Fullvaksinerte får løyve til å køyre med avgiftsfri diesel i sine privatbilar frå 1.mai – men eventuelle passasjerar må òg vere fullvaksinerte

På grunn av krigen i Ukraina er drivstoffprisane høgare enn nokosinne, og ekspertar meiner at det skal berre bli verre i månadene framover. Analytikarar har tidlegare spådd drivstoffprisar opp til 30 kroner, og dei presiserer at dette er eit optimistisk anslag. El-bilar er ikkje eit billegare alternativ på grunn av den høge og til tider ubereknelege straumprisen, og anerkjende ekspertar kjem med dystre prognosar om straumnettkapasiteten: om alle i ein større by ladar bilane sine samstundes, vil el-nettet rett og slett kollapse.

Som ein konsekvens av denne politikarskapte energikrisa, har mange nyleg nytta høvet til å fylle avgiftsfri diesel, på folkemunne kalla «farga diesel». Dette bekreftar vise-general i Tollvesenets trafikkgrein, Harald Tarvelid. Løyve til å fylle slik diesel blir fyrst og fremst gjeven til bønder og eigarar av helseinstitusjonar, sidan farga diesel mellom anna blir brukt til traktorar og andre landbrukshjelpemiddel, i tillegg til naudaggregat på til dømes sjukeheimar.

På ein nyleg pressekonferanse kom transportministeren og helseministeren med eit historisk unikt forslag: Fullvaksinerte skal frå og med 1.mai 2022 òg få løyve til å køyre med avgiftsfri diesel. FHI har nemleg i ein rapport slått fast at tilsetningsstoffet som gjer avgiftsfri diesel farga, har ein positiv effekt på CO2-nivået i atmosfæren. Fullvaksinert tydar i denne samanhengen at det må ha gått minst to veker sidan du tok siste dosen med mRNA-SARS-CoV-2-vaksinar frå Pfizer, Moderna eller Johnson & Johnson. Prosjektet blir koordinert av Helsedirektoratet og Samferdselsetaten og vart lovprist av MDG sin representant under siste Stortingsmøte.

Samferdselsetaten vil ta jamlege stikkprøvar ute på norske vegar, og mistanke om bruk av feil diesel vil bli sendt til Tollvesenet for nøyaktig analyse. Bøter på mellom 20 000 og 30 000 kroner kan vente dei som blir tekne. Dette har allereie vore lova i mange år, men frå og med 1.mai 2022 blir som sagt fullvaksinerte unntekne frå dette – og dei kan dermed fritt fylle farga diesel til bruk i sine privatbilar.

Helseministeren la derimot til med eit kaldt smil: Passasjerane må òg vere fullvaksinerte. I hennar eigne ord: «Uvaksinerte har altfor lenge vore gratispassasjerar under den fæle, dødelege pandemien. No får dei ikkje lenger vere passasjerar i det heile. Då får dei halde seg med sine likesinna i resten av samansuriet, og berre sitje på med bilar som går på dyr, dyr diesel.» Ho gneid seg deretter i hendene og lo som ei vaskeekte heks.

Dersom ein uvaksinert blir teken i å køyre med farga diesel, får ikkje berre vedkomande ei bot på mellom 20 000 og 30 000 kroner i posten. Passasjerane får det òg. I tillegg blir køyretøyet beslaglagt og førarkort og førarrett inndrege. Under stikkprøvane til Samferdselsetaten vil det difor vere til stade både tauebilar og væpna personell, i hovudsak politi og paramilitære styrkar.

Samferdselsministeren reknar dette som nok eit viktig steg i vegen mot Den nye verdsorden. Etter at helseministeren dytta vedkomande bryskt i sida, kremta personen og presiserte at vedkomande eigentleg meinte Det grøne skiftet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s