Zelensky-vodka ein heidundrande fiasko

Selskapet som lanserte ein eigen Zelensky-vodka har gått konkurs, melder Russia Today (RT). Dei skriv:

Prosjektet som lanserte ein vodka oppkalla etter Ukrainas president Vladimir Zelensky har mislykkast, har den russiske nyheitsformidlaren Octagon rapportert. Det sveitsisk-baserte oppstartsselskapet hadde som mål å samle inn midlar for Kiev, men sal i Europa og USA viste seg å vere skuffande.

Styresmakter i Sveits bestemte i september i fjor å løyse opp selskapet som lagar Zelensky-vodka-merket, ifølgje det kommersielle registeret i kantonen Zug. DrinkForPeace AG skal likviderast i samsvar med provisjonen knytt til konkurs, står det å lese der.

Octagon rapporterte at DrinkForPeace hadde kome fram til ein avtale med styresmaktene om å setje på vent oppløysingsprosessen medan dei prøver å selje resterande aksjar.

Merket vart lansert i mars 2022, rett etter årelange spenningar mellom Russland og Ukraina braut ut i militær konfrontasjon, av den sveitsiske gründeren Tobias Reichmuth og den ukrainske motedesignaren Anastasiia Rosinina. Blant grunnleggjarane var den sveitsiske sjefen Georgia von Gleichen og oppstartsgründer Matthias Zwingel.

Flaska med Zelensky-vodka hadde ein silhuett av den ukrainske presidenten framfor det blå og gule flagget til landet, saman med slagordet «Help Ukraine» og «drink for peace». Drikken var sagt å vere av fyrsteklasses kveitebasert kvalitet, laga og destillert i Tyskland og Sveits.

Grunnleggjarane lovde å overføre all profitt til Ukraina fram til 2026. Dei lovde òg å i tillegg sende fem euro per flaske til utvalde ikkje-statlege organisasjonar i landet. Den tilrådde prisen for ei flaske på 0,7 liter vart sett til 29,90 euro (like over 32 dollar) [346,77 norske kroner jf. dagens kurs].

Octagon sa at selskapet hadde prøvd å promotere sal av vodka i Sveits, Tyskland, Austerrike, Storbritannia og USA. Per august 2022 hadde 55 000 flasker blitt selde i fem land, som var milelangt frå målet om éin million flasker som vart sett då merket vart lansert i Storbritannia.

Grunnleggjarane klaga over at promoteringa i USA ikkje vart so godt støtta som dei hadde håpt, og innrømte at dei strevde med å dekkje kostnader, skriv formidlaren, og siterer eit innlegg frå von Gleichen på det sosiale nettverket LinkedIn.

Selskapet betalte visstnok tre andelar til ei stifting som reparerer skadde bygningar i Ukraina, og overførte rundt 37 000 dollar til eit barnesjukehus i Kiev. Derimot, ifølgje Octagon, er gjeldande stifting faktisk engasjert i å hjelpe den ukrainske hæren og forsyne utstyr til dronar, blant andre ting.

Vodkaen er framleis tilgjengeleg for sal i europeiske alkoholbutikkar, der prisane varierer mellom 18 og 40 euro per flaske. Ifølgje Octagon har DrinkForPeace gått vekk frå prosjektet for å følgje andre mål.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget