Brotsverk mot menneskeheita som du aldri vil høyre om frå hovudstraumsmedia

Av Michael Snyder, End of the American Dream. Omsett av saksyndig.

Den siste månaden har vi høyrt mykje om grusomme ting som skjer på den andre sida av kloten. Spesielt har eg blitt svært lei meg av å høyre forteljingar om krigsfangar som blir skotne i knea eller torturert på andre måtar i Ukraina. Mishandling av krigsfangar fortener definitivt mediaomtale, men der er mange andre brotsverk mot menneskeheita som skjer på dagleg basis som aldri får noka nyheitsdekning i det heile. Globalt finst der ei minoritetsgruppe som er undertrykt, forfølgt og utsett for valdelege åtak langt meir enn nokon andre. Men hovudstraumsmedia snakkar aldri om den, fordi minoritetsgruppa eg refererer til er kristne.

Det lever om lag 7,8 milliardar menneske på planeten vår, og omtrent 2,3 milliardar av dei er kristne.

Og i seinare år har vi sett ein alarmerande auke i forfølging av kristne over heile planet. Til dømes, her er ei historie som du aldri vil ha høyrt om frå hovudstraumsmedia i den vestlege verda:

«Radikale muslimar i austlege Uganda spraya syre på sine familiemedlemmer under ein krangel rundt deira konvertering frå islam til kristendommen og vart fortalt ‘de fortener død’. Familien overlevde, men er framleis på sjukehus der dei blir behandla for brannskadar.

Rapportar dukka sist veke opp som sa at muslimske slektningar har spraya syre på tre nye konvertittar – Juma Waiswa, 38, hans 32 år gamle kone, Nasimu Naigaga og deira 13 år gamle dotter, Amina Nagudi – i landsbyen Intonko i Namutumba-distriktet, for å straffe dei for å leggje trua si over på Jesus Kristus, ifølgje Morning Star News.»

Tragisk nok har denne typen hendingar blitt altfor vanlege.

Syre har blitt det valde våpenet for mange religiøse fanatikarar i Midt-Austen, og dei som har valt å konvertere til kristendommen er ofte måla.

I denne spesifikke saken, vart dei tre nye konvertittane brutalt angripne av medlemmar av sin eigen familie:

«Under møtet vart vi spurt om frelsa vår, og vi bekrefta til dei at vi trudde på Jesus og konverterte til kristendommen,» vart Waiswa sitert å ha sagt. «Dei fortalde oss å seie frå oss Jesus, men vi stod ved den nyfunne trua på Jesus.»

«Han heldt fram: ‘Då vi nekta å trekkje tilbake trua vår på Jesus, siterte faren min, Arajabu, nokre vers frå Koranen, og etter det byrja dei å slå oss hardt med kjeppar som Koranen føreskriv, og dei hevda vi var apostatar [fråfalne; oms.an.]. Sidan dette ikkje var nok, gjekk faren min inn i rommet og henta ei flaske med syre og byrja å spraye det på oss medan gruppa starta å rope ‘Allah Akbar [Allah er større], de fortener død,’ og deretter ville dei ikkje vedkjenne seg oss.’»

Forfølging av kristne har auka til ekstremt alarmerande nivå i Asia òg.

Tl dømes vart ein kristen pastor i India nyleg bunden til ein stolpe i eit travelt kryss og slegen nådelaust framfor ein diger folkeskare:

«Hindu-ekstremistar i Det nasjonale hovudstadsterritoriet Delhi batt sist månad ein pastor til ein stolpe i eit travelt kryss og slo han framfor hundrevis av menneske, men politiet har enno ikkje føreteke arrestasjonar, sa kjelder.

Etter å ha anklaga pastor Kelom Kalyan Tete for tvangskonvertering medan dei slo han, bortførde Hindu-ekstremistar 25.februar deretter den blødande pastoren, batt hendene hans og knytte han til ein jarnstolpe som deler ein veg i to ved Fatehpur Beri Chowd-krysset i sørlege Delhi, sa pastor Tete.»

Sjølv om det var so mange augevitne, har ikkje ein einaste arrestasjon blitt gjort so langt.

Og dette er fordi denne typen handling i stor grad er godteken i den delen av verda.

Ting er endå verre i Kina.

Hovudstraumsmedia i den vestlege verda elskar å lage eit stort nummer utav korleis kinesarane forfølgjer uigurane, og det er visseleg sant, men den kinesiske forfølginga av kristne er faktisk langt meir gjennomgåande.

Du vil aldri høyre om dette på CNN eller MSNBC, men sanninga er at huskyrkjer med jamne mellomrom blir raida over heile landet, og dei som blir identifisert som leiarar blir ofte tekne til hemmelege «transformasjonsfasilitetar»:

«Styresmaktene i Kina held kristne innesperra i hemmelege, flyttbare «transformasjons»-fasilitetar for å få dei til å seie frå seg trua, har RFA funne ut.

Ein medlem av ei kristen «huskyrkje» i den sørvestlege provinsen Sichuan som bad om å bli identifisert under pseudonymet Li Yuse, sa at han vart halden i ein fasilitet driven av det herskande Kinesiske kommunistpartiet (CCP) sin United Front Work Department, som jobba side om side med det statlege tryggleikspolitiet, i ti månader etter eit raid i hans kyrkje i 2018.

‘Det var ein flyttbar fasilitet, som berre kunne setjast opp i ein kjellar ein stad,’ sa Li. ‘Den var bemanna av folk frå fleire ulike statlege departement.’»

Når vi snakkar om kor fæl den kommunistiske kinesiske regjeringa er, kvifor tek aldri nokon opp dette?

Grunnen det aldri blir teke opp er fordi den overveldande majoriteten av den amerikanske befolkninga har inga aning at dette finn stad, og det er fordi hovudstraumsmedia aldri rapporterer om det.

Det liberale media i den vestlege verda likar ikkje å dele nokon historier som vil setje Bibel-truande kristne i eit positivt lys.

I staden er det ein utrøytteleg innsats for å demonisere og marginalisere dei som har eit bibelsk verdsssyn, og som vil uunngåeleg føre til fullstendig statleg forfølging.

I nokre vestlege nasjonar ser vi allereie ting som ein gong i tida ville ha vore absolutt utenkjelege. Til dømes, i Finland, vart ein kristen parlamentsmedlem og framtredande biskop arrestert og tiltalt for hattale-brotsverk for å dele sitt trubaserte syn på seksualitet:

«Ein finsk domstol har forkasta anklagane mot ein kristen parlamentsmedlem som offentleg delte sitt bibelbaserte syn på ekteskap og seksualitet.

Päivi Räsänen, ein tidlegare innanriksminister, og biskop Juhana Pohjola stod føre retten sist månad, tiltalt for hattale.»

Den gode nyheita er at retten dømte i deira favør.

Men dei burde aldri ha blitt arrestert i fyrste omgang.

Dersom du kan tru det, prøvde påtalestyresmakta å argumentere at bruken av ordet «synd» faktisk er eit hatsbrotsverk:

«Under rettssaken argumenterte påtalestyresmakta at å bruke ordet ‘synd’ kunne vere ‘nedsetjande’ og ‘skadeleg’, og påstod at dei ikkje utfordra religiøse syn, men ‘uttrykket av desse syna’.

‘Bibelen sit ikkje på tiltalebenken her, men Räsänen sine ord gjer… Apostelen Paulus sit ikkje på tiltalebenken, men Räsänen gjer,’ sa påtalestyresmakta.»

Vi burde vere takksame for ein siger i dette tilfellet, men kreftene bak politisk korrektheit i den vestlege verda er utrøyttelege og dei vil aldri stoppe med å prøve å pushe den agendaen.

Her i USA har eg aldri sett eit større hat mot kristne som det eg ser no. Eg ønskjer at eg kunne fortelje dykk at dette berre er mellombels, men eg er fullstendig overtyda om at det vi har vore vitne til so langt, berre er toppen av isfjellet.

USA er ein av dei siste relativt frie nasjonane på planeten, og under den amerikanske grunnlova skal vi vere i stand til å fritt praktisere trua vår.

Uheldigvis har tidene dramatisk endra seg, og dei som hatar oss kjem aldri til å stoppe.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s