At det er meir mellom himmel og jord blir av mange rekna som sjølvinnlysande. At menneske som døyr «går over» på den andre sida har blitt observert tallause gonger opp gjennom historia. Som helsefagarbeidar på langtidsavdeling opplevde eg ofte dødsfall, som blir kalla mors på sjukeheimsspråket. Sjølve morsprosedyren innebar å stelle lekamen til den døde og snakke med den som om personen framleis var i live. So skulle ein slå av all varme i rommet og opne vindauget. Å slå av all varme hadde ei naturleg forklaring, sidan vi då seinka rotningsprosessen hjå liket. Å opne vindauget, derimot, gjorde vi slik at «ånda» eller «sjela» skulle kunne forlate sjukeheimen.
Eks-kjærasten min, her kalla «Vendela», var sjukepleiar på korttidsavdelinga i etasjen under meg. Ho var høgsensitiv og klarsynt, og såg ofte sjela til døde henge igjen i rommet. Av og til følgde sjela etter ho heim, ei sokalla «klistreånd» som dette fenomenet blir kalla i alternative krinsar. Då hadde ho sin eigen metode for å få sjela over til den andre sida. Som regel ville berre sjela til den døde gje ho ein beskjed før den kryssa over.
Ein gong ut på vårparten 2019, året eg hadde alt, hadde det skjedd eit dødsfall på mi avdeling. Eg og Vendela hadde stelt lekamen til «Irene», ei kvinne som hadde døydd av alderdom og lengre tids sjukdom. Dei pårørande stod i korridoren og grein medan vi utførde morsprosedyren. Både vi to og dei pårørande merkte oss at den 90-årige kvinna vart likbleik med éin gong etter at ho sovna inn. Vanlegvis blir ikkje liket bleikt (pallor mortis på fagspråket) før etter ei stund. Dette meinte Vendela kunne tyde på at Irene var særs dårleg, og at døden difor kom so ei lette både for ho og dei pårørande.
Dei pårørande var særs fornøgde med hjelpa og omsorga eg og dei andre pleiarane på avdelinga hadde gjeve mora, dei visste at ho var i trygge hender hjå oss. Lite visste eg at eg seinare den kvelden skulle få beskjed frå nokon andre som òg var fornøgde.
Dødsfallet fann stad i sekstida, og morsprosedyren var gjennomført innan klokka sju. Då vi gjekk av vakt klokka ti og Vendela køyrde oss heim til kjellarleilegheita si ti minutt med bil unna sjukeheimen, fekk ho brått eit underleg smil i ansiktet. Då vi stoppa bilen snudde ho seg sakte mot meg og såg på meg med dei vakre, grønlege, sensuelle auga. Smilet forsvann sakte.
«Oi,» sa ho stille.
«Kva er det?» spurde eg i det ho sløkte motoren.
«Ho har følgt etter deg heimatt,» sa ho.
«Kven?»
«Irene,» sa Vendela.
«Du køddar no, ikkje sant?» spurde eg.
Vendela rista sakte på hovudet.
«Eg ser både auraen din og auraen til Irene. Det er litt… intenst.»
«Seier du at spøkjelset hennar følgjer etter meg?»
«Ja. Men ikkje ver redd. Ho har ikkje vonde føremål.»
Vi gjekk ut av bilen, ned steintrappa og inn i leilegheita. Den vesle guten var hjå faren, slik som var avtalen når Vendela jobba seinvakt. Ho tok handa mi og førde meg ut på kjøkkenet. Vi sette oss ved bordet, der det låg fleire teikningar som guten hadde laga med meg på føremiddagen den dagen.
«Eg skal høyre kva ho vil,» sa Vendela. So lukka ho auga og konsentrerte seg. Etter ei lita stund opna ho auga og såg smilande på meg. «Ho vil takke deg for all kjærleiken og omsorga du har gjeve ho.»
«Åh. Vel, det er jo bra at ho er fornøgd med jobben eg har gjort som helsefagarbeidar.» Eg var lettare skjelven der eg sat.
«Ikkje berre det. Ho seier at du er eit godt menneske. Ho kjende seg trygg med deg. Enkelte på avdelinga er der berre for pengane. Du er der fordi du likar jobben din. Og det merkar bebuarane med éin gong.»
Då ho budde på avdelinga hadde Irene alvorleg demens, sat i rullestol og hadde ikkje fungerande taleevne. No kommuniserte altso den ikkje-demente sjela hennar med oss.
«Oi.» Vendela vende blikket sitt tankefullt til sida.
«Kva skjer no?» spurde eg.
«Irene har gått over til den andre sida. Det var berre det ho ville seie til deg.»
«Hmm, eg merka ikkje at ho var der i det heile.»
«Det er fordi du ikkje er høgsensitiv. Iallfall ikkje på same måte som eg er. Men no er ho på ein betre stad.»
«Kva ville ha skjedd om du ikkje oppdaga at Irene følgde etter meg?»
«Ho ville nok ha vore med deg heilt til du møtte nokon klarsynte som kunne kommunisere til deg kva ho hadde på hjartet. Klistreånder har alltid eit føremål med å hengje seg på ein person. Ta det som eit kompliment. Det er denne jobben du er skapt for.»
Dette hende i 2019. Litt over to år seinare, i juni 2021, vart eg bortvist frå sjukeheimen av sjølvaste etatsdirektøren etter at den nye einingsleiaren meinte eg var ein fare for bebuarane på grunn av meiningane mine om ein viss «pandemi».
