Sentralbanken sine inflasjonsløgner, russiske sanksjonar og ein Ny verdsorden

Av F. William Engdahl, 28.mars 2022. Omsett av saksyndig.

Federal Reserve [Den amerikanske sentralbanken, på folkemunne kalla The Fed; oms.an.] og dei fleste andre verdsbankar lyg om korleis rentesatsar påverkar inflasjon. Dette er ikkje ein liten sak, ettersom det klart blir brukt for å drive inn ein global økonomisk depresjon, denne gongen langt verre enn på 1930-talet, ved å bruke Russland som syndebukken å leggje skulda på, ettersom makta førebur seg på å dytte verda inn i det som Joe Biden nyleg kalla «ein Ny verdsorden».

Eg har fleire gonger gjort eit poeng ut av at kvar større økonomiske depresjon eller resesjon [tilbakegang; oms.an.] det siste hundreåret, sidan ein skapte det amerikanske Federal Reserve, har vore eit viljestyrt politisk resultat av Fed sine handlingar. Den noverande situasjonen er tydeleg ei gjentaking av det. Nylege ytringar og handlingar frå Fed når det gjeld å kjempe mot inflasjon, indikerer at dei planlegg å provosere ein fullstendig global depresjon i løpet av dei neste månadene. Konflikten i Ukraina og den sinnssjuke straumen av NATO-landsanksjonar mot alt russisk vil bli brukt til å aksellerere prosessen av global inflasjon på mat, energi og alt anna, og late ein leggje skulda på Russland medan Fed kjem seg unna uskadde. Følg pengeskaparane.

Dersom vi ser på dei nylege ytringane til Fed, med god margin den mektigaste sentralbanken i verda uavhengig av spådommar om dollarens nærståande undergang som global valuta, blir det tydeleg at dei lyg ope. Hugs at den same Fed med vilje heldt rentesatsar nær null i meir enn 14 år sidan 2008-krisa for å redde Wall Street på kostnad av den verkelege økonomien. No påstår dei at dei må reversere satsane til det beste for den økonomien. Dei lyg rett og slett.

Den falske Philips-kurven

I dei siste åra har den tyrkiske presidenten Erdogan blitt alvorleg gått til åtak på for å påstå at høgare sentralbankrentesatsar ikkje effektivt kan kontrollere Tyrkia sin høge inflasjon. Ironisk nok har han rett i omsyn til det. Han våga å gå til åtak på dagens monetære ortodoks, og finansmarknadene straffa han ved å gå til åtak på lira [valutaen i Tyrkia; oms.an.]. Basisen for teorien om rentesatsar og inflasjon i dag går tilbake til ein artikkel i 1958 publisert av A.W. Philips, då ved London School of Economics. Ved å sjå på britiske økonomiske data om løner og inflasjon over eit hundreår, konkluderte Philips at det var ein invers relasjon mellom løner og inflasjon.

Grunnleggjande konkluderte Philips, som la dataa sine inn i det som no er kjent som Philips-kurven, at inflasjon og arbeidsløyse har eit inverst forhold. Høgare inflasjon er assosiert med lågare arbeidsløyse og motsett. Likevel viser ikkje korrelasjon årsaksforhold, og sjølv Fed sine eigne økonomikarar har publisert studiar som invaliderer Philips-kurven. I 2018 skreiv Princeton-økonomikaren Alan Blinder, ein tidlegare vara-leiar i Fed, at «korrelasjonen mellom arbeidsløyse og endringar i inflasjon er nær null… Inflasjon har knapt flytta seg medan arbeidsløyse auka og minka

Trass dette, har Federal Reserve, so vel som dei fleste sentralbankar i verda sidan 1970-talet, brukt denne Philips-kurven til å rettferdiggjere aukande rentesatsar for å «drepe» inflasjon. Den mest berykta av desse var Fed-leiar Paul Volcker som i 1979 auka nøkkel-rentesatsar i USA (på same tid som Bank of England) med 300% til nær 20% nivå der han utløyste den verste amerikanske resesjonen sidan 1930-talet.

Volcker skulda den ekstremt høge inflasjonen i 1979-82 på arbeidarlønningskrav. Han ignorerte beilelig den verkelege årsaken til global inflasjon då, skyhøge prisar på olje og korn til 1980-talet som eit resultat av geopolitiske handlingar av Volckers støttespelar, David Rockefeller, ved å skape oljesjokka på 1970-talet. Eg skriv utgreiande om dette i boka mi A Century of War: Anglo-American Oil Politics.

Sidan Volckers brutale rentesatsoperasjon, har det blitt ortodoks for Fed og andre sentralbankar å seie at aukande inflasjon må bli «temja» av aukane rentesatsar. Faktisk er dei som vinn på det, hovudbankane på Wall Street som held gjelda til US Treasury [Det amerikanske finansdepartementet; oms.an.].

Årsaker til nyleg inflasjon

Årsaken til dei alarmerande inflasjonsaukane sidan Covid-nedstengingane i 2020, har lite eller ingenting å gjere med aukande lønningar eller ein veksande økonomi. Å auke satsar for å skape ei “mjuk landing” eller sokalla mild resesjon, vil ha so godt som ingen effekt på ekte inflasjon.

Prisane går til himmels for livsnødvendige produkt som familiar må kjøpe. Ifølgje ein studie av den amerikanske økonomikaren Mike “Mish” Shedlock, er meir enn 80% av komponentane i den amerikanske konsumprisindeksen brukt til å offisielt måle inflasjon, bygd opp av sokalla «inelastiske komponentar». Dette inkluderer framfor alt bukostnader, bensin, transport, mat, helseforsikring, utdanning. Dei fleste familiar er ikkje i stand til å seriøst redusere nokon av desse nødvendige levekostnadene uavhengig av høgare rentesatsar.

Matkostnader går i taket etter kvart som det dukkar opp global mangel på korn, rapsolje og gjødsel, på grunn av dramatisk aukande kostnader på naturgass for å lage nitrogengjødsel. Dette var lenge før Ukraina-konflikten. Å eliminere russisk og ukrainsk kveiteeksport på grunn av sanksjonar og krig, kan kutte opp til 30% av verdas kornlager. Tørke i den amerikanske Midtvesten og Sør-Amerika, og store overfløymingar i Kina bidreg til eksploderande matkostnader. Naturgass aukar på grunn av den toskete nullkarbon-agendaen til EU og Biden, som prøver å eliminere all hydrokarbon-energi dei neste åra. No, på grunn av dei suicidale sanksjonane av Vesten mot Russland, blir ei hovudkjelde for global diesel-drivstoff (Russland) eliminert.

Russland er den neststørste eksportøren av råolje i verda etter Saudi-Arabia. Det er den største eksportøren av naturgass i verda, for det meste til EU.

Sanksjonar, urea og mikrochips

Eit døme på kor samanknytt den globaliserte verdsøkonomien har blitt: I oktober 2021, påførte Kina alvorlege eksportkontrollar på eksport av urea, ein nøkkelkomponent i ikkje berre gjødsel, men òg i eit tilleggsstoff til dieselmotorar, DEF eller AdBlue, som dei fleste moderne dieselmotorar treng for å kontrollere utslepp av nitrogenoksid. Utan AdBlue vil ikkje motorane gå. Dette trugar lastebilar, gardstraktorar, fôrhaustarar, bygg- og anleggsutstyr. Det amerikanske militæret bruker diesel-drivstoff i stridsvogner og lastebilar. No, med sanksjonane mot Russland, blir verdas neststørste eksportør av refinert diesel-drivstoff tvinga ut. EU importerer halvparten av sin diesel frå Russland. Shell og BP har åtvara tyske kjøparar om potensielle forsyningsproblem, og prisane går til himmels. Diesel-tapet kjem i det diesel-aksjar i Europa er på sitt lågaste sidan 2008. I USA, ifølgje OilPrice.com, er situasjonen endå meir alvorleg. Der er diesel-drivstoff-lager 21 prosent lågare enn det før-pandemiske, fem-årige sesonggjennomsnittet.

Neongass er eit biprodukt frå stålproduksjon. Omtrent 50% av verdas halvleiar-høg-reinleiks-neon-gass, som er kritisk for laserane ein treng for litografi for å lage chips, kjem frå to ukrainske selskap, Ingas og Cryoin. Begge fekk sin neon frå russiske stålkraftverk. Eitt er basert i Odessa og det andre i Mariupol. Sidan kampane byrja der for ein månad sidan, har begge kraftverka blitt stengt. I tillegg, ifølgje det California-baserte selskapet TECHCET, “er Russland ei kritisk kjelde for C4F6, som fleire amerikanske forsyningsselskap kjøper og reinleggjer for bruk i avansert nodelogikk-apparat-etsing og avanserte litografi-prosessar for chip-produksjon.» I tillegg produserer Russland om lag ein tredjedel av all verdas palladium brukt i katalysatorar i bilar og i sensorar og MRAM.

Oleg Izumrovov, ein russisk dataekspert, peiker vidare ut at dagens Russland «står for 80% av marknaden for saffir-substrat – tynne plater laga at kunstig stein, som er brukte i opto- og mikroelektronikk for å byggje opp lag av ulike material, til dømes silikon. Dei er brukte i kvar prosessor i verda – AMD og Intel er ingen unntak.» Han legg til, “Vår posisjon er endå sterkare i spesial-kjemien å etse chips ved bruk av ultra-reine komponentar. Russland står for 100% av verdas forsyningar av ymse sjeldne jordartar brukt i desse føremåla.»

For ikkje å nemne, er Russland verdas neststørste produsent av nikkel og aluminium.

Ettersom Washington stadig held fram med å eskalere sanksjonar mot Russland, er det berre eit spørsmål om veker før desse forsyningskjede-lenkjene får konsekvensar for global og amerikansk inflasjon på eit nivå ein ikkje har sett i nyare tid. På NATO-møtet 24.mars i Brüssel, prøvde Joe Biden (utan hell for no) å egge EU-medlemsstatane til å sanksjonere russisk olje og gass. Energiprisar går allereie til himmels globalt, og Biden innrømte til ein reporter at prisane kjem til å bli mykje høgare for mat og energi, og skulda det på Ukraina-konflikten.

Ingen av desse effektane, der dei fleste berre byrjar å påverke kostnaden og sjølv tilgangen på mat og andre essensielle varer, kan bli endra ved å auke satsane til Federal Reserve Fed Funds. Og Fed veit dette. Dei kastar bokstavleg tala paraffin på eit økonomisk bål med sine handlingar. Dei vil peike på alarmerande auke i inflasjon innan mai, og forsvare sin falske «kur», nemleg høgare rentesatsar som risikerer å kaste USA og verda inn i ein global depresjon som vil få 1930-åra til å sjå milde ut. Vi kan forvente mykje snakk om å introdusere ein digital sentralbankvaluta for å erstatte dollaren på det punktet. Velkomen til Davos sin Great Reset.

F.William Engdahl er ein strategisk risk-konsulent og føredragshaldar. Han har ein grad i politick frå Princeton University og er ein bestseljande forfattar innan feltet olje og geopolitikk, eksklusivt for nettmagasinet «New Eastern Outlook».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s