Etterretningstilsett innrømmer at FBI stod bak søksmålet mot Alex Jones – agentar var òg til stade under 6.januar-hendinga

Natural News skriv:

Sound Investigations har offentleggjort ein augeopnande video som kjem med nokre interessante innrømmingar om FBI, inkludert rolla dei spelte i Sandy Hook-søksmålet mot Alex Jones og tilstadeveringa av agentar i folkemengda 6.januar [2021].

Reportasjen er basert på samtalar med Gavin O’Blennis, ein tidlegare FBI-tilsett som no er under kontrakt som offiser for CIA.

Han innrømte til undercover-journalisten at FBI-agentar er jamleg til stade i folkemengder under demonstrasjonar i Washington D.C., inkludert på 6.januar, der dei observerer og ser kva dei kan finne ut om folka som er til stade. Han sa at han personleg kjende fleire agentar som var der den dagen, men trur at der ikkje var nok av dei der til å bryte opp folkemengda.

Han sa: «Eg meiner, vi snakkar her kanskje om 20 [agentar]. Du treng 1000 av dei for å bli kvitt den mengda.»

Han la til at FBI ikkje vil at folket skal vete at agentar var til stade i folkemengda den dagen, og la til at «det vil dei truleg aldri».

O’Blennis innrømte i tillegg at byrået stod bak det sivile søksmålet mot den politiske kommentatoren Alex Jones. Han skrytte over at dei «kan setje kven som helst i fengsel».

Då han vart spurt om denne fullmakta tydar at dei kan setje pro-life-personar [dei som er mot abort; oms.an.] i fengsel når dei måtte ønskjer, svarte O’Blennis: «Du kan so å seie setje kven som helst i fengsel dersom du veit kva du skal gjere.»

Undercover-journalisten spurde han å gå i detalj om korleis det fungerte, og han svarte at det berre handlar om å lure dei.

«Du skaper situasjonen der dei har ingen andre val enn å handle utifrå impuls. Og so fort dei handlar utifrå den impulsen – enkelte vil kalle det å framprovosere eit brotsverk [engelsk entrapment, tilsvarer politiprovokasjon], det er ei hårfin linje,» sa han.

Han seier at dei kjem ganske nær politiprovokasjon, men følgjer lova, og la til at FBI refererer til praksisen som ein «nudge» [«ein lett dytt»]. «Vi går so nær som vi kan utan å faktisk gjere det,» forklarte han.

Til dømes sa han at byrået kan skape eit «falskt innlegg» designa for å «trigge» nokon på sosiale media og oppnå ein viss respons. Dei kjenner allereie til historia til ein person og alt om vedkomande når dei gjer dette. «Nokon gonger tenner du berre lunta og sit der og ventar på kva som vil skje,» la han til.

FBI dreiv og forfølgde Alex Jones

Når det gjeld Alex Jones, sa O’Blennis at FBI hadde drive og forfølgt han «skikkeleg intenst», men har no mist interessa «fordi han er blakk» etter at han tapte søksmålet mot seg av familiane til offera etter Sandy Hook-skuleskytinga. Den fyrste dommen gav Jones ordre om å betale familiane til offera og ein FBI-agent som responderte på åtaket 1,5 milliardar dollar i erstatning, etter at han spekulerte i om hendinga var ein bløff, men dette vart seinare redusert til eit forlik på 85 millionar dollar betalt over ti år.

O’Blennis sa at FBI ønskte å teie han og dei følte det som om dei hadde lykkast. Sound Investigations spurde om målet var å slå han konkurs.

O’Blennis svarte: «Øh, det kan ein seie, og vi lét [Sandy Hook-]familiane gjere det.»

Han la til at sjølv om dei ikkje får folk til å gjere noko i slike saker, fortel dei ofte til dei at når ingen føderale statuttar er brotne, meiner dei at dei har ei god sivil sak om dei ønskjer å begjære ei slik ei, og so etterlate det til dei [å saksøkje].

Undercover-journalisten spurde om han [O’Blennis] sa at dei lét borgarane gjere jobben deira i slike tilfelle, og der svarte O’Blennis «jepp».

Han sa òg til undercover-journalisten at han er sikker på at Tucker Carlson er på radaren deira. «Du ønskjer alltid å gå etter dei største og mest høglytte,» la han til.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget