Gestapo har gjenoppstått i delstaten Washington – innbyggjarane kan melde naboar anonymt for «feiltale» og få 2000 dollar som takk for hjelpa

Bak kvart eit vellykka totalitært regime står ein heil armé av tystarar som med største glede sladrar til politiet om naboar eller folk dei ikkje likar trynet på. Under krigen gjekk dei til Gestapo og meldte sine kjæraste venner for å innynde seg hjå okkupasjonsmakta. Det var takka vere slike informantar at til dømes gamle Sovjetunionen og DDR kunne halde befolkninga i eit jarngrep i tiår etter tiår. Det var innsatsen til slike ryggradslause og servile angjevarar som gjorde at til dømes politiet og rettsvesenet i Bergen under byrådsleiar Roger Valhammer kunne rykkje ut og opprette sak på folk som hadde éin gjest for mykje i huset sitt under det verste covid-tyranniet tilbake i 2021.

Det verste var nok ikkje at nokon hadde meldt deg til den fiendtlege staten – det verste var at du ikkje fekk vete kven som hadde gjort det. Iallfall ikkje før staten til slutt kollapsa og alle fekk innsyn i sine eigne mapper. Det førde nok til klein stemning i mange familiar og venneflokkar. Sundagsmiddagen hjå tante Brita vart nok aldri den same etter at du fann ut at ho hadde meldt deg til tryggleikspolitiet slik at du nesten vart skoten i ein bakgard.

No har dette nedrige tystarsystemet gjenoppstått, iallfall i USA. Vår grådig produktive journalist Ethan Huff i Natural News skriv at delstaten Washington no har vedteke eit lovforslag som skal skape ein delstatsdekkjande tystar-infrastruktur der innbyggjarane kan rapportere naboane sine anonymt for det som på engelsk blir kalla wrongspeak – ‘feiltale’.

Huff skriv (mi omsetjing):

«Senate Bill 5427, som gjekk gjennom både Senatet og Huset og som no ventar på signaturen til guvernør Jay Inslee, tillèt privatpersonar, inkludert ikkje-borgarar og ulovlege innvandrarar, å melde ‘bias incidents’ [«partiskheit-hendingar» i mangel av betre omsetjing] til delstats-generaldadvokaten sitt kontor. Kvar slik melding kjem med ei potensiell utbetaling på 2000 dollar [21 000 kroner].

Dei som støttar lovforslaget seier at føremålet med det er å beskytte ‘offer for hatkriminalitet’ før nemnde kriminalitet i det heile teke finn stad, men til kva slags pris? Essensielt skaper SB 5427 ei direktelinje for slarv laga for å intimidere folk i Washington for å seie meiningane sine, spesielt når slike ytringar kan vere politisk ukorrekte.

Etter vår vurdering er SB 5427 grunnlovsstridig av minst dei følgjande fem grunnane:

  1. Det er i strid med retten til å møte den som skuldar ein
  2. Det hindrar ytringsfridommen
  3. Det er i strid med tankefridom, ein implisert rett i First Amendment [som mellom anna regulerer ytringsfridom]
  4. Det overkøyrer fullstendig religionsfridom
  5. Det hindrar pressefridom

‘Folk vil slutte å snakke med og skrive til kvarandre bortsett frå svært nære venner og slektningar, i frykt for at ei grådig ‘Karen’ vil rapportere dei til Washington si utgåve av Gestapo,’ er måten ein uavhengig medieformidlar framstilte SB 5427 på.

(Relatert: Hugsar de under Wuhan-koronavirus (covid-19)-‘pandemien’, då Washington-guvernør Jay Inslee vart teken på fersken i å byggje covid-konsentrasjonsleirar for å fengsle ulydige?)

Washington, tyranni-delstaten

Til å vere eit valdistrikt som stolt framhevar seg sjølv som forkjempar for ‘kroppslege rettar’ (abort) og andre gjer-kva-de-vil-synspunkt, vil SB 5427 sanneleg setje munnkorg på munnane til innbyggjarane i Washington – i det minste dei som uttrykkjer upopulære synspunkt.

I eit offentleg vitnemål føre Senate sin Ways and Means Committee 20.februar, kom Julie Barrett, grunnleggjar og president i Conservative Ladies of Washington, med skarp kritikk av lovforslaget fordi det fullstendig overkøyrer den amerikanske grunnlova.

‘Bruk fem minutt på Twitter på ein kva som helst slags dag, og eg forsikrar dykk om at nokon seier noko fornærmande under denne lova som vi kan kalle eit ‘hatbrotsverk’, og motta deretter 2000 dollar frå generaladvokaten,’ sa Barrett.

‘Den har potensiale til å gjere folk til målskive på grunn av handlingar dei ikkje likar, men som faktisk ikkje er hatbrotsverk. I samarbeid med lovforslag slik som HB 1333 vil dette skape ei slags ‘direktelinje for slarv’ der ein kan melde folk ein ikkje er einige med eller ikkje likar.’

I sitt forsvar av lovforslaget sitt 2000-dollar-per-melding-tilbod, prøvde ein av støttespelarane å argumentere at pengane ‘ikkje er ei belønning til dei som melder inn til direktelinja’, men heller ein kompensasjon for å dekkje ‘tort og svie’ som har oppstått, kva enn dei kan vere.

SB 5427 nemner eksplisitt ‘an expression of animus’ [«uttrykk for fiendskap»] som ein av dei straffbare handlingane som medfører ein telefon til delstatsregjeringa, som vi undrar oss over: Kva tydar eigentleg dette?

Førestill deg at ein politibetjent kjem heim til deg for å spørje deg ut om ei ‘partiskheit-hending’ som du visstnok skal ha utført. sidan statutten forbyr han å fortelje deg kven som ringde inn klagen, i tillegg til å forby han å svare på spørsmål du måtte ha, er alt du veit at du sa noko ‘gale’, og at du no må betale ein pris med ingen måte å forsvare deg sjølv på.

Etter alt dette blir namnet ditt verande på delstaten si Bias Incident-liste for alltid, berre for å bli lagt meir saker til når du utfører fleire ‘uttrykk for fiendskap’ som rettferdiggjer meir melding. Høyrest Washington ut som ein god stad å bu?

‘Eg håper veljarane i delstaten Washington avset regjeringa,’ skreiv ein lesar om lovforslaget. ‘Anten det, eller so kan delar av delstaten gå over til Idaho [nabodelstaten].’»

Kommenter innlegget