Om grå mus og klatremus – ei særs villeiande og konspiratorisk framstilling av helsesektorens karrierevegar

I den kommunale helsesektoren er damer overveldande overrepresentert. Dette har ført til at mitt eige yrke, helsefagarbeidar, er allment sett på som ein «kjerringjobb». Og stader der det berre jobbar kvinnfolk, blir raskt reine ormebola av intrigar, maktkamp og innbyrdes krigar mellom ymse fraksjonar av personalgruppa. I den kjønnsmessig motsette situasjonen, stader der det berre jobbar mannfolk, blir det utvikla eit sunt, berekraftig arbeidsmiljø der ting blir gjort på ein effektiv og pragmatisk måte. Eventuell usemje mellom kollegaene – når slikt ein sjeldan gong oppstår – blir løyst ved hjelp av ein nevekamp utandørs.

Men slik er det ikkje innan helse og omsorg. I denne «kjerringsektoren» finst det to typar personale: dei med ambisjonar om å klarte oppover i det kommunale hierarkiet, og dei som fullstendig manglar slike høge tankar om sin eigen karriere. Desse byrjar som regel å jobbe i ei avdeling, gror fast der medan dei blir gift, føder ungar og skaffar seg hus og bubil – og so har dei plutseleg gått og trakka og dilla heile sin yrkesaktive karriere. Dei går av med AFP i ein alder av 62, og held fram med å ta ekstravakter som pensjonistar til dei er langt oppi 70-åra. Når dei døyr, vil nokre av dei høgst sannsynleg heimsøkje sjukeheimen.

Helsepersonell som jobbar heile livet på same avdeling, og som ikkje på nokon måte avanserer eller gjer eit nummer ut av seg, blir kalla grå mus. Dei går i eitt med møblementet og gjer stille og audmjukt det dei får beskjed om. Dei lagar aldri bråk på nokon som helst måte. Dei gråaste musene av dei alle blir plasstillitsvalde eller verneombod.

Motstykket er dei ærgjerrige, ambisjonssvoltne paragrafryttarane, dei som raskt stig i gradene. Dei rævsleikjer seg oppover, og sparkar samstundes dei under seg i trynet på sin veg mot toppen. Dei byrjar som nestleiarar og klarer deretter å grafse til seg leiarstillingar på høgare og høgare nivå. Metodane dei bruker toler på ingen måte dagslys. I kjølvatnet ligg det knuste lagnader, øydelagde liv, avskjedssaker, sjølvmord og annan styggedom som ein lett kunne ha laga skrekkfilmar om.

Helsepersonell som for ein kvar pris vil leie og kontrollere, og difor smyg seg oppover karrierestigen, blir kalla klatremus. Dei er sentrum for all merksemd so fort dei kjem inn i eit rom – og det går på kostnad av alle andre i rommet. Dei elskar å gje andre menneske ordrar, eller manipulere dei til å tilfredsstille sitt eige usunne kontrollbehov. Får dei fyrst smaken på makt, vil dei bruke og misbruke den heilt til nokon bokstavleg tala myrdar dei. Og slikt kan jo skje – ein sjeldan gong.

(Eg vil på ingen måte oppfordre deg til å ta livet av ein kollega du ikkje likar. Drap og vald er aldri løysinga på eit problem.)

Grå mus og klatremus utgjer dei diametralt motsette berebjelkane i den norske helsesektoren. Den daglege donten handlar ikkje om å gjere godt omsorgsarbeid eller miljøarbeid for målgruppene. Det handlar om å halde kvarandre i sjakk. Klatremusene kontrollere dei grå musene. Alt anna er å sjå på som eit brot på galaktisk lov. Å bringe uorden i kosmos. Spenninga mellom grå mus og klatremus kan best skildrast som ein udelikat dyade, ei heilag tosemd mellom to partar som på ingen måte er likeverdige. Den eine er høgverdig medan den andre er høgst, høgst uverdig.

Dette er berre «kjerringsektoren» si utgåve av dyrerikets «et eller bli eten». Den ævelege kampen mellom rovdyr og byttedyr. Mellom overgripar og offer. Om du godtek urett gjort mot deg og dine, har den som utfører uretten vunne. Grå mus forblir nøyaktig der dei er fordi dei manglar driv og ambisjonar. Dei er ikkje på nokon måte velsigna fordi dei har evna til å sitje stille i eit rom; manglande evne til å sitje stille i eit rom meiner mange tenkjarar er sjølve rota til menneskeleg misère.

Det står derimot ikkje skrive i stein at ein vil lykkast i å avansere i det kommunale hierarkiet berre fordi ein definerer seg sjølv som ei klatremus. Ambisjonar som ikkje er backa opp av evner, er verdilause. Mislykka klatremus vil difor ende opp som den tredje varianten: den epleforma, stadig sjukmelde kollegaen som lagar kvalme, helvete og rabalder i personalgruppa, og som i kraft av å ha ein kronisk sjukdom ikkje kan fjernast av leiinga, som i likskap med resten av personalgruppa er møkka lei av dette vesenet. Ein slik situasjon vinn vel berre nemnde kollega på. Men er ho spesielt lykkeleg? Om ho finn si perverse glede i å pine unge, redde, usikre lærlingar, viser dette meir enn bra nok hennar sanne natur. Arv og (arbeids)miljø har nok kvar sin del av skulda.

Sjølv dei dyktigaste klatremus vil før eller seinare kome til eit punkt der dei ikkje når lenger opp. Det blir jo tynnare i rekkjene dess høgare opp i systemet ein kjem. Bakkekontakten misser dei fleste allereie på einingsleiarnivå, og på nivået over det (etatsdirektør eller pleie- og omsorgssjef, alt etter kor stor kommunen er) er ein høgt til himmels. Einingsleiaren kan med naud og neppe kjenne igjen sine underordna om ho møter dei på gata. Dei fleste tilsette har knapt nok møtt etatsdirektøren eller pleie- og omsorgssjefen. Kommunaldirektøren eller rådmannen? Ikkje det fjernaste begrep. Rådmannens overordna, ordføraren, er ein framtredande figur i lokalmiljøet; alle kjenner vedkomande. Kommunaldirektørens overordna? Då er ein komen over i Byrådsavdelinga, og vesena der kunne like gjerne ha vore robotar eller vonde ånder!

Klatremusa vil nå eit punkt der ho ikkje kan klatre høgare. Den største føringa er som regel tida sjølv. Det kan ta tid å avansere i det kommunale systemet. Medan ein ivrig rævsleikjar lett kan grafse til seg ei stilling på lågaste nivå, avdelingsleiar, tek det proporsjonalt lengre tid å kome opp til neste nivå. Dei fleste klatremus vil på slutten av sin yrkesaktive karriere framleis berre vere avdelingsleiarar. No og då hender det derimot at nokon blir etatsdirektør/pleie- og omsorgssjef medan dei framleis er relativt unge, 40+. Då er kommunaldirektør/rådmann eit realistisk mål. Og nemnde eg karrierepolitikarane som plutseleg blir ordførarar? Her er det naturlegvis ikkje snakk om klatring, her har vi nok å gjere med instruksar frå «djupstaten»!

Ei anna føring som stoppar vegen til toppen, er at klatremusa rett og slett ikkje har evne til å sleikje seg vidare oppover. Ho er ikkje vond og skruppellaus nok – eller kjenner dei rette familiane og deira innbyrdes maktstrukturar. Om ho har hjarte og sjel, stoppar ho som regel på einingsleiarnivået – men med dette meiner eg ikkje at alle einingsleiarar faktisk har hjarte og sjel. Slike demoniske personlegdommar kan ein finne både på avdelingsleiarnivå og blant vanlege tilsette òg. Her gjeld det å sjå sine medmenneske an.

Ei tredje og siste føring er at klatremusa rett og slett erkjenner at det ho har brukt heile livet på, ikkje er eit so edelt og nobelt fordriv. Det ligg kanskje bak ho heile kyrkjegardar av øydelagde liv, og no og då hender det at ho finn skumle voodoo-dokker gravne ned i hagen sin. Når mange nok vil ho vondt, vil ho vende seg til det gode lyset og be om tilgjeving. Eg var borti at ein avdelingsleiar friviljug sa opp stillinga si og byrja som vanleg miljøterapeut; ho degraderte seg sjølv, med andre ord. So sjølv om det overveldande fleirtalet av klatremus har eit mildt sagt tvilsamt syn på etikk og moral, vil eit ørlite mindretal ha eit snev av samvit lengst inne.

Men so fort dei går forbi einingsleiarnivå/pleie- og omsorgssjefnivå er alt håp ute!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s