Tru det eller ei: Munnbindplikt for helsepersonell er oppheva!

Her forleden sendte leiaren på sjukeheimen ut følgjande melding til personalgruppa – vaskekjerring inkludert: Personale treng ikkje lenger bruke munnbind i pasientkontakt. Vi kunne knapt tru våre eigne auge. Eg måtte faktisk kontakte leiaren personleg og spørje ho to gonger om dette var tilfelle, og om det gjaldt alle i personalgruppa. Med blanke auge og eit smil svarte ho «ja». Ho sleppte frå seg eit overraska lite stønn då eg gav ho ein klem. Seinare stakk eg innom næraste butikk og kjøpte ein bukett blomster til ho og nestleiar. Ti raude roser kvar. Nestleiar fekk hakeslepp. Dei begge var tilgjevne for å tru at eg fridde til dei.

Med det var «munnbindepoken» i den norske helsesektoren over – utan nokon vidare seremoni. Det var ikkje ein dag for tidleg. Som ved eit trylleslag slutta absolutt alle i personalgruppa å bruke munnbind i nærkontakt med bebuarane, og eg hadde æra av å delta i mitt fyrste munnbindlause stell med ein bebuar sidan seinhausten 2020.

Eg hadde lenge mistanken om at dette ville skje. Koronaforteljinga har so å seie rast fullstendig saman. Då eg byrja på sjukeheimen hausten 2021, var det framleis differensierte retningslinjer mellom uvaksinerte og fullvaksinerte: Uvaksinerte måtte framleis bruke munnbind ved pasientkontakt (nærare bebuar enn to meter), medan fullvaksinerte slapp det. Denne kontroversielle retningslinja kom i slutten av mai 2021, og skapte mykje rabalder rundt om i diverse helseføretak. Eg meinte frå dag éin av at retningslinjene var i strid med Diskrimineringslova, og eg meinte heilt frå starten av at munnbind ikkje beskyttar mot virus; ved mistanke om virusinfeksjon bruker helsepersonell nemleg òg visir og vernebriller i tillegg til munnbind. I beste fall gav munnbind ein falsk illusjon av tryggleik. I verste fall var dei umenneskeleggjerande, i og med at dei tok frå oss evna til å kommunisere ved hjelp av ansiktsuttrykk.

Like før omikron-varianten skapte overskrifter i media, innførde sjukeheimen obligatorisk testing av uvaksinerte to gonger i veka. Leiinga overlét det til oss sjølve å ta testane, og kravde aldri dokumentasjon på positiv test. Enkelte andre helseinstitusjonar var ikkje so heldige: Det har blitt fortalt rundt om i alternative media (og bekrefta til dømes av Norsk Hjelpefond) at uvaksinerte tilsette måtte teste seg under oppsyn av ein overordna.

So kom omikron, og skiljet mellom vaksinerte og uvaksinerte forsvann som ved eit trylleslag: No måtte alle – uavhengig av vaksinasjonsstatus – bruke munnbind heile tida. Sjukeheimen vart stengt ned tidleg i januar 2022, men ingen av dei «smitta» bebuarane og personalet hadde nemneverdige symptom. Dei «råka» i personalgruppa såg på det heile som ein betalt ferie. So, når verste pandemipanikken hadde lagt seg, vart munnbindretningslinjene nok ein gong endra: No skulle alle bruke munnbind berre i pasientkontakt – nærare pasienten enn anten éin eller to meter; ingen visste eigentleg kva slags avstand som var gjeldande. Få, om nokon, brydde seg.

Etter kvart byrja fleire og fleire i personalgruppa å droppe munnbindet i alt anna enn stell- og matesituasjonar. Nokre gjekk utan munnbind medan dei var på trilletur med rullestolbundne bebuarar. Andre droppa munnbindet då dei til dømes var innom rom for å hjelpe til med ein bebuar som hadde hatt eit fall, og som måtte hjelpast opp frå golvet. Leiar tok dette opp på personalmøte, og minte om retningslinjene for bruk av munnbind i pasientkontakt. Like etter (faktisk under 24 timar seinare) vart som sagt dei reglane fjerna.

Etter at krigen i Ukraina braut ut, har det vore bom stille rundt både pandemi, koronasituasjonen og talet «smitta». Den offisielle forteljinga har musestille fjerna seg frå Covid-skremselen, men den globalistiske eliten jobbar framleis i det skjulte med å avskaffe diverse lover, reglar og fundamentale menneskerettar. Ein har lovforslag med useriøst kort høyringsfrist, mellom anna om vidareføring av koronasertifikat, og eit mogleg portforbod og avskjed av uvaksinerte. Faren er langt frå over, sjølv om det kjøpte og betale massemedia ikkje lenger maser om det på innpust og utpust.

Bruken av munnbind har vore til stor skade både for personalet og bebuarane. Personalet pådrog seg plagar slik som hovudverk, hudproblem, tørre auge og tørre slimhinner og av og til kvalme og svimmelheit. Bebuarane leid fordi dei ikkje lenger såg menneskelege ansikt rundt seg – berre desse framandgjerande og umenneskeleggjerande «maskene». Tunghøyrde bebuarar gjekk det ikkje lenger an å kommunisere med fordi dei var avhengige av å lese på leppene. No var det ikkje lenger nokon lepper synlege. Vi alle slepte oss gjennom dagane, ravande rundt smådårlege med redde, skjemde blikk. Dei som stilte spørsmålsteikn ved retningslinjene, slik som eg, vart straffa utan nåde og stikk i strid med Arbeidsmiljølova og eit vell andre lover.

For å gjenta meg sjølv: Alle skulle halde avstand, halde kjeft og viktigast av alt halde ansikta skjulte!

Det at uvaksinerte frå slutten av mai og fram til desember 2021 måtte skjule ansikta sine bak framandgjerande, umenneskeleggjerande og sjukdomsskapande munnbind, medan dei som var ukloke nok til å ukritisk late seg injisere med eksperimentelle mRNA-sprøyter, er ingenting anna enn eit søksmålsverdig overgrep. Det er kan hende ein av dei største skandalane i den norske helsesektoren – kanskje bortsett frå vaksinasjonskampanjen sjølv. Kjeldene mine har ymta frampå at eit gruppesøksmål mot Den norske stat vil kome i næraste framtid. Det vil etter mitt syn vere fullt fortent dersom dei ansvarlege blir stilt for retten og dømt for sine brotsverk mot menneskeheita.

Det er enkelte aktørar her i Noreg som har tent vanvittige pengesummar på koronatiltak, PCR-testar og munnbind. Kanskje ei eventuell rettssak burde få som konsekvens at pengane desse aktørane har tent, vil kunne brukast til å utbetale erstatning til dei som har fått liva sine øydelagde i koronaens namn? Det er definitivt verdt ein tanke.

Fram til omikron-varianten kom som ein slags reddande engel (og kanskje var den det?), hadde eg ikkje håp om at folk ville ta til fornuft og sjå galskapen i alle dei tåpelege tiltaka. Den snudde sakte, men sikkert opp-ned på dei eg trudde var utan håp. Der finst diverre framleis dei som er utan håp, og dei vil nok aldri skifte standpunkt – ikkje om so heile regjeringar over den vestlege verda blir stilte for riksrett og dømt for landssvik. No er den allmenne kjensla ei heilt anna enn ho var tilbake i 2021. Fleire har byrja å vakne opp frå massedanningspsykosen. Fleire har byrja å tenkje igjen. Og kor mange går framleis med munnbind? Svært, svært få.

No skal vi alle førebu oss på å ta imot ukrainske flyktningar i staden.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s