I Ukraina må utviklingshemma og psykisk sjuke kjempe i krigen – men sirkusklovnar slepp!

Den tragiske og meiningslause krigen i Ukraina går sin blodige og skeive gang. Soldatmangelen blir verre og verre. Ifølgje til dømes Ian Miles Cheong på X, blir menn med openberre fysiske og intellektuelle handikapp no pressa og tvinga til frontlinjene. Videoen viser ein mann som ser ut til å vere psykisk utviklingshemma kledd i militæruniform.

Nettstaden The People’s Voice skriv:

«Opptak har dukka opp som viser ein mentalt tilbakeståande mann som deltek i det ukrainske militæret etter at landet avskaffa sitt krav om at ein må vere ‘skikka for militærteneste’.

Sidan potensielle ukrainske militærkandidatar held fram med å flykte til fridom trass krav om at dei må vende tilbake og kjempe, har talet potensielle soldatar blitt mindre, yngre og mindre sofistikerte… til det grensar til utviklingshemming.»

Infowars, nettstaden til Alex Jones, rapporterer:

«Medan det å kalle tilbakeståande personar inn til militærteneste høyrest sinnssjukt og misbrukande ut, er berre 8% av ukrainske borgarar viljuge til å kjempe mot Russland, og med spørjeundersøkingstal som desse, gjev det meir meining kvifor Zelensky-regimet kan vere tiltrekkjande for soldatar som ikkje forstår konseptet døden.»

Infowars skriv òg:

«Mangelen på fysisk og mentalt skikka menn har blitt so alvorleg at heile landsbyar er tomme for menn, og team av vernepliktsoffiserar kidnappar 14 år gamle gutar i eit forsøk på å fylle opp rekkjene.

Ukraina har minst eit tal tenåringar som del av kampstyrken sin, og har òg henta inn pensjonistar til militærteneste, og dei vurderer òg å kalle inn kvinner.»

Samstundes er det éi gruppe i Ukraina som slepp militærteneste, og lesaren vil sikkert ikkje tru sine eigne auge:

Sirkusartistar slepp militærteneste i Ukraina!

Som Russia Today (RT) rapporterer:

«Regjeringa i Kiev har utpeikt fleire sirkusgrupper som kritisk viktige føretak, der dei tilsette vil bli unntekne mobilisering, som to lovgjevarar bekrefta måndag [8.april 2024].

Førre veke sette president Vladimir Zelensky i verk endringar i verneplikta som lèt hæren kalle inn 25-åringar, og avskaffa fleire unntakskategoriar frå militærteneste. Derimot kan visse statlege tilsette framleis unngå verneplikta om arbeidet deira blir sett på som ‘kritisk’.

Ukraina sitt Omreisande sirkus og fem andre grupper har blitt utpeikt som ‘kritisk viktige føretak… for funksjonen til økonomien, og for å sikre levebrødet til befolkninga under ein spesiell periode,’ skreiv Verkhovna Rada-medlem Yaroslav Zheleznyak på sin Telegram-kanal.

Sirkusutpeikinga vart bekrefta av ein anna parlamentsmedlem, Alexey Goncharenko, som sa at dette ikkje kom som ei overrasking, sidan mobiliserings- og unntaktsprosedyrar ‘vart om til eit sirkus for lenge sidan’.

Lista av strategisk viktige føretak – der tilsette dermed får unntak frå verneplikta – inkluderer ifølgje Goncharenko ikkje forsvarsindustrien, men gjeld produsentar av måling og gips, videospel-produsentar, og til og med eit selskap som driv med avl av kamelar.

Zheleznyak sa at dette då måtte vere spesielle ‘kamp-kamelar’, elles kunne han ikkje fatte og begripe kvifor akkurat dei skulle få fritak.»

Ukraina lid av stor mangel på soldatar, og har difor måtte innføre tvinga verneplikt. RT skriv avslutningsvis at Det russiske forsvarsministeriet estimerte at Kiev har tap meir enn 80 000 soldatar berre dei to siste månadene.

Omsett og kommentert av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget