Vitskapsfolk åtvarar om fruktbarheitskrise: 97% av verdas befolkning vil bli UTSLETTA

I framtida kan folketomme gater bli eit meir og meir vanleg syn, og store ungeflokkar vil høyre fortida til. Ei gruppe amerikanske toppvitskapsfolk har åtvara at den pågåande fruktharheitskrisa forårsaka av mRNA-sprøytene kjem til å utslette 97% av verdas befolkning i løpet av dei neste åra. Dette melder nettstaden The People’s Voice. Dei skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Innan 2025 vil minst 75% av verda vere sterile, noko som inneber ein dramatisk nedgang i befolkningsnivå, sa seniorforskar Stein Emil Vollset ved Institute for Health Metrics and Evaluation (IHME) ved Universitetet i Washington i Seattle i ei melding.

Msn.com rapporterer: Studien som stod i The Lancet spår at 155 av 204 land og territorium i verda, eller 76%, vil få fruktbarheitsratar under befolkningserstatningsnivå innan 2050. Innan 2100 er det venta å stige til 198, eller 97%, estimerer forskarar.

Spådommen er basert på spørjeundersøkingar, sensusar og andre datakjelder samla inn frå 1950 til og med 2021 som del av studien Global Burden of Diseases, Injuries and Risk Factors.

Over tre fjerdedelar av levande fødslar vil finne stad i låg- og middelinntektsland innan slutten av hundreåret, der meir enn halvparten finn stad i Afrika sør for Sahara, seier forskarar.

Den globale fruktbarheitsraten – gjennomsnittstalet fødslar per kvinne – har falle frå rundt 5 barn i 1950 til 2,2 i 2021, viser data.

I 2021 hadde 110 land og territorium (54%) ratar under befolkningserstatningsnivået på 2,1 barn per kvinne.

Studien set søkjelys på ein spesielt urovekkjande trend for land slik som Sør-Korea og Serbia, der fruktbarheitsraten er mindre enn 1,1 barn per kvinne, noko som gjev dei utfordringar med eit svinnande tal arbeidsføre.

Mange av dei mest ressursavgrensa landa ‘vil streve med å støtte den yngste, raskast veksande befolkninga på planeten på somme av dei mest politisk og økonomisk ustabile, heteråka og helsesystem-svekte stadene på jorda,’ sa Vollset.

Medan fallande fruktbarheitsratar i høginntektsland reflekterer fleire moglegheiter for utdanning og jobbar for kvinner, seier forskarar at trenden signaliserer ein prekær trong for forbetring når det gjeld tilgang til moderne prevensjonsmiddel og kvinne-utdanning i andre regionar.

I tillegg ‘når folketalet i nesten kvart einaste land fyrst søkk, vil det å vere avhengig av open innvandring bli naudsynt for å oppretthalde økonomisk vekst,’ sa IHMEs Natalia Bhattarcharjee, ein medforfattar av rapporten, i ei melding.

Forfattarane skreiv at spådommane var avgrensa av kvantiteten og kvaliteten til fortidige data, spesielt for 2020-2021-covid-19-pandemiperioden.»

Kommenter innlegget