Sjå òg «Modige Monica trekkjer i naudbremsa på vegner av Australia», publisert 14.november 2021. For spesielt interesserte var dette den aller fyrste artikkelen som vart publisert på Saksyndig.
Den australske fridomskjemparen Monica Smit har tenkt å etablere juridisk presedens mot falske arrestasjonar, og sikre seg at politibetjentar blir ansvarleggjort for handlingar dei utførde som respons på covid-19. Dette melder David James på nettstaden LifeSiteNews. Han skriv:
«Den mest høgprofilerte motstandaren mot dei brutale covid-19-nedstengingane i Australia, vaksinepåbod og valdeleg undertrykking av offentleg kritikk har vore Monica Smit. Mostanden hennar held stadig fram. Ho har erklært at ho kjem til å saksøkje politiet i delstaten Victoria. Saka skal opp i retten 23.juli og er venta å ta 15 dagar.
I oktober 2020 var Smit i ferd med å rapportere om ein covid-protest då ho vart arrestert tre gonger, lagt i handjarn og halden i ein bil i 45 minutt. Med hennar eigne ord endra det livet hennar: ‘Om mine australske brør og systrer, politiet, er viljuge til å gjere dette mot meg, kva er dei då viljuge til å gjere mot andre menneske?’
Ho skulle snart finne det ut. Smit heldt fram protestane sine ustoppeleg, og i 2021 vart ho arrestert og sikta for å oppmuntre til protestar mot Victoria-delstatsminister Dan Andrews sin nedstengingspolitikk og vaksinepåbod, og for å nekte å ta ein PCR-test. Ho sat 22 dagar i isolat for desse påståtte brotsverka, ei fengsling som har gjeve ho statusen som den fyrste politiske fangen i Australia.
Smit er bestemt på at ho ikkje køyrer denne saka for sin eigen del, men for Victoria-innbyggjarane som vart dusja med peparspray, trefte av gummikuler, fekk føretaka sine øydelagde av nedstengingane (dei lengste i verda), vart arresterte for ‘uakseptable’ innlegg på sosiale media, eller vart råka av ‘covid-bøter’.
‘Nokon treng å statuere eit eksempel; nokon treng å haldast ansvarlege,’ seier ho. Målet hennar er å bruke høvet til å offentleg lufte klagar, og legg til at ho ‘vil kjenne seg skuldig resten av livet’ om ho ikkje gjer noko. ‘Eg kan garantere… at eg aldri nokosinne vil godta ein avtale om å teie stille.’
Motet til Smit er udiskutabelt, og ho har blitt eit effektivt fokuspunkt for australiarar som kjenner seg svikne av regjeringa si. Sinnet blant dei som motsette seg handlingane til staten er, i høgste grad, aukande etter kvart som skalaen på den statlege overreaksjonen blir meir og meir beviseleg.
Smit seier at det ønskte utfallet frå hennar side er å setje presedens, slik at folk som ho ‘ikkje kan bli arrestert på falskt grunnlag på denne måten i eit demokratisk land som Australia’. Ho ønskjer òg å gjere minst éin betjent personleg ansvarleg for det som skjedde med ho. ‘Betjentar burde bli minte på at ‘å følgje ordre’ ikkje er ei orsaking, og at dei har lov å handle etter eige samvit. Eg har lyst å statuere eit eksempel ut av minst éin betjent, slik at andre kanskje tenkjer seg om før dei følgjer ulovlege ordrar.’
Covid-nedstengingane har skapt enorm skade på den sivile veven i Australia – ein gong ei kjelde for stoltheit og no ei årsak for skam. Ein av tinga som motiverer Smit, er å gjenopprette den fortida, då Australia var eit betre land – som ein ser bevis på i tittelen på det politiske partiet som ho grunnla: Reignite Democracy Australia.
Ho erkjenner at ho kanskje ikkje vil lykkast i retten, men ho er både uredd og bestemt. ‘Eg går heilt til retten, slik at det står i det offentlege registeret for alltid. Det handlar ikkje om at eg oppnår rettferd for meg sjølv, det er for alle som fortener å bli høyrt, men som ikkje hadde ressursane eller livsstilen til det. Eg håper dette vil bli folket si sak, ikkje berre Monica Smit si sak.’»
Saksyndig heiar på Modige Monica og støttar hennar kamp for å ansvarleggjere aktørane i eit av dei mest brutale covid-regima i verda.
