Legestudine mishandla pasient som gjorde narr av hennar transkjønnsideologi

Legestudine skrytte på Twitter over å ha stukke pasient med sprøyte to gonger for å gjere narr av hennar «pronomen-pins»

Av Amber Crawford, 100% Fed Up. Omsett av saksyndig.

Ein fjerdeårs medisinstudent ved Wake Forest School of Medicine vart teken i å skryte på Twitter over å mishandle ein pasient med nål fordi han lo av hennar pronomen-pins.

I twitten sin innrømte ho at ho med vilje stakk pasienten to gonger medan ho tok blodprøve berre fordi han fornærma ho. Twitter-kontoen hennar har sidan blitt sletta.

Hennar urovekkjande tweet sa:

«Eg hadde ein pasient som eg tok blodprøve av som såg pronomen-pinsen min og lo høgt til personalet, ‘Ho/henne? Vel, naturlegvis er det det! Kva andre pronomen er der? Det?’

Eg trefte ikkje vena so han måtte bli stukken to gonger.»

Tysdag [30.mars 2022] adresserte Wake Forest School of Medicine denne hendinga i ein offentleg tweet, der dei skreiv:

«Takk for å gjere oss merksame på dette. Studenten sin tweet reflekterer ikkje korleis Wake Forest University School of Medicine behandlar pasientar og tilbyr pasientomsorg. Vi set i verk tiltak for å ta dette opp med studenten.»

Det er uklart kva slags, om nokon, disiplinære handlingar eller kriminelle tiltalar som vil bli sette i verk overfor medisinstudenten, Kychelle Del Rosario.

Del Rosario har vigd tida si til å støtte transkjønnsrettar, er visstnok leiaren av Southern Trans Health and Wellness Conference Planning Committee ved Wake Forest Med School, og fekk eit medisinskule-stipendiat etter å ha skrive eit essay der ho snakkar om å vere ein leiar i «Safe Zone in Medicine», ei gruppe som ho seier «utdannar helsepersonale om behova og ulikskapane i LBGTQ+-helseomsorg».

«Denne rolla førebur meg på å bli ein påliteleg lege og forkjempar for transkjønnssamfunnet – ei gruppe i befolkninga som det medisinske feltet har påført stor skade i fortida,» skreiv Del Rosario. Dette er jammen ei ironisk ytring med tanke på at ho har hamna i kontrovers for å vere ein nokso upåliteleg lege… iallfall for dei som ikkje er transkjønna.

Ifølgje Fox News uttrykte Del Rosario i sitt stipendiat-essay òg korleis ho var «forbanna og vonbroten av dei tallause skrekkopplevingane transkjønnspasientar» går gjennom i helseomsorg, og at mange unngår å søkje medisinsk behandling «på grunn av frykt for diskriminering og mishandling».

Det verkar som om dei som fryktar diskriminering og mishandling ville vere tryggare om dei ikkje oppsøkte Del Rosario for behandling.

Dette er absolutt uakseptabel åtferd frå nokon som prøver å bli ein lege, og demonstrerer at ho er ute av stand til å kontrollere sine personlege kjensler når ho mislikar ein pasient. I den verkelege verda vil ho bli tvinga til å behandle mange menneske som ho kan hende ikkje leikar, men å berre vere ein legestudent og allereie «ta hemn» på ein pasient, er ikkje eit godt teikn på korleis ho vil behandle pasientar i framtida.

Kanskje det mest alarmerande aspektet er at ho ser absolutt ingenting gale i kva ho har gjort, og er so komfortabel med sine handlingar at ho går hen og tweetar om det… det er verkeleg urovekkjande.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s