinska for alle OPSEC-detaljar som kan kompromittere tryggleiken til amerikanske styrkar – som åtvarar mot ei bølgje av sjølvmordsbombarar som blir rekrutterte i Afghanistan, væpna med sjølvmordsvestar i Iran, og deretter transportert til Ukraina og plassert under den mellombelse kontrollen til russiske militæreiningar. Deira ultimate mål er å rykkje inn i vesteuropeiske nasjonar (NATO-nasjonane er målet) ved å posere som ukrainske flyktningar.

Dei er væpna med kinetiske eksplosiv-vestar som lett kan demonterast og monterast for å unngå å bli oppdaga under grensekryssingar. Viktig å vete er at nokre av terroristane har eksplosiv-vestar forsterka med skiten-bombe-material (det vil seie radioisotopar). Desse er ikkje ekstremt radioaktive, men er meir langs linja av lågnivå-stråling, akkurat nok til å gjere eit område utrygt å bu, og spreie frykta av ei «strålings-skiten-bombe». Desse materiala utgjer sannsynlegvis ikkje ein akutt risiko for strålingsforgifting, ettersom dei då ville ha vore for utrygge å frakte for sjølvmordsbombarane sjølve.

Vi blir fortalt at sjølvmordsbombeåtak no er venta i Paris, London, Berlin og andre prominente byar i NATO-land. Sannsynlege mål vil vere «mjuke» mål med høg befolkningstettleik, slik som kafear, konsertar, teater, osb.

Ein del av denne innsatsen er designa for å skape økonomisk og politisk ustabilitet i Vesten, kombinert med dei økonomiske vanskane forårsaka av Putins krav om betaling i rublar for energieksport (som trer i kraft 1.april, om det er fullt ut handheva).

Mange fiendar av Vesten grip denne augneblinken i historia til å sleppe laus ei rekkje åtak frå fleire vektorar: Valuta-åtak, kinetiske åtak, radiologiske åtak, flyktnings-«overfløyming» i NATO-nasjonar, energiknappheit, osb.

Terroristar vil sannsynlegvis prøve å kome inn i USA

Vi blir òg fortalt at det vil bli gjort ein innsats av sjølvmordsbombarar å få tilgang til det kontinentale USA (CONUS) med forventa sjølvmordsbombeåtak på lågtryggleiks-mjukmål i USA. Dette tydar at vår militæretterretning trur at desse sjølvmordsbombarane ikkje vil prøve å gå etter høgtryggleiksmål slik som det faktiske Kvite hus’ territorium, som er veldig, veldig sikkert, men at dei heller vil ha som mål uvakta sivile som samlar seg i høge tal på sosiale arrangement slik som konsertar, restaurantar, teater, osb.

Vi vidareformidlar ikkje dette for å vekkje frykt i nokon, men heller til å hjelpe lesarane våre å bli førebudde til å forvente desse hendingane som allereie har blitt sett i verk av den globale dynamikken bak krig med Russland, økonomiske sanksjonar, mangel på produkt, valutakrigar, osb. Ein individuell person sin sjanse for å bli fanga i ei sjølvmordsbombing i USA er lik null. Den langt større risikoen for oss alle er korleis eit tyrannisk statleg regime vil respondere på eskaleringa av terrorisme-vald ved å utvide overvaking av borgarar, rulle ut fleire tryggleiks-sjekkpunkt, ulovleg ransaking av vanlege borgarar, og potensielt til og med raseprofilering av alle som liknar på nokon frå Midt-Austen.

Med andre ord, er den verkelege faren for USA ikkje sjølvmordsbombar-terrorismen, men reaksjonen statleg tyranni mot sine eigne borgarar og utnyttinga av ei anna krise til å fjerne individuell fridom. Legg merke til at den einaste grunnen til at slike terroristar har lett tilgang til det kontinentale USA er fordi den amerikanske regjeringa beint fram nektar å sikre den sørlege grensa. Dette blir alt konstruert med vilje.

Mike Adams har skrive denne artikkelen som eit samandrag av sin podcast Situation Update Mar 31st 2022.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s