For mykje databruk blir knytt til ereksjonsproblem

Det kan sjå ut som menn kan få manglande stå om dei står for lite. Ny forsking tydar no på at for mykje stillesitjing framfor dataskjermen kan forårsake erektil dysfunksjon hjå menn. Dette melder nettstaden The National Pulse. Dei skriv:

«Ein studie med meir enn 200 000 menn publisert i Andrology fann ein korrelasjon mellom auka databruk og erektil dysfunksjon (ED). Forskinga indikerer at kvar ekstra 1,2 timar framfor ei datamaskin aukar ein manns risiko for å lide av ED med nesten fire gonger. Undersøkingspoolen i studien viste òg at dei var meir genetisk tilbøyelege til å sitje passivt framfor datamaskina.

Analysen avdekte ein samanheng mellom langvarig fritidsbruk av datamaskina og auka nivå av folikkelstimulerande hormon (FSH). FSH er vitalt for sædproduksjon. Studien fann ikkje den same korrelasjonen med andre former for inaktivitet, som fritidskøyring med bil eller å sjå på TV.

‘Sjølv om den spesifikke mekanismen bak erektil dysfunksjon forårsaka av databruk ikkje har blitt tydeleggjort i den noverande studien, verkar det som om skadelegheita til stillesitjande åtferd når det gjeld erektil dysfunksjon er tydeleg,’ skreiv forfattarane av studien. ‘Med andre ord kan fysisk aktivitet hjelpe til med å hindre eller forbetre erektil dysfunksjon.’

Kinesiske vitskapsfolk utførde analysen ved bruk av genom-omfattande assosiasjonsstudiar og data frå den britiske Biobank, som inneheld ei rekkje medisin- og livsstilsdata frå meir enn ein halv million britar.

‘Medan denne studien ikkje viser absolutt årsak og effekt, antydar den visseleg at menn som er bekymra for ereksjonsproblema sine kanskje burde kome seg vekk frå datamaskina og bli meir aktive,’ skreiv Allan Pacey, professor i andrologi ved Universitetet i Manchester.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommentar frå Saksyndig: Ereksjonsproblem hjå stillesitjande menn treng ikkje naudsynlegvis å ha samanheng med at dei sit stille framfor datamaskina – stillesitjing over lengre tid er skadeleg same kva slags aktivitet ein gjer. Det ligg i tillegg ein psykologisk komponent til erektil dysfunksjon, spesielt om det råkar unge menn der det definitivt ikkje ligg helsemessige årsaker bak ereksjonsproblema. Den store elefanten i rommet er naturlegvis porno, som mange – om ikkje dei aller fleste – unge menn bruker dagane sine på. Problemet er meir djuptgripande enn det mange vil vedkjenne seg, og kan likegodt vere ei av årsakene til at ein heil generasjon av incels og sinte, unge menn no forpestar sosiale media og lokalsamfunnet med si giftige bitterheit.

Ereksjonsproblem kan sitje i hovudet – eller det kan vere eit organisk problem som har oppstått av overdriven seksuell stimulering av kjønnsorgana over tid. Begge delar kan løysast, men det krev tid og eit drastisk skifte av både miljø og vanar. Skal ein fyrst byrje ein stad, er det å gå seg ein tur definitivt eit (eller helst fleire) steg i riktig retning.

Kommenter innlegget