Vitskapsfolk åtvarar at skrantesjuke hjå hjortedyr kan MUTERE og infisere menneske

Mange har nok framleis kugalskapsutbrotet i Storbritannia frå 80- og 90-talet friskt i minne, der prion (deformerte protein) frå kontaminert storfe smitta menneske og gav dei den menneskelege varianten Creutzfelt-Jakobs sjukdom. Prionsjukdommar er 100% dødelege og har ingen kur, men er særs sjeldne.

Ein prionsjukdom hjå hjortedyr er den frykta skrantesjuka, på engelsk chronic wasting disease. Det vart i 2016 oppdaga tilfelle av skrantesjuke i Lærdal. Strategien for å unngå at andre dyr og ikkje minst menneske får i seg kontaminert hjortekjøt, er å avlive alle infiserte individ for på den måten å fjerne dei frå næringskjeda.

Ifølgje NewsTarget, systersida til Natural News, fryktar vitskapsfolk no at skrantesjuke (som artikkelen kallar «zombie-hjort-sjukdom») no kan mutere slik at menneske òg kan bli smitta, omtrent slik som har skjedd med kugalskap. I artikkelen står det:

«Seint i fjor bekrefta ekspertar det fyrste tilfellet av infeksjonen i Yellowstone nasjonalpark, etter at eit hjortekadaver som vart oppdaga i Wyoming-regionen av parken testa positivt for den særs smittsame sjukdommen.

No har tilfelle blitt rapportert hjå hjort og elg i 33 delstatar i USA. Sjukdommen har òg blitt oppdaga i nabolandet Canada og so langt unna som Noreg og Sør-Korea. […]

Sjukdommen øydelegg delar av hjernen til hjorten og forårsakar vanlegvis progredierande tap av kroppsfunksjonar, åtferdsendringar og til slutt døden. Den er 100% dødeleg og der finst verken ein kur eller vaksinar. Det blir kalla zombie-hjort-sjukdom fordi den forårsakar delar av hjernen til å gradvis bli broten ned til ein svamp-liknande utsjånad, og dyr siklar og har tomme blikk før dei døyr.

Den nøyaktige smittevegen er framleis ukjent, men ekspertar trur den spreier seg frå dyr til dyr ved å ete fôr eller drikke vatn kontaminert av infisert avføring, eller eksponering overfor kadaver.

Direkte kontakt, inkluder spytt, blod, urin og til og med gevir under skifte av dei, kan òg føre til overføring av viruset. For tida trur ein at det berre smittar hjort, elg og reinsdyr.

Skrantesjuke er forårsaka av deformerte protein kalla prion, og ein annan prionsjukdom som fyrst vart oppdaga hjå dyr har utvikla seg til å infisere menneske.

Sabine Gilch, ei vitskapskvinne ved Universitetet i Calgary, forklarte korleis kugalskap, offisielt kjent som bovine spongiform encephalopathy eller BSE, ‘kryssa overføringsbarrieren mellom dyr og menneske’.

‘Under BSE-krisa vart BSE overført gjennom kontaminert kjøt eller matprodukt til menneske, og forårsaka ei ny form av menneskeleg prionsjukdom kalla variant Creutzfeldt-Jakobs sjukdom’, sa Gilch.

Sjølv om Creutzfeldt-Jakob ikkje blir overført frå ein person til ein annan gjennom direkte kontakt eller gjennom lufta, trur forskarar at skrantesjuke kan det. Forsking indikerer at det er sannsynleg at prion knytt til miljøet kan føre til at prion-eigenskapane endrar seg, saman med kor smittsamt det er og faren for å infisere andre dyreartar eller til og med menneske. […]

Medan det for tida ikkje er nokon kjende tilfelle av dyr-til-menneske-overføring av skrantesjuke, åtvarar forskarar at den mest sannsynlege måten menneske kan få sjukdommen på, er å ete infisert kjøt.

I 2017 indikerte rapportar at mellom 7000 og 15 000 infiserte dyr vart etne. Talet infiserte dyr som blir konsumerte er venta å stige med so mykje som 20% årleg. Det kan ta meir enn eit år for eit infisert hjortedyr eller elg å utvikle symptom, og i løpet av den tida kan jegerar drepe desse infiserte dyra og ete kjøtet deira.

Ekspertar åtvarar at alle hjortedyr eller elgar som døyr på ein gard må bli testa for skrantesjuke på grunn av kor smittsam sjukdommen er. Dersom eit dyr testar positivt, blir heile flokken sett på som smitta og må dermed bli avliva.

‘Den underliggjande bodskapen er at vi er temmeleg dårleg førebudde. Dersom vi såg eit utbrot akkurat no, ville vi liggje dårleg an. Der er ingen planar for kva vi skal gjere eller korleis vi skal følgje det opp,’ sa Michael Osterholm, ein ekspert på smittsame sjukdommar ved Universitetet i Minnesota.»

Omsett og kommentert av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget