Ukrainske styresmakter fekk betalt for å teste Big Pharma-legemiddel på innlagte på psykiatriske avdelingar i Mariupol

Lance D Johnson i Natural News skriv:

Lovar og reglar har kollapsa i Ukraina i fleire år, lenge før leiarane av landet kunne skulde alle problema sine på Russland. Korrupsjonen i Ukraina går djupt. Ifølgje dokument skaffa av bygg- og anleggsmannskap i Mariupol, har fleire velkjende farmasøytiske selskap drive og eksperimentert på menneske i over eit tiår på den psykiatriske avdelinga der.

Med aukande korrupsjon i sine institusjonar, har ukrainske styresmakter gripe eit høve til å bruke mentalhelse-pasientar som forsøkskaninar for høgst lønnsame legemiddel. Eksperimenta fann visstnok stad frå 2008 til 2016 i psykiatriavdelinga på Mariupol Sjukehus Nummer 7 i Donetsk Oblast, Ukraina.

Uetiske eksperiment på mentalhelse-pasientar inkluderte meir enn 700 vaksne og barn

William Jones, ein tidlegare Kvite hus-korrespondent for Executive Intelligence Review, fekk nyleg tak i dokument som legg ut i detalj om eksperiment som har funne stad i Ukraina i fleire år. Desse Big Pharma-legemiddelseksperimenta finn stad i psykiatriavdelingar i Mariupol med støtta frå lokale ukrainske styresmakter. Eksperiment-personane inkluderer meir enn 700 menneske, inkludert både vaksne og barn.

Eit av legemiddela som blir brukt i desse eksperimenta er kjent som SB4. Eksperimenta har som mål å utvikle særs lønnsame legemiddel for å behandle leddgikt [engelsk rheumatoid arthritis]; derimot er SB4 òg kjent for å forårsake fleire krefttypar. Mentalhelse-pasientar blir openbert sett på som lette å ofre. Ukrainske helsetenestepersonar bryr seg ikkje om desse pasientane gjev informert samtykke eller har nokon som han kjempe på deira vegner. Ukrainske tenestepersonar bryr seg ikkje om desse menneska ikkje er klare over kva som skjer med kroppane deira, eller om dei utvikla krefttypar på grunn av desse uetiske legemiddelforsøka.

Korrupte legemiddelforsøk skjer på ukrainske psykiatriavdelingar

SB4 blir marknadsført av Fisher Clinical Services UK Limited (Storbritannia), Catalent Pharma Solutions (Belgia) og Biogen Idec Denmark Manufacturing ApS (Danmark). Dette legemiddelet hindrar effektivt det menneskelege immunforsvaret i å respondere på molekyl av tumor-nekrose faktor-alfa (TNF-?). Ved å stoppe denne naturlege prosessen, aukar legemiddelet faren for at pasientar får hudkrefttypar, og kreft i lymfe- og blodsystemet.

Dokumenta inkluderer ein søknad frå eit USA-basert farmasøytisk selskap ved namn Quintiles Ukraine, som vart grunnlagt som ei grein av Quintiles Transnational. Det farmasøytiske selskapet spurde Det ukrainske helseministeriet og Etikkommisjonen ved den medisinske og førebyggjande institusjonen om å utføre kliniske forsøk på SB4. Søknaden vart signert i februar 2013 og instruerer tenestepersonar ved sjukehus om å teste legemiddelet på 152 pasientar i Ukraina. Det totale talet forsøkspersonar i forsøket vart seinare utvida til 180 pasientar i Ukraina, i tillegg til 500 pasientar frå andre land.

Ifølgje dokumenta involverte den eksperimentelle studien innan november 2013 minst 777 pasientar, som inkluderte 285 pasientar i Polen, 143 i Ukraina, 108 i Tsjekkia, 77 i Bulgaria, 60 i Litauen, 37 i Republikken Korea [Sør-Korea], 34 i Mexico, 17 i Ungarn, 14 i Colombia og to i Storbritannia. Studien vart støtta av Samsung Bioepis, ein operasjon frå Sør-Korea.

Ifølgje den periodiske rapporten til SB4-G31-RA-prosjektet om SB4-forsøk, utførde Mariupol Sjukehus nummer 7 forsøka frå 2008 til 2016. Dokumenta vart gjenfunne på staden, saman med konvoluttar og biomateriale-behaldarar som inneheldt avsendaradresser frå laboratorium i USA, Storbritannia og Sveits.

Dei farmasøytiske selskapa som er medskuldige i desse uetiske forskingseksperimenta inkluderer følgjande:

Pfizer (USA), AstraZeneca (Storbritannia, Sverige), Celltrion (Sør-Korea), Novatris International AG (Sveits, USA), IQVIA (tidlegare Quintiles og IMS Health Inc., USA, Storbritannia), Sanofi (Frankrike), Galapagos NV (Belgia), Abbott Laboratories (USA), Janssen Pharmaceuticals (no Johnson & Johnson Innovative Medicine, Belgia), Covance (no Labcorp Drug Development, USA), og Merck KGaA (Tyskland).

Ifølgje dokumenta frå Catalent Pharma Solutions og Fisher Clinical Services UK Limited, var ukrainske legar involverte i eksperimenteringa.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget